Ingen planar om å gje seg
– Eg er no ikkje 80 år lenger, slår Tordis Ørjasæter fast. Ho fylte 90 år i mars,
men kjem med ny bok i desse dagar, den tredje boka på tre år.
Då Tordis Ørjasæter gav ut boka om sonen Dag Tore i 1976, vart det hevda at kalde, intellektuell mødrer var årsaka til at born vart autistiske. Foto: Ottar Fyllingsnes
Foto: Ottar Fyllingsnes
BAKGRUNN
Tordis
Ørjasæter
Fødd i 1927
Norsk forfattar, tidlegare litteraturkritikar og professor i spesialpedagogikk
Har gjeve ut fagbøker om barnelitteratur, biografiar og romanar
Har fått Askeladdprisen, Brageprisen og Jonasprisen
1959: Debuterte med bok om barn i teater
1976: Boka om Dag Tore
1985: Biografi om Tove Jansson
1993: Biografi om Sigrid Undset
2000: Biografi om Nini Roll Anker saman med Jo Ørjasæter
Aktuell med Kjærligheten har sitt eget språk – En mors fortelling

LITTERATUR
ottar@dagogtid.no
Ho er på veg til Asker og Bærums Budstikke i drosje då Dag og Tid ringjer og ber om eit intervju. 90-åringen sjekkar raskt kva som står på programmet dei neste dagane. Ho vil helst ikkje ha meir enn eitt oppdrag om dagen. Difor svarar ho som skodespelaren Per Aabel gjorde på 90-årsdagen: «Man er jo ikke lenger 80.»
Ho gav ut den første boka si for snart 60i år sidan. Sist veke var det lansering av Kjærligheten har sitt eget språk – En mors fortelling. Ørjasæter vender tilbake til temaet frå Boka om Dag Tore, som ho gav ut for meir enn 40 år sidan. Der handlar det om den autistiske sonen som ikkje hadde noko språk. No har Dag Tore enkelte korte setningar, og kring desse har ho bygt boka.
På 1950-talet studerte Tordis pedagogikk, og ho byrja som barnebokkritikar i Nationen. Der arbeidde Jo Ørjasæter, og Oslo-jenta gifta seg med sonen til den kjende diktaren frå Gudbrandsdalen. Etter tida i Nationen vart ho litteraturkritikar i Dagbladet. Der tok ho seg av barnelitteraturen, fram til ho vart beden om å søkja jobb på Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Det enda med at ho vart professor. Fram til ho nærma seg 50 år, ville ho ikkje ha nokon 9–16-jobb. For Dag Tore var heime i helgene, og ho ønskte tid til å ta seg av dei to andre borna.
I dag bur Tordis høgt og fritt i niande etasje i ei bustadblokk på Majorstua i Oslo. Opp gjennom åra har ho skrive nærare 20 bøker, særleg om barn og bøker, men slår fast at den siste var vanskelegast å skriva.
– Kvifor?
– Av di eg opplevde at her har eg sjansen til å teikna eit bilete av Dag Tore. Eg ville så gjerne at folk skulle sjå kor spennande og verdfulle desse menneska er, dei som ikkje strekkjer til på vanleg vis. Forfattaren og filosofen Inga Bostad har sagt det så fint: «Det er mye som ikke viser seg på en CV; en mors erfaringer med et multifunksjonhemmet barn for eksempel». I boka støttar eg meg på fleire andre forfattarar, og siterer dei ofte.
– Kva vonar du at ei slik bok kan føra til?
– Eg håpar sjølvsagt at ho skal auka respekten for enkeltmennesket og få folk til å skjøna at dei som ikkje snakkar eller greier seg sjølv, er like mykje verde som alle andre. Eg trur til og med at ho kan vera eit korrektiv i eit samfunn som vårt, der det er krav om at ungdommen skal vera så vellukka og flott. Utviklinga mot det perfekte skremmer meg. Heller ikkje som gammal får ein vera i fred. Ein skal helst vera ung og vellukka med god stilling og mykje pengar. Oppi dette vert eit menneske som Dag Tore eit kjempekorrektiv. Han har inspirert meg, seier Tordis Ørjasæter.
I hjørnet Dag Tore framleis har i stova, ligg det ein bokstabel med biletbøker.
Det var i 1955 at Tordis og Jo Ørjasæter fekk Dag Tore. Etter kvart skjøna dei at han ikkje kom til å takla talekunsten, og i oppveksten stod problema i kø for familien. No har det gått mange år, og Dag Tore er 62 år. Han har det bra og bur på ein liten, men god institusjon i Asker. Sidan han vart fødd, har Tordis Ørjasæter arbeidd mykje for å få fram bøker for funksjonshemma born. Ho har vore oppteken av å sjå det normale, uansett handikapp, og slått fast at handikappa treng både kunst, bilete og musikk.
