Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Blix-salme i kvitsunn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elias Blix, teikna av sonen Ragnvald Blix.

4633
20190809

150 år med norsk kyrkjesong

Elias Blix

I år er det 150 år sidan Elias Blix gav ut det vesle heftet Nokre Salmar. Gamle
og nye (1869), den aller fyrste salmeboka på norsk.

Dag og Tid markerer dette kulturspråklege vasskiljet med ein serie artiklar
om Blix.

Del 5

Eg vil her ta fram ein pinsesalme, der det fyrste verset går slik: «Kved opp, Guds folk, syng høgt i kor! No er det kvitsunnhelg på jord. Guds Ande kjem med heilag glo, kved opp, Guds folk, med helgaljod!» (Norsk Salmebok 2013, nr. 235).

Kvitsunn er det vestnordiske ordet for pinse. «Då kvitsunndagen kom, var dei alle samla», står det i konfirmasjonsbibelen min (Apostelgjerningane 2.1). Tilsvarande er ordet på færøysk og islandsk. I ein Blix-salme er det kvitsunnhelg, ikkje pinse.

Eg merkar meg uttrykket «heilag glo». Dette er nok knytt til omtalen av eldtungene i Apostelgjerningane. Endå to gonger er ordet «glo» å finna i salmen. I vers 7 i versjonen som står i Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular (Arne Garborg og Ivar Mortenson, 1885), vert det konstatert at «vaart hjarta utan deg er daudt (…) som aare utan eld og glod». Og i vers 8 ser vi ei bøn: «Kom ned med glod i sloknad brand!»

Eg merkar meg vidare ordet «Kom!» Både vers 6, 8, 9 og 10 tek til med dette ordet. I vers 8 er «kom» endåtil brukt fire gonger: «Kom ned med liv i aude land! Kom ned med glo i slokna brann! Kom ned som sol på frosne eng! Kom ned som ljod på tagna streng!» I ein lett forståeleg biletbruk uttrykkjer salmediktaren her ei bøn, ei påkalling av Guds ande. Kom og vekk oss opp, gjev liv, kveik, ljos og varme!» Og så ljod, jamfør «Kved opp».

Dei fyrste versa har mest ei forteljande form. Det handlar om Guds ande som kjem. Ikkje berre kom, men «til si kyrkje enno kjem». Ja, «uti sin heilagdom til alle som gjev honom rom». Han kan opplevast på ulike vis, i storm og i stilla. Det er til hjarta han går inn: «som ljoden av ein heilag song, så underleg ei toneferd som helsing frå ei høgre verd». Sterke, vakre uttrykksmåtar, spør du meg.

Dei siste versa har mest ei bøneform. Det er her ordet «Kom!» har fått sin heilt spesielle plass. Her ligg nok ein tanke og ei meining bak. Bøn er viktig. Blix er i salmane sine elles ein truslærar. Gjennom det heile er han her tett på Luthers forklaring til tredje trusartikkelen: «Eg trur at eg ikkje av eige vit eller eiga kraft kan tru (…) Men Den Heilage Ande har kalla meg» og så vidare. Det går ikkje utan.

Blix har endå ein kvitsunnsalme: «Kom, Heilag Ande, himmeltrøyst (Norsk Salmebok 2013, nr. 516). Her så å seia vrimlar det av ordet «kom» – i tre sterke vers, ein bønesalme, mellom anna med orda knytte til anden si gjerning: «Kom til din kyrkjelyd og Kristus for oss tyd!»

Blix formidlar kristen lære i salmane sine. Ofte vil ein kunna finna bibelreferansar. Men ikkje mindre typisk er biletbruken, i stor grad henta frå naturen rundt oss. Dette med pinse og anden har for mange gjerne fått noko visst mystisk, merkverdig ved seg. Ikkje slik hjå Blix. I folkelege ord og uttrykk får han gjort det overnaturlege til noko livsnært. Ei frukt av dette kan vera oppleving meir av himmel på jord.

Ivar Molde

Ivar Molde er pensjonert sokneprest på Voss
og redaktør av Stille Stunder.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kved upp, Guds folk, syng høgt i kor!

No er det kvitsunhelg paa jord,

Guds ande kjem med heilag glod.

Kved upp, Guds folk, med helgaljod!

Han til si kyrkja enno kjem

som fordom i Jerusalem.

Han kjem uti sin heilagdom

til deim, som giva honom rom.

Han stundom kjem i storm og eld,

det ljonar gjenom kyrkje-tjeld.

Han kjem og i den stille ljod,

det leikar lint i hug og mod.

Daa merkar hjartat mang ein gong

som ljoden av ein heilag song,

so undarleg ei toneferd

som helsning fraa ei høgre verd.

Velkomen sæle kvitsundag!

No kjenna me Guds andedrag,

no vaknar livet ved hans ord,

som skapning ny utyver jord.

Kom livsens ande, dauden driv!

Og fød i oss ditt eiget liv!

Kveik upp din kjærleik i vaar hug

og styrk oss med din eigen dug!

Vaart hjarta utan deg er daudt,

som turre landet audt og snaudt,

som aare utan eld og glod,

som harpa utan maal og ljod.

Kom ned som liv i aude land!

Kom ned som glod i sloknad brand!

Kom ned som sol paa frosne eng!

Kom ned som ljod paa tagnad streng!

Kom ned din varme til kvar gard,

der kulden enn ligg tung og hard,

og tendra upp det liv av Gud

fraa fjellmanns heim til fiskar bud!

Kom ned til oss med tunga ny,

so lovsong stig fraa bygd og by,

til med din englekor ein gong

me syngja skal den nye song!

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania, Huseby 1885. Elektronisk utgåve 2003 ved
Jon Grepstad.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis