Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

«Skuta held så lenge ho knakar»

Oberstløytnant og forsvarssjef i Aust-Finnmark, Edvard Os, var svært oppteken av både målsak og militærvesen, og det kunne vera ei eksplosiv blanding.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1939 dreiv Edvard Os jakt på russiske spionar i Finnmark.I 1939 dreiv Edvard Os jakt på russiske spionar i Finnmark.I 1939 dreiv Edvard Os jakt på russiske spionar i Finnmark.I 1939 dreiv Edvard Os jakt på russiske spionar i Finnmark.

9339
20170331

Bakgrunn

EDVARD OS

Fødd på Nordfjordeid i 1885

Krigsskulen 1904–07

Militær høgskule 1907–09

Generalstabsoffiser 1911–20

Dagleg leiar i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag 1913–26

Driftsstyrar Noregs Boklag 1927–32

Sjef i Varanger Bataljon 1934–40

Forsvarssjef i Aust-Finnmark 1939–40

Språkkonsulent i forsvaret 1945–50

Skreiv mange bøker, skodespel og dikt

Døydde i 1970

Aktuell i biografien Målsak, strid og kultur

BIOGRAFI

ottar@dagogtid.no

Han var ein ektefødd nordfjording frå garden Øvre Os på Nordfjordeid, men han flytta tidleg til Oslo.

– Han utvikla tidleg ein sterk antipati både mot makta, øvrigheita og bergensarar. Han var oppteken av å ta vare på både kultur og bondestand og alt det dei stod for, slår pensjonisten Bendik Os frå Nesøya fast.

Nyleg gav han ut bok om bestefar sin, den svært så markante nordfjordingen Edvard Os.

SLAGSMÅL I OSLO

I 1902 kom Edvard Os til Oslo for å ta artium. Eit par år seinare fekk han i oppgåve å halda russetalen ved Wergelandsstatuen i Studenterlunden, men der var det så mykje folk at nordfjordingen ikkje kom seg fram til talarstolen. Brått dukka det opp ein svær brande. Os treiv mannen i bukselåret og forkynte at han var talaren, og mannen tok den unge gymnasten og svinga han lett opp på den høgre aksla. Det viste seg at Os hadde støytt på sirkusdirektør Karl Norbeck, og han gjekk for å vera «verdas sterkaste mann». Oppe på aksla grov Os fram manuset, og han byrja talen – på nynorsk. Det førte til både hyling og piping blant riksmålsrussen. Dei freista å dra talaren i beina og riva han ned. Då dei ikkje fekk han ned, byrja dei å stikka han med paraplyskaft, stokkar og fanestenger. Dei kasta skit og småstein og anna dei grov opp frå plassen, men Os hadde sine meiningsfellar på plass. Dei var kraftige bondegutar, og i striden som følgde, flaut det blod på båe sider. Klede vart rivne og skor nedtrakka, før politiet kom og gjorde slutt på striden. Dermed kunne eit par kraftige karar lyfta talaren opp på akslane, før dei sette i med «Dei vil alltid klaga og kyta» – og marsjerte bort i god takt.

– Samanstøyten var som ein forløpar for det kjende Teaterslaget i 1913, slår Bendik Os fast.

NÆR KATASTROFE

Då Edvard Os voks opp, fanst det ei militær avdeling på Nordfjordeid, og der var det stor samling ein gong i året. Dette fekk Edvard med seg, og han vart fascinert. Han gjorde det bra på gymnaset, byrja på krigsskule og sidan på militærhøgskule, og kom etter kvart med i Generalstaben.

– Men han førte ein så beinhard målkamp mot riksmålsgeneralane at det vart vanskeleg å gjera karriere i militæret. Det må ha vore nær opp til katastrofetilstandar då den enkle nynorsken møtte det pompøse og formalistiske riksmålet, men Edvard var uredd. Konflikten byrja alt på Krigsskulen. Edvard Os var både stram, streng og konsekvent, og det kosta han dyrt.

I 1913 fekk han tilbod om å byrja som skrivar – eller dagleg leiar – for Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. På den tida flaut både mållaget og ungdomslaget litt rundt, og det var dårleg oversikt over både lag og medlemmer, men som dagleg leiar køyrde Edvard knallhardt for å etablera disiplin i rekkjene. Det fanst folk i mållaget som var misnøgde med den nye stilen, men Edvard meinte det var naudsynt å driva det så hardt. «Dette er steinbrytararbeid», uttalte han. I tillegg til å driva det hardt, skreiv han skodespel og fleire lærebøker for både mållag og ungdomslag. Dessutan reiste han kringom og heldt flammande taler. Det var fleire som hadde vanskar med å takla ein så arbeidsam sjef, og organisasjonen vart sett på store prøvar. Til det svarte Edvard Os: «Skuta held så lenge ho knakar.»

TOK SABELEN HANS

Frå 1913 til 1920, då han var dagleg leiar i båe laga, var han òg kaptein i Generalstaben.

– I forsvaret var det heilt utenkjeleg å praktisera jamstelling mellom bokmål og nynorsk, men Edvard gjekk heile tida til åtak på det innarbeidde norsk-danske språket i forsvaret. Då han var fristilt og ikkje lenger fast tilsett, heldt han i 1921 eit blodraudt foredrag i Bergen. Der skulda han offiserane for å vera språksabotørar, isterbukar og åndelege sveklingar. Det fekk generalane høyra, og det enda med at Edvard fekk 28 dagar i kakebu. Han vart fråteken sabelen – eller «sitt verge» – som det heitte. Det førte til at ein kaptein høgtideleg kom heim til han for å henta sabelen, og det var noko av det verste som kunne skje ein offiser. Han vart sett i kakebu, men det første han gjorde var å slå opp i den militære lovgjevinga, og der stod det at han som offiser ikkje skulle fråtakast «sitt verge». Han klinka til med eit godt grunngjeve brev til kommanderande general, og skulda han for tenesteforsøming. Det førte til at generalane måtte bøya nakken, og den stakkars kapteinen måtte levera sverdet tilbake. Det var ein stor siger, og både Halvdan Koht og Olav Midttun hylla han. Men det var ein gryande opposisjon mot Edvard blant målfolket på Vestlandet. Dei tykte at han hadde fått for stor makt. I 1926 måtte han gå frå stillinga som dagleg leiar. I staden vart han sjef for Noregs Boklag, men også der enda det med at han måtte bøya nakken etter nokre år.

VILLE BRENNA PASVIK

I 1932 gjekk han tilbake til forsvaret og vart major i Garden, men han arbeidde intenst med å få til ei språklov i statstenesta.

– Men Edvard ville opp og fram, og i 1934 fekk han jobb som oberstløytnant i Sør-Varanger. Dette opplevde han nok som ei utplassering utan tilbakeverkande kraft. Utover på 1930-talet kom sovjetiske fly innover Finland for å driva spionasje over Noreg. Bestefar fekk beskjed frå Generalstaben at han måtte skjerpa overvakinga av russarane. Han vart beden om å etablera ei stilling som han kalla «fretteoffiser» eller etterretningsoffiser, og løytnant Karl A. Martinsen frå Mehamn vart tilsett. Han var NS-medlem og notorisk anti-bolsjevik, og friviljug spionerte han på russiske sympatisørar på finsk side nattetid, fortel Bendik Os.

Martinsen skulle seinare verta både berykta og frykta. Han avanserte til politigeneral og stod sentralt i deportasjonen av dei norske jødane, før han vart avretta av Heimefronten.

– I november 1939 byrja Vinterkrigen mellom Sovjet og Finland, og Stalin rekrutterte ukrainske soldatar til oppdraget i nord. Dei hadde knapt nok sett snø før. Dei fraus og var konstant på jakt etter hus å bu i på finsk område, men finnane byrja å brenna husa og flykta over Pasvikelva til Noreg. Dei første dagane av desember i 1939 var svært dramatiske i grenseområdet. På éi natt kom det 1500 flyktningar frå Finland. Det var på denne tida at Edvard sende det famøse telegrammet til general Carl Gustav Fleischer. Der viste han til at når finnane brenn hus, kan me risikera å få russarane over på norsk side, og då kan me like godt brenna husa på norsk side også. Han ville bruka det ein kalla «den brende jords taktikk», som skulle gjera det mindre interessant for russarane å ta seg over til norsk side. Men general Fleischer gjekk mot ein slik plan. Ifølgje ein anekdote vart Edvard Os fråteken kommandoen som forsvarssjef for Aust-Finnmark som resultat av brevet om brenninga, men det stemmer ikkje. Han heldt fram med å vera bataljonsjef, fortel Bendik Os.

KAPITULASJONEN

Etter slaget ved Narvik kapitulerte den norske regjeringa i byrjinga av juni 1940.

– Finnmark vart som eit herrelaust land, og som bataljonsjef og sjef for grensevakta var Edvard Os nokså åleine i nord. Han hadde kommando over norske soldatar halvannan månad etter kapitulasjonen, men som den siste norske offiseren gav han over kommandoen til tyskarane 25. juli 1940. Etter kapitulasjonen bad general Otto Ruge alle dei norske offiserane om å signera med eit militær æresord som sette forbod mot å gripa til våpen mot tyskarane, og dei fleste gjorde det. Men etter det tyske åtaket på Russland og Måløy-raidet frykta tyskarane at norske offiserar skulle organisera ein profesjonell kamp mot okkupasjonsmakta. I 1943 bad tyskarane alle dei norske offiserane skriva under på eit mykje skarpare æresord. Det kunne ikkje offiserane gå med på, og meir enn 1100 norske offiserar vart sende til Polen, men ikkje til Auschwitz. I Polen vart dei behandla som offiserar, og dei vart verande der – til russarane kom. Då offiserane vende heim, vart dei ikkje møtte med jubel. Her heime var parolen at det var Heimefronten som hadde kjempa mot tyskarane, og det var ikkje lett å vera heimvend offiser som nærast vart skulda for friviljug å ha gått i tysk fangenskap.

Etter krigen tok Otto Ruge kontakt med Os. Han viste til at no måtte ein passa på at språket ikkje vart utvatna av for mange engelske kommandoord og uttrykk. Os vart tilsett som språkkonsulent i Forsvars- og Kulturdepartementet. Han meinte at det var trong for eit sentralt organ som kunne passa på språket. Regjeringa greip ideen og supplerte med akademikarar, og tidleg på 1950-talet fekk me Norsk Språkråd.

– Edvard Os var både framfus og stri, men denne stilen var naudsynt i ei tid der to landsomfattande organisasjonar skulle finna form og struktur. Difor bles det ofte hardt kring skrivarkapteinen der han for fram, summerer Bendik Os opp.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Edvard Os var både framfus

og stri, men denne stilen

var naudsynt.

Bendik Os, biograf

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis