– Vil ikkje verta ståande uimotsagt
Det er ikkje tvil om at vi har avdekt misvisande kjeldebruk i Hva visste hjemmefronten? av Marte Michelet. Kjeldebruken hennar bryt med vitskaplege standardar.
I 2018 var våre første reaksjonar på Michelets kjeldebruk knytt til framstillinga hennar av fluktorganisasjonen Carl Fredriksens Transport. I den nye boka Tilsvar. Svar på motboken til Hva visste hjemmefronten? trekkjer ho no påstandane tilbake mot einskildpersonar i denne fluktorganisasjonen. Det er snakk om eit heilt kapittel i boka hennar som no skal skrivast om. Dette hadde neppe skjedd om vi ikkje hadde gått grundig inn i materialet og kritisert korleis Michelet har handsama kjeldene.
Men elles verkar Tilsvar som ein freistnad på å bortforklara den problematiske kjeldebruken i dei andre kapitla vi har sett nærare på. Ein må ha god kjennskap til kjeldene for å avdekka desse rasjonaliseringane. Vi kjem ikkje til å la dette stå uimotsagt, og vi vil koma tilbake med ein detaljert gjennomgang for å visa kva Michelet gjer.
Det er oppsiktsvekkjande at ho framleis forsvarar døma vi har peika på av endringar i sitat og sitatkutt. Forklaringane Marte Michelet gjev, er lite tillitvekkjande. Dessutan meiner ho at nye kjelder vi viser til i vår bok, berre underbyggjer hennar eigne konklusjonar. Med unntak av det misvisande kapittelet om Carl Fredriksens Transport innrømmer ho ikkje stort.
Reint overordna gjer ho mykje det same som Espen Søbye i boka Hva vet historikerne? og skuldar oss for å underkommunisere antisemittismen i motstandsrørsla. Vi avviser ikkje at slike haldningar eksisterte, men vi peikar på at andre faktorar var utslagsgjevande for kor mange jødar som vart berga.
Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen
Dei tre historikarane er forfattarar av Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forklaringene Marte Michelet gjev, er lite tillitvekkjande.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.