– Elsk dei demente også
– Først vert du mor, så vert du bestemor, før du vert mor til di eiga mor. Det er ikkje lett.
Forfattar Sólrún Michelsen.Forfattar Sólrún Michelsen.
Foto: Fonna Forlag
BAKGRUNN
Sólrún Michelsen
Forfattar frå Færøyane
Fødd i 1948
Debuterte med barnebok i 1994
Har gjeve ut barnebøker, ungdomsbøker, fantasy, dikt, salmar, noveller og romanar
Aktuell med to romanar på norsk

LITTERATUR
ottar@dagogtid.no
Slik har det vore for den færøyske forfattaren Sólrún Michelsen (69). Ho har skrive roman om å ta seg av ei dement mor.
Så langt er Sólrún Michelsen ukjend for dei fleste norske lesarar, men denne sommaren er to av romanane hennar sette om til norsk. Den eine til nynorsk, den andre til bokmål. Oppsvinget heng blant anna saman med at Michelsen vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2015 for romanen På den andre sida er mars. Dei to forlaga Fonna og Orkana var båe interesserte, og fekk sette om éi bok kvar.
SLUMPEN AVGJORDE
Sólrún Michelsen har arbeidd både i Telegrafverket og IT-firma på Færøyane, før ho vart direktør i eit engrosfirma i Torshavn. Ho debuterte litterært først då ho var 45 år, og sidan 2008 har ho vore forfattar på heiltid.
Det byrja med ei barnebok i 1994.
– Eg hadde aldri tenkt at eg skulle verta forfattar. Det var slump at det vart slik. Eg skreiv nokre historier om barndommen min for å syne skilnaden mellom born på 1950-talet og 1990-talet. Det var mest for borna og barneborna mine, men dei tykte at historiene fortente å koma i bok, og slik vart det. Det var spennande å skriva, og difor heldt eg fram.
Sidan har det vorte både barnebøker, ungdomsbøker og fantasybøker. Michelsen har også skrive dikt for både born og vaksne, og i den færøyske songboka har ho fleire salmar.
– Kvifor fantasybøker?
– Det byrja med at den vaksne dottera mi las fantasybøker heile tida, og eg spurde om ho ikkje kunne lesa noko meir fornuftig. Ho spurde om eg nokosinne hadde lese ei fantasybok. Det hadde eg ikkje. Ho gav meg Wizard’s first rule av Terry Goodkind, ei bok på 1100 sider, og eg fann ut at eg måtte skaffa meg grunnlag for eigne meiningar. Eg vart fanga. Etter kvart tenkte eg at det kunne vera bra med ei færøysk fantasybok. Dette var før Harry Potter, og dei to bøkene mine fekk god mottaking. born elskar eventyr.
FOR MANGE ANTENNER
Sólrún Michelsen har alltid hatt sansen for dei som står på sidelina eller utanfor i samfunnet.
– Den første novelleromanen min, Sprinkeljenta, handlar om tida då eg var born, på 1950-talet. I etterkrigstida var det ikkje mykje pengar blant folk, og alt var litt primitivt. Det var ikkje sosiale ytingar, og det hende at born vart ståande utanfor. Var dei sjuke, vart borna sende til Danmark, og då kom dei ikkje tilbake. Den gongen reiste ikkje færøyingane mellom landa, slik dei gjer i dag.
Sprinkeljenta handlar om ei jente som veks opp bak sprinklar, og som har mykje å kompensera for som vaksen.
– I dag synest folk at det var heilt forferdeleg, det som skjedde, men det tykte me ikkje den gongen. Det var kvardagen.
SJØLVBIOGRAFISK
Den andre romanen hennar, På den andre sida av mars, er punktvis og poetisk. Forteljaren er i byrjinga av 60-åra og kan slå fast at den kortaste delen av livet står att. Det er ei forteljing om ei gamal mor som er på veg ut or livet, og om dottera hennar og barneborna. Mora bur åleine, men får stadig større vanskar med å greia seg. Ho vert stadig meir dement, men sjukeheimplass får ho ikkje. Utover i romanen forsvinn ho gradvis, og til slutt er ho borte.
– Det er ein sjølvbiografisk roman?
– Det er ei slags poetisk filosofering over livet. Eg passa mor mi då ho vart dement, fordi ho ikkje fekk plass på pleieheimen, og eg skreiv ned mine daglege inntrykk. Då ho var død, såg eg på notata på nytt, og konkluderte med at det kunne vera materiale til ei bok. Mange er i same situasjon, men det vert ikkje snakka om det. Det er tabu. Du skal ta deg av foreldra dine fordi dei har teke seg av deg. Du har ikkje lov til å verta trøytt eller lei. Innimellom var det slik at eg ikkje orka meir, men i boka har eg ført inn dei fantastiske barneborna mine som lyspunkt.
– Det var krevjande å verta mor til di eiga mor?
– Det er ei merkeleg schizofren forvandling. Ho gjekk frå å vera den du går til, til å verta den som kjem til deg. Det er lett å sjå på dei demente som born, men ein må ikkje behandla dei som det.
FOR STERK FOR SOMME
Sólrún Michelsen har fått svært mange reaksjonar frå folk som kjenner seg att i romanen.
– Sjokkerande mange tok kontakt og takka for boka. Men det fanst dei som ikkje orka lesa henne. Ho gjekk for sterkt inn på dei. Det overraska meg. Eg må ha gjort noko rett.
Overgangen frå å vera kvikk og rask til å verta dement er stor for mange, ikkje minst for den næraste familien.
– Mor er eit nesten heilagt ord, men på den andre sida er det også jordnært. Det spenner så vidt. Mor mi var fantastisk. Ho var alltid glad, lys og veldig romantisk. Eg har berre godt å sjå tilbake i barndommen, men ikkje alle born har det.
– Oppi alt det problematiske er det ein fin humor i boka.
– Samvær med demente vera svært morosamt. Dei har langt større verd og vinkel enn andre. Viss ein ikkje vil akseptera at menneske vert demente, vert det ein kamp, for då vil du så gjerne at dei skal vera som dei brukar vera. Men gjev du deg endeleg over og slappar av, kan livet likevel vera bra. Dei demente kan vera som born med stor fantasi om alle moglege merkelege ting.
– Er frykta for demens overdriven, om ein vel å sjå positivt på det?
– Ja. Me er redde for det me ikkje kjenner eller forstår. I dag skal alt vera på ein bestemt måte, og når det ikkje er plassar nok til dei gamle på pleieheimane, sidan fleire lever lenge, vert dei buande heime. Då kan det praktiske vera det vanskelegaste. Dei går oppe om natta og fell i trappene, og må passast på heile døgeret.
– Har du eit råd til 60-åringar som må ta seg av demente foreldre?
– Folk og situasjonar er ulike. Mor mi var positiv heilt til ho døydde; det betyr mykje når dei gamle ikkje ser negativt på alt. Gode råd: Berre elsk dei!
– Du skriv om å nyta dei gode augneblinkane?
– Ja, for det er mange av dei. Me gøymer dei sjuke og gamle så me skal sleppa å sjå dei. Det var annleis før, då tre generasjonar levde i lag under same tak. No er det som ein følgjer seg sjølv til døra. Som 60-åring veit du at om 20 til 25 år er du i same situasjonen som mor di er i no, og det er ein augeopnar. Det er framtida di du betraktar, frå første benk.
– Er det eit mål å verta 100 år?
– Mannen min seier: Vert eg dement, så ta pistolen og skyt meg, seier Michelsen og ler.
– Det bestemmer du ikkje, seier eg. Ønskedøden i dag må vel vera å få eit hjarteattakk og falla død om medan ein er nokolunde frisk. Vi ønskjer ikkje å sitja på ein pleieheim i ti og tjue år, men det er no ikkje opp til oss.
BLØMER HEILE TIDA
Så langt er Sprinkeljenta sett om til tysk, dansk og norsk, medan På den andre sida av mars har kome ut i Danmark og Noreg.
– På Færøyane vert det gjeve ut mange bøker, men med 50.000 innbyggjarar er me så fåe at det ikkje er grunnlag for bestseljarar. Skal me ha ein sjanse, må me få sett om bøkene, og til det treng ein pengar. Me freistar å få dei ut i utlandet, men det er vanskeleg, og her på Færøyane må me konkurrera med mange av dei beste utanlandske bøkene som vert sette om til færøysk.
– Det finst eit svært aktivt musikkliv på Færøyane. Er den litterære aktiviteten like stor?
– Ja, eg trur det. Her er det mykje kunst på gateplan. Det boblar og blømer heile tida, særleg i musikken, men det er også mange unge som skriv.
ER IKKJE REDD
Sólrún Michelsen har gjort ferdig ei novellesamling som ho vonar å få ut til hausten.
– Kva likar du best å skriva om?
– Eg elskar å skriva barnebøker og fantasybøker, men likar noveller også. Dei er overkomelege. Du slepp å bala med ein idé i tre år.
– I ei færøysk melding av På den andre sida av mars skriv meldaren at boka er ulik alt som er skrive på Færøyane tidlegare?
– Ja, eg har teke opp emne det ikkje har vore snakka om. Tek du for deg materiale frå den verkelege verda, seier folk gjerne at du har skrive om den og den. I eit lite samfunn er det vanskeleg å skriva utan å verta skulda for å utlevere andre menneske.
– William Heinesen fekk kjeft for å ha brukt levande modellar frå Torshavn.
– Ja, i mange år vart han skjelt ut, og det vart hevda at «fuglen drit i sitt eige reir».
– Fryktar du skuldingar for å ha brukt levande modellar?
– Nei, når ein vert gamal, er ein ikkje redd. Då kan ein køyra på som ein vil, og det er herleg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det fanst dei som ikkje kunne lesa boka. Ho
gjekk for sterkt inn på dei.
Sólrún Michelsen, færøysk forfattar
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.