Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: NTB scanpix

Foto: NTB scanpix

2059
20170811

Advent

Decemberskumringens lave himmel,

lysets fall over mitt hus, en vrimmel

av døende liv, og alle veier sperret!

Som flerrende risp av saks mot lerret

fornemmes nervene splittet i to

døde rep, og hvor skal jeg finne ro

i dette avsidige markedskrik?

Denne skjænsel: vanskapte tankelik

fremført i pauvre tricks for aa slaa mynt,

og alt ved hjælp av kalk og laant pynt

og traader samlet i en paupers haand.

Og dette kunde bys et folk av aand!

CLAES GILL

Claes Gill (1910–1973), modernist og klassisist, kresen poet og storslagen skodespelar, ein ugløymande personlegdom – beyond category: «Konservativ? Jeg er ikke konservativ, jeg er reaksjonær!»

To diktsamlingar: Fragment av et magisk liv (1939), bunde i kryssfiner – og Ord i jærn (1942, utgjeven januar 1943), hefta i svart blendingsgardinpapp, med 33 dikt til saman. Pluss eitt einaste dikt seinare, skrive etter oppstanden i Ungarn 1956.

Ord i jærn, offentleggjord i eit land lagt i jarn, i ei tid då dei fleste norske poetar avstod frå å publisera dikt. I ei tid då andre verdskrig var ved å venda, etter nederlaget til tyskarane ved Stalingrad. Dei norske motstandsdikta som vart skrivne, verserte på folkemunne.

Finst det element av «motstand» i Claes Gills diktsamling – som hyllar Mozart og vestnorsk natur, reiser eit tankebygg i «Sten til et taarn», men teier om det dagsaktuelle. Eller?

Eg for min del har alltid lest diktet «Advent» som ein subversiv tekst, i eit koda språk sensuren ikkje gjennomskoda. Første del handlar om egets ubehagelege tilstand, med «nervene splittet i to/døde rep». Siste del: om naziregimets «skjænsel: vanskapte tankelik/fremført i pauvre tricks», av Goebbels propagandamaskin – det heile «samlet i en paupers haand», nemleg Adolf Hitlers.

Tyskarane, som vi veit, var kjende som «et folk av aand»: med Beethoven, Goethe, Immanuel Kant, inntil det nye regimet tok over på 1930-talet. Det er i sistelina diktet får sin karakter.

Det var modig under krigen å kalle der Führer ein «fattiglem». I diktsamanhengen les ein «pauper» som «ein ynkeleg figur».

JAN ERIK VOLD

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis