JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Blei med dyra inn i skogen

I sin nye, dystopiske roman tar Ingeborg Arvola revens perspektiv. Skogen er tømt for dyr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norsk-finske Ingeborg Arvola gir ut sin syttande bok.

Foto: Cappelen Damm

3714
20180105
3714
20180105

Den norsk-finske forfattaren Ingeborg Arvola er bokaktuell på nyåret med Vilkår for liv der vi får innblikk i tankane både til forskaren Vemund og til Ni, ein rev i skogen. Boka er Arvolas syttande: I 1999 debuterte ho med romanen Korellhuset, ei bok om det å sakne ei mor. I Vilkår for liv går handlinga føre seg i skogen. Det er lite dyr att, for dei fleste dyreraser er utrydda.

– Eg trur det begynte med at eg skreiv: «Min far var den siste hannreven.» Der og då var det for å framheve reven Ni, skilje henne ut, men det vart også ein premiss. Viss han var den siste, var det ikkje fleire. Når Nis mor døyr, er det berre fire ho-revar att.

– Kva vil du seie med boka? Er det ei samfunnskritisk bok?

– Ja, Vilkår for liv er samfunnskritisk. Det også. Eg har tenkt ein del på grunnvatn og jordsmonn og på kva vi menneske seier og gjer. Matjord forsvinn i rekordfart. Eg synest det er skummelt at dette problemet ikkje har ein større plass i kvardagen. Men først og fremst er dette boka om reven Ni. Det var då ho vart skapt, at boka tok form rundt henne.

– Er det første gong vi får høyre tankane til eit dyr? Kvifor har du valt dette grepet?

– Eg har nytta det før, men det var ikkje eit medvite val frå starten av. Ni og Vemund blir merksame på kvarandre i skogen. Kanskje kjenner dei att noko i den andre? Eg starta med nokre tekstar om revar som var møtereferentar i ei slags dystopisk verd. Då var eg utanfor tankane. Eg skildra utanfrå, og det blei ikkje bra. Berre når dyra var dyr i skogen, vart tekstane levande. Så eg blei med dyra inn i skogen – nærmare pelsen, potane, luktene, instinkta.

– Mange vil åtvare mot å «menneskeleggjere» dyr. Kva tenkjer du om det? Treng dyr røysta vår?

– Det er mange som åtvarar mot mykje. Eg trur ikkje det skader å sjå verda frå andre perspektiv. Vi er alle inne i boksane våre, kva enn dei består av. Eit par av favorittbøkene mine er Flukten til Watership av Richard Adams og Tor Åge Bringsværds Minotaurus.

– Du skriv romanar både for unge og for vaksne. Men fellestrekket er at du ofte gir barn eit andlet. Kvifor det?

– Ei av årsakene er at eg ofte skriv betre tekstar om barn og unge, enn når eg til dømes forsøkjer å skrive krim. Og så går eg til dei gode tekstane og finn stundom gull. Ei anna årsak er at min eigen barndom lever i meg. Eg er barnsleg og leiken. Ei tredje er at Walter Benjamin klarer å skildre blikket til barnet: Det er som å gå seg vill i ein by du kjenner ut og inn. Tankane hans om tekst har hange ved meg sidan eg studerte litteraturvitskap.

– Korleis klarer du å gje ut så mange bøker, i tillegg til å vere dramatikar og manusforfattar i barne-TV?

– Sanneleg om eg veit. Eg har stor glede av å dikte og skrive, og er ikkje spesielt kritisk. Sannsynlegvis er det dobbelt så mange bokprosjekt som aldri har blitt noko av. Eg trur eg er genial, heilt til kalddusjen er eit faktum. Stipend og støtte hjelper på. Dei fleste av oss kan jo ikkje leve av å skrive bøker.

– Kva inspirerer deg? Nyttar du eigne erfaringar?

– Ting som morar eller som sjokkerer. Ho unge jenta frå ein religiøs by i USA som vart gravid medan ho låg i koma, og der barnet blei fødd fordi familien var abortmotstandarar. Eg skreiv min versjon i Livet i et skilpaddeskall. Eller guten frå ei øy utanfor Tromsø som prøvde å knipe av tennene sine med ein diger tang, fordi han vart mobba for dei. Den historia er så trist at eg ikkje har fått henne bra til. I Vilkår for liv finst mykje frå mitt eige liv. Ni blir stilt framfor problemstillinga om å vere eit individ eller vere i ei gruppe, noko eg sjølv har bala med i alle år.

Elise Løvereide

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis