Lange reiser i litteraturen
Først brukar lesesirkelen minst eit par år på å lesa ein roman. Så reiser lesehestane til staden som er omtalt i boka.
Den trojanske hesten ved inngangen til ruinane etter Troja. Øvst: Randi Avelsgaard og Sigrid Hegre. Nedst: Anja Ristad, Monica Holen og Lars Moa.
Foto: Per Wangen
Bakgrunn
Leseselskapet
Ulysses-odysseen
Vart skipa i 2001
Har lese desse bøkene:
Ulysses av James Joyce, Den skarpsindige lavadelsmann Don Quijote av la Mancha av Miguel Cervantes Saavedra, Brødrene Karamasov av Fjodor Dostojevskij, Den gudommelege komedie av Dante Alighieri, Faust av Johann Wolfgang von Goethe, Iliaden og Odysseen av Homer og U – Historier om djevelskap av Carl Jóhan Jensen

LITTERATUR
ottar@dagogtid.no
Det har ført dei til Irland, Spania, Russland, Italia, Tyskland, Hellas og Tyrkia, og til hausten går turen til Færøyane.
ULYSSES
Det byrja med ein fødselsdag i Stjørdal i 2001. Der møttest Lars Moa og Robert Skrede, og dei byrja å snakka om romanen Ulysses av James Joyce. Båe hadde byrja på han fleire gonger, men gjeve opp. I bursdagen kom dei fram til ei løysing. Kvifor ikkje samla ein gjeng som kunne vera til hjelp i gjennomgangen?
Då Ulysses kom ut på 1990-talet, vart det selt mange bøker, men det er god grunn til å tru at mange av dei vart ståande i bokhylla – ulesne. Det same gjeld truleg mange andre tjukke klassikarar.
– Mange har nok hevda at dei har lese både Don Quijote og Den gudommelege komedie. Eg hadde aldri greidd å koma gjennom Don Quijote åleine, seier Lars Moa.
TI DAGAR I ÅRET
Tanken bak lesesirkelen i Stjørdal var at dei skulle lesa boka høgt for kvarandre.
– Det vart sendt ut invitasjon til folk som kunne vera interesserte. Me var båe lærarar, og dei fleste invitasjonane gjekk til lærarar. Det kom om lag 20 på det første møtet. Sidan fall nokre frå, men me har vore mellom 13 og 17 heile tida.
Den gongen lesehestane byrja, fanst den irske puben Lille Dublin i Stjørdal. I andreetasjen var det eit rom med motiv frå Irland på veggene, og dei kalla inn til møte der.
– Me la opp til å lesa bøker som var vanskelege å koma gjennom åleine, og skulle møtast ein laurdag i månaden på dagtid. To og ein halv time vart sett av for å lesa høgt eit visst sidetal frå august og utover til april–mai, kanskje ti laurdagar i året. Etter kvart vart det eit mål å få inn ein del tilleggsstoff om forfattaren, boka eller tida då ho vart skriven. Sidan føddest ideen om å dra til Irland og Dublin etter å ha lese boka. Me byrja med sparing og innbetaling av ein sum kvar gong me møttest.
– Det vart vel ikkje berre litteratur på Lille Dublin i Stjørdal?
– Folk var skeptiske til det mørke ølet i starten, men etter kvart vart dei fleste fans av både Guinness og Kilkenny.
TIL DUBLIN
I Ulysses er handlinga lagt til éin enkelt dag i Dublin – 16. juni 1904.
– Me fann fort ut at lesinga passa godt med 100-årsdagen for Bloomsday, som det heiter i Irland. Me las boka, reiste til Dublin og var med på jubileet i 2004. Det var den første turen me hadde i lag, og det var fantastisk. Det var eit omfattande program, og me fekk med oss svært mykje interessant og artig på den turen, fortel Moa.
Litt mediemerksemd vart det også. NRK hadde ein medarbeidar i Dublin, og det vart laga innslag til Norge Rundt om trønderar på tur.
– Kanskje er det ein av dei få gongene det har vore noko frå utlandet i Norge Rundt, undrar Moa.
Også Adresseavisen laga fyldig reportasje om litteraturturen.
Lesesirkelen i Stjørdal har teke for seg bøker som høyrer til i verdslitteraturen, og Moa understrekar at det kjennest godt å ha lese dei. I staden for å sleppa å lyga på seg at dei har lese boka, kan dei seia at dei faktisk har lese henne.
– Undervegs i lesinga var det fleire av oss som kjøpte den engelske utgåva av Ulysses. Der finst det hundrevis av fotnotar og forklaringar, og me har brukt ein del av dei. Fleire i lesesirkelen har skaffa seg andre Joyce-bøker dei har lese, og det har eg gjort sjølv også.
DOSTOJEVSKIJ
Seinare tok lesesirkelen for seg Brødrene Karamasov av Dostojevskij.
– Etter at me hadde vore i St. Petersburg og Staria Rossia, vart eg heilt hekta. No har eg lese dei fleste av bøkene til Dostojevskij som har kome på norsk. Me har hatt flotte turar, blant anna til Toledo og La Mancha, der Don Quijote går føre seg. Men også til Firenze og Sienna. Og til Tyskland og Leipzig og Weimar og Frankfurt. Dei siste bøkene me las var Homers Iliaden og Odysseen, og etter det reiste me både til Tyrkia og Hellas.
TIL FÆRØYANE
I oktober skal lesesirkelen til Færøyane, men først skal dei gjera seg ferdige med Carl Jóhan Jensens mursteinsroman U – historier om djevelskap, som kom på nynorsk for nokre år sidan, i Lars Moas omsetjing.
– Sjølv om eg har sett om boka, får eg aha-opplevingar når me les henne på nytt. Språkleg var ho ei av dei vanskelegaste bøkene eg har sett om, men samstundes svært interessant. I boka brukar eg mykje av den norske ordskatten som ikkje er til bruk til dagleg, slik Carl Jóhan Jensen har brukt den færøyske ordskatten.
EI SALIG BLANDING
Dei norske kritikarane var begeistra for denne ordrikdommen, men for vanlege folk kunne det vera vanskeleg å skjøna alle orda som er brukte.
– Kva synest lesesirkelen om boka. Er det for mykje djevelskap?
– Det har nok hendt at dei har sukka over at det ikkje er lyspunkt i boka, men dei reagerer når det endeleg kjem noko som ikkje berre er djevelskap. Alle er nok klare over at det ikkje finst så mykje konsentrert djevelskap, verken på Færøyane eller i noko anna land. Men dette er no ei bok som handlar om djevelskap, og difor har det vorte slik.
SPRÅKDISKUSJONAR
Lars Moa har fortalt om lesesirkelen i Stjørdal til mange, men kjenner ikkje til at andre har våga seg til med liknande opplegg.
– Eg vil absolutt rå folk til å ta for seg bøker som mange har prøvd seg på, men som har vorte ståande i bokhylla, seier han.
– Me er ulike, men det har vore interessant å bli kjend med folk ein ikkje har i omgangskrinsen. Det har vore fleire diskusjonar om språk, og ikkje alle er like begeistra for nynorsk, seier Moa.
ALDERSSPREIING
Lesesirkelen har medlemmer frå 40 til 75 år. Når nokon melder seg ut, er det som regel fleire som har lyst til å koma inn. Etter mange års røynsle har dei kome fram til at 14–15 er det ideelle medlemstalet, og med så mange er det plass til alle i ein minibuss når dei er på reis. Førebels veit ikkje Lars Moa kva bok lesesirkelen skal ta for seg neste gong, men det skal medlemmene avgjera på demokratisk vis.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dette er ikkje
Vaffelhjarte II.
Maria Parr, forfattar
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.