Då det juridiske Noreg svikta Grunnlova
Styresmaktene viste større vilje til å setje sentrale rettstryggleiksgarantiar i Grunnlova til sides enn evne til å halde dei høgt under rettsoppgjeret i Noreg etter 1945.
Eit billass med landssvikdømde i 1945 på veg til ti års tvangsarbeid.
Foto: NTB scanpix
Rettsoppgjeret
janh@landro.bergen.no
Rettsoppgjeret jussnestoren Johs. Andenæs i si tid kalla «et eventyr», får ein heilt annan karakter i boka Grunnlovens største prøve. Rettsoppgjøret etter 1945. Rettshistorikar og lektor ved Kragerø læringssenter, Lars-Erik Vaale, har saumfare norske og utanlandske arkiv og bibliotek etter eit utal primær- og sekundærkjelder som til no har vore lite nytta i forskinga.
Medforfattar, statsvitar og professor ved Universