Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Måtte tilbake

– Eg måtte sjå Farc-folka i augo. Difor reiste eg inn i jungelen då geriljaen leverte inn våpena i fjor, fortel Sigrun Slapgard.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar og journalist Sigrun Slapgard då ho møtte att kjende i Las Vueltas i El Salvador.

Foto: Privat

7941
20180309
7941
20180309

Litteratur

ottar@dagogtid.no

Tidlegare har ho skrive biografiar, romanar og dokumentarbok. Ho har arbeidd i utanriksredaksjonen i NRK i mange år, men sa opp i fjor for å skriva på heiltid. No ligg Eg har sett jaguaren, med undertittelen «Latinamerikanske historier» på bordet.

– I mayamytologien er jaguaren tvisynt, med kontakt med underverda. Dei seier ein må ta på seg maska til jaguaren for å overleva i jungelen.

Det har tatt tid å få ferdig boka, som handlar om menneske som vil gjere noko for andre.

– Det er fleire år sidan eg kasta det første manuset. No har eg fått fram ei sannare røyst, og eg har kome nærare meg sjølv, med den eine foten i fjellbygda Skåbu ved Vinstra og den andre foten i Latin-Amerika, seier ho.

Avgjerande møte

Då Slapgard som 11-åring var på biblioteket på Vinstra, oppdaga ho at det fanst ein aztekarsjokolade. Foreldra hadde òg éin fot i det norske og éin i det internasjonale, og Sigrid Undsets romanar stod i bokhylla saman med alle dei andre bøkene.

– Far var bestemt. Spurde eg om noko, måtte eg finna ut av det sjølv, og eg vart sendt på biblioteket eller til oppslagsverka. Det var reine oppdagingsferda, og eg vart heilt borte i bøkene. På ungdomsskulen skreiv eg særoppgåve om aztekarkulturen. Eg sa at eg ville verta journalist og reisa verda rundt, men norsklæraren sa nei og nei og nei. Det passa seg ikkje for ei jente. «Du skal driva med litteratur, du Sigrun», sa han. Og han fekk no rett på eit vis, då eg gav med i kast med Undset-biografien.

Då ho studerte spansk i Barcelona i 1970-åra, var det mange flyktningar frå El Salvador i Spania, og Slapgard vart kjend med fleire.

– Eg opplevde det som om eg vart kjend med landet, og sidan voks det fram eit sterkt engasjement for menneskerettar. Det vart danna Latin-Amerika-grupper og drive solidaritetsarbeid. Eg møtte leiaren for Menneskerettskommisjonen i El Salvador, Marianella Garcia Villas, og det vart avgjerande for meg. Ho utfordra meg og sa at eg måtte dra til El Salvador om eg meinte alvor med engasjementet mitt, og det gjorde eg i 1983. Då var det full borgarkrig i landet, og det var min første krig.

Amerikansk napalm

Slapgard reiste som frilansjournalist, og ho laga radioprogram for NRK og artiklar for Dag og Tid.

– Reisa vart formande for mykje av det eg har gjort seinare. Det var ei sterk oppleving, og eg har freista å skildra det i boka. Marianella var i forkledning, og eg kjende henne ikkje att. Ho hadde sterk mistanke om at det var brukt amerikansk napalm i El Salvador, og det greidde ho å bevisa. Kort tid etter at eg møtte henne, vart ho drepen.

– Korleis var det å reisa inn i eit land i borgarkrig?

– Ein kjenner seg gjerne ung og udøyeleg, og eg var ikkje veldig redd. Det budde no trass alt folk der, midt i krigen, men eg har vorte reddare med åra. I boka er det eit sterkt «her og no», og dette «no-et» har vorte tydelegare etter at eg møtte nonna Laura i Oslo. Ho var samarbeidspartar med erkebiskop Oskar Romero og seinare Marianella Garcia Villas, og er den einaste overlevande i gruppa som dreiv menneskerettsarbeid i El Salvador. Fem gonger var det berre flaks som gjorde at ho slapp unna døden. Ho kom til Noreg i 1985 og i fleire år var ho sjukepleiar på Ullevål sjukehus. No er ho ferd med å venda heim til El Salvador for å bruka kreftene der.

Generelt amnesti

Under den tolv år lange borgarkrigen i El Salvador var det minst 50.000 menneske som forsvann eller vart drepne, men sjølv om det vart slutt på borgarkrigen i 1992, er det framleis eit farleg land. Likevel har Slapgard besøkt landet mange gonger.

– No gjeld det å sikra dei historiske minna, og mykje er avhengig av kven som skriv historia. Det handlar om å sjå historia i lys av biografien til det enkelte mennesket, og det er viktig for meg at personar som Marianella vert hugsa. Ein landsby har fått namn etter henne, og namnet hennar er blant dei 30.000 som står på ein stor minnevegg. I El Salvador er dei i gang med historieskrivinga, men ingen er straffa for drapet på Marianella. Det vart gjeve eit generelt amnesti, og berre få har måtta svara for at dei var medlemmer av dødsskvadronar. Enkelte generalar, som har budd i utlandet, har vorte utleverte til El Salvador, men det har gått sakte.

Møte med Farc

I boka skriv Slapgard om reiser til Argentina, Guatemala og Colombia, og om dramatiske møte. Somme hugsar nok intervjua ho gjorde med Ingrid Betancourt, som var fange hjå Farc-geriljaen i mange år.

På 80-talet reiste Slapgard til Argentina, der 400 born forsvann på slutten av 1970-talet. Dei samfunnsengasjerte foreldra vart drepne, og argentinske offiserar stal borna deira. I boka fortel Slapgard om to slike born, Catalina og Guido, som for få år sidan fekk vita sanninga om kva som hadde skjedd.

– Far til Catalina var offiser og medansvarleg for drapet og forsvinninga til dei biologiske foreldra hennar. Siste gongen eg møtte henne, var ho framleis ikkje klar for å konfrontera han. Til slutt fann ho ut at ho måtte ta spranget. Ho konfronterte han i ein rettssal, og då svarte han at «du er same bermen som mor di». Men det var forløysande for henne, og det verka som om ho vart ein gladare person etter det. I dag sit den falske faren i fengsel.

Gje dei såkorn

Å få kjennskap til dramatiske historier forpliktar, slår Sigrun Slapgard fast.

– Difor måtte eg skriva boka. Dette er historier som har følgt meg i mange år, og som har betydd mykje for meg. Eg måtte inn att i jungelen i Colombia der Ingrid Betancourt sat fanga, og sjå Farc-folka i augo. Eg reiste dit i fjor, på den tida då geriljaen leverte inn våpena sine. Eg møtte folk som hadde med Ingrid å gjera, og blant dei var det ein Farc-leiar. Det var viktig for meg å finna ut kva Farc-leiarane tenkte om det dei hadde gjort. Eg er oppteken av at dei skal stå til rette, og at det skal vera eit rettsoppgjer, og då må nokon vera i stand til å reisa rundt og stilla spørsmål.

– I boka har eg lagt den objektive journalistrolla på hylla, og eg løyner ikkje at eg er opprørt over det eg opplever. Men samstundes har Farc vakse fram i eit land der berre ein svært liten del av folket eig 80 prosent av jorda. Farc er skapt av den himmelropande urettferdige fordelinga av ressursane i landet. Det er ikkje tvil om at makt korrumperer, og det gjeld også Farc-leiarane. Ein av dei berykta kommandantane eg møtte, har drive både våpenkartell og narkohandel, men skal ein unngå krig på nytt, må Farc behandlast bra. Ein må snakka med slike folk. Gje dei såkorn, så dei kan dyrka jorda.

– Kva skjer i Colombia no?

– Det er ei svært spennande tid for landet. Snart er det kongressval, og Farc er garantert fem delegatar i kvart kammer, til saman ti. Og i mai er det presidentval. Farc-leiaren var presidentkandidat, men han har trekt seg. President Juan Manuel Santos, som fekk Nobels fredspris, har vore den største garantisten for fredsavtalen. Men han kan ikkje stilla på nytt, og då vert det ein svært farleg situasjon. Difor er denne våren avgjerande for Colombia. Det har vore mange hemnaksjonar, og paramilitære har teke livet av 38 Farc-medlemmer. Mange borgarrettsforkjempar er drepne, og det kokar under overflata. Det er oppretta ein slags sanningskommisjon for forsvunne, og det har vore eit hovudmål å få til eit rettsoppgjer med ei form for erstatning eller oppreising.

Også i El Salvador er det spennande tider.

– Der har partiet til den gamle geriljarørsla hatt regjeringsmakta sidan 2014, og det seier litt om det folkelege grunnlaget. Det skal vera kongressval i år og presidentval neste år. Snart dreg eg nok tilbake til både El Salvador og Colombia.

– Men ufarleg er det ikkje?

– Eg tenkjer ikkje så mykje på risikoen når eg reiser; det er skumlare å koma ut med ny bok, seier Sigrun Slapgard og ler.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I boka er det eit sterkt «her og no».

Sigrun Slapgard,
journalist og forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis