COm verda og oss
Biologiprofessor Dag O. Hessen har skrive bok om kor gale det kan gå med verda. Ja, kor gale kan det eigentleg gå?
Dag O. Hessen er professor i biologi ved Universitetet i Oslo.
Foto: Anne Valeur
– Du har skrive ei bok om klimaendringar og tap av artsmangfald, Verden på vippepunktet – hvor ille kan det bli?, så la oss starte med tittelen. Kva inneber det når du skriv at verda er på vippepunktet?
– Det er ein tittel vald for å vekke merksemd, provosere litt og kanskje skape litt undring blant dei som ikkje kjenner omgrepet vippepunktet. Eg påstår ikkje at verda vil bikke over på katastrofalt vis, men diskuterer kva slags vippepunkt vi veit kan kome i natursystema, klimasystema, karbonsyklus. Eg ser også på kva sosiale, normative og kulturelle vippepunkt vi har i samfunnet. Vi har både farlege og positive vippepunkt, og alle er potensielle.
– Kort oppsummert, kor gale kan det gå?
– Tittelen er dystopisk, men boka er i og for seg ikkje det. Eg synest det er viktig å stille spørsmåla som forsikringsbransjen stiller, og som vi alle stiller før vi gjer noko risikofylt. Kor ille kan det gå? Med tanke på klimaet er det ultimate vippepunktet om vi kjem i ein situasjon der temperaturen er fem gradar over der vi er i dag. Eg trur ikkje det vil skje, og eg hevdar at menneska ikkje vil døy ut og kloden ikkje kollapse. Så kan vi rette oss mot meir sannsynlege og lokale scenario, som at Grønlands-isen når eit irreversibelt nedsmeltingspunkt, eller at Amazonas når eit punkt der ho tørkar ut.
– Korleis kan du vere så sikker på at menneska vil klare seg og verda ikkje vil kollapse?
– Ingen kan vere heilt sikker, men det er mi heilage overtyding. Kloden har vore gjennom store prøvingar før, og har hanka seg inn, men med eit anna artsinventar. Det er som med meteoren som tok knekken på dinosaurane og opna for oss og andre artar. Eg blir forbausa over kor mange som tenker at det som skjer etter meg eller 1000 år fram i tid, er irrelevant. Eg tenker at vi har eksistert i 300.000 år, og det er ingen grunn til av vi ikkje skal eksistere om 300.000 år. Meininga må vere at menneska ikkje skal leve på nødbluss, men ha rimeleg bra vilkår i overskodeleg framtid.
– I desse koronatider ser ein at styresmaktene er villige til å gripe kraftig inn i folks kvardag for å hindre rask smittespreiing og kollaps i helsevesenet. Kan politikarar lære noko av denne krisehandteringa når dei skal finne løysingar på klimaendringar og tap av artsmangfald?
– Eg meiner jo det. Ein ser at ein både nasjonalt og overnasjonalt har dei musklane ein treng. Det har noko med oppfatning av krise å gjere. No har vi ei momentan krise, som potensielt rammar oss sjølve eller nokon vi kjenner. Det aukar insentiva til å gjere noko. Med klimakrise og tap av naturmangfald oppfattar ein ikkje krisa på same måte. Det gjer det vanskelegare å mobilisere. Fienden er vi sjølv og vårt eige forbruk – det er ikkje ein klar ytre fiende. Somme meinte at ein måtte lære også av finanskrisa i 2008. Då var det tilbake på same spor, business as usual, med ein gong. Men då hadde vi ikkje så mykje teknologi, ein kunne ikkje få ei anna energiforsyning. I dag er vi òg på eit vippepunkt mot ei anna haldning til miljø og klima. Alle vippepunkt krev at tida er inne. Spørsmålet er, når børsen er tømd for risikovillig kapital, om det øydelegg sjansen. Eg håpar ikkje det.
Christiane Jordheim Larsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.