Boka om Dag Tore var ei pionerbok. Ho kom på mange språk, blant anna japansk, fransk, tsjekkisk, svensk, dansk, islandsk og færøysk. Etter at boka kom ut i Japan, fekk Tordis Ørjasæter fleire brev frå japanarar. Det kom også ein delegasjon frå Japan som bad om å få sjå staden der Dag Tore budde, og dei henta inspirasjon til å byggja opp ein liknande institusjon i Japan.
– Folk visste svært lite om autisme den gongen. Men det fanst ein teori om at det var kalde, intellektuelle mødrer som var skuld i at dei fekk autistiske born, fortel Ørjasæter.
Ho viser til teoriane om dei såkalla «kjølekapsmødrene». Sjølv fann ho ikkje annan løysing enn å søkja hjelp hjå ein røynd psykoanalytikar.
– No har ein gått heilt bort frå den teorien, men den gongen var ein hudlaus og tok det innover seg. Det som berga meg, var psykoanalytikaren som sa det beste nokon har sagt til meg: «Viss du har gjort barnet ditt autistisk, er det ikkje eit barn i heile Noreg som ikkje ville vore autistisk».
Tidlegare fanst det berre store institusjonar kringom i landet, og då Dag Tore var liten, var det ikkje barnehageplass for han i Bærum. Det enda med at dei fekk plass til han i Oslo, og køyrde han fram og tilbake. Etter barnehagen var det ingen vanleg skule for Dag Tore, og det var vanskeleg for foreldra.
– Situasjonen for den som får eit handikappa barn i dag, er heilt annleis enn for 60 år sidan. Det har skjedd ei haldningsendring, men det er framleis mykje som manglar. No får borna i alle fall plass i barnehage og skule, og foreldra får avlastning. Eg har lese Olaug Nilssens nye bok, Tung tids tale, og ho viser kor slitsamt og vanskeleg det er. Det er framleis viktig å visa respekt for dei som er handikappa, og stå fast ved at dei er like verdfulle som andre.
Tordis Ørjasæter har reist mykje og snakka om kor viktig bøker er for psykisk utviklingshemma og for utviklinga av språket. Ho har halde foredrag om temaet både i Mexico, USA, Vest- og Aust-Europa.
Blant Tordis Ørjasæters mange bøker er det tre biografiar om kjende, kvinnelege forfattarar. I mange år arbeidde ho med biografien om Sigrid Undset, og det vart både salssuksess og Bragepris då han kom ut i 1993.
Ho hadde personleg grunn til å fatta interesse for Sigrid Undset, som også fekk eit handikappa barn.
– To menneske var inspirasjonskjelda til biografien om Sigrid Undset: Det var Undsets dotter Maren Charlotte Undset Svarstad og min eigen son, Dag Tore Ørjasæter. Dottera til Sigrid Undset hadde stadige krampeanfall og sjukdommar, ho skreik mykje og trong at nokon alltid passa på henne, fortel Ørjasæter.
Ho omtalar Sigrid Undset som eit fantastisk spennande menneske.
– Eg grov meg ned i bøkene og fann mykje stoff. Eg er svært imponert over kor kunnskapsrik og klok ho var. Tidleg på 1930-talet, før folk skjøna kva det dreia seg om, gjekk ho ut mot nazismen. Eg kunne vera usamd med henne i mykje, men arbeidet med biografien gjorde livet mitt rikare.
Sjølv om Ørjasæter vart ferdig med biografien, vart ho ikkje ferdig med Sigrid Undset. Ho skreiv tre bøker til som tok for seg ulike sider av den kjende forfattaren. Og ho vart også reiseleiar for Roma-turistar som ville gå i Undsets fotefar. Det byrja då ho var 66 år, og ho heldt på til ho var 80.
– Det vart 45 turar til saman, men så skjedde katastrofen.
Ektefellen fall ned frå eit tre i hagen heime i Bærum, og døydde brått, og det endra livet til Tordis Ørjasæter.
– Eg hadde ikkje bakkemannskap heime lenger, og valde å gje meg som reiseleiar. I fjor haust freista eg på nytt, men då hadde eg assistent med meg. Eg elskar Roma, og i mars feira eg 90-årsdagen min i byen.
Tordis Ørjasæter held framleis foredrag om Sigrid Undset, så sant det ikkje er så langt å reisa. Og på Undsets fødselsdag stod Bjerkebæk, heimstaden til Undset på Lillehammer, på programmet.
– Eg held fram med det eg alltid har gjort: held føredrag og skriv bøker. Hadde eg vore flink husmor som laga store middagar, hadde eg halde fram med det, men det gjer eg ikkje. Eg gjer det eg alltid har gjort.
I arbeidet med Undset-biografien las Tordis Ørjasæter mykje, og ho kom over mykje spennande stoff om forfattaren Nini Roll Anker. Det enda med at ho skreiv biografien om henne i lag med ektefellen.
– Det var ei veldig fin tid. Jo kunne alt eg ikkje kunne. Han tok seg av kulturhistorie og samfunnshistorie, og skreiv det meste, medan eg tok for meg innsamlinga og den personlege vinklinga av stoffet.
Tordis Ørjasæters tredje biografi, som kom ut i 1985, handlar om Mummitrollets «mor», den finlandssvenske forfattaren Tove Jansson.
– Eg budde på Hanaholmen utanfor Helsingfors i ein periode, og møtte henne annankvar dag. Tove Jansson var ei spesiell kvinne, og eg vart god ven med henne. Ho var eit varmt og vakkert menneske. Ho hadde store vanskar i høvet til far sin, men ho elska og dyrka mora. Problema til Tove Jansson kjem fram i vaksenlitteraturen, fortel Ørjasæter, som skreiv biografien slik Tove Jansson ønskte han.
På veggen i stova på Majorstua har Ørjasæter fleire av Tove Janssons karakteristiske teikningar frå 1940.
– Mummitrollet er med i alle samanhengar.
I tillegg til bøkene om Dag Tore har Ørjasæter skrive to bøker om eige liv. Dagen og dagene er ein roman som er basert på personlege røynsler då ektefellen døydde, og for eit par år sidan kom I hodet på en gammel dame.
– Når vert ein gammal?
– Eg kan seia nøyaktig då eg vart gamal. Det var ein julidag i 2006, dagen då Jo døydde. Det var eit sjokk. Eg var 79 år og såg meg sjølv i spegelen. Før den tid var eg i full gang, og eg hadde ein mann som tykte eg var bra nok som eg var. Det var tøft å missa han, men eg måtte gå vidare. Det hjelpte å flytta frå det gamle huset me hadde i Bærum til ei moderne leilegheit på Majorstua. Eg var heldig som fekk skriveoppdrag, og gjennom arbeidet mitt fekk eg mange unge vener. Eg var spent på om eg orka å feira 90-årsdagen i Roma, men eg valde å ha med venene som betyr mest for meg. Det vart ei fantastisk oppleving.
– I hodet på en gammel dame snakkar du om «resignasjonens vanskelige kunst». Kva legg du i det?
– Det inneber å erkjenna at det er svært mykje eg ikkje kan gjera lenger. Eg kan ikkje gå fort på glatt føre. Eg kan ikkje symja, gå på ski eller sykla. Eg kan ikkje halda ein fest gåande i mange timar. Eg er avhengig av medisinering, men det brukar eg ikkje å snakka om. Gamle menneske som snakkar om sjukdom, er frykteleg keisame. Når du vert gamal, gjev du avkall på svært mykje. Samstundes veit du at kvar dag ligg det eit liv framfor deg, men du veit ikkje kva det vil innebera.
– Vert du meir religiøs med åra?
– Nei, for det har eg vore heile livet. For meg er gudstrua fundamental. Eg har ei dagleg bøn, og ho handlar om at den tida eg har att på jorda, må verta god.
– Har du kontakt med andre 90-åringar?
– Ja, eg har ein 91-åring som eg går tur med. Me går ikkje så langt. Ein time kanskje, eller rundt Sognsvann eller langs Akerselva.
– Les du mykje?
– Ja, men mykje er knytt til det eg arbeider med. Det ligg mykje lesing bak bøkene eg skriv. Før eg skreiv Kjærligheten har sitt eget språk, las eg om att Arne Skouen, Lars Amund Vaage og Halfdan Freihow. Eg freistar å halda meg à jour. Ruth Lillegraven, som eg laga antologien Disse dagene, dette livet. Dikt vi har sammen i lag med, har vore ein veldig god hjelpar. Ho har lånt meg bøkene til Elena Ferrante, Roy Jacobsen og Edvard Hoem. Eg er grenselaust heldig som har så mange gode vener. Karl Ove Knausgård har eg lese, men den siste, omdiskuterte boka til Vigdis Hjorth har eg ikkje orka å gje meg i kast med. Det er veldig god hjelp å lesa i alderdommen. Greier du det, vert du aldri einsam.
– Trur du at einsemd er eit stort problem i dagens Noreg?
– Ja, særleg for gamle. Ein kan ikkje unngå det, sjølv for meg med venene mine og arbeidet mitt. Barn og barnebarn har sine travle liv, og dei som er er jamaldra, døyr. Men det kan hjelpa om ein er oppteken av andre menneske. Ein må ikkje setja seg ned og synest synd på seg sjølv, eller venta at andre skal ringja og ha mykje tid til deg. Ein må ta initiativ sjølv.
Sjølv om ho er 90 år, har Tordis Ørjasæter slett ikkje planar om å gje seg som forfattar. Tidlegare har ho arbeidd med bøker om rim og rytme for språksvake born og kva skjønnlitteraturen kan fortelja om dei borna som er funksjonshemma.
– Anten dei er bøker for born eller bøker for vaksne, skaper dei nærleik og gjev oss informasjon. No vil eg skriva om slike bøker. Eg trur me treng dei. Eg er glad i å skriva, og skriv litt kvar dag, men når eg har skrive denne boka, har eg tenkt å gje meg, seier 90-åringen, utan å overtyda.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kan seia nøyaktig kva tid eg vart gammal.
Tordis Ørjasæter, forfattar og professor

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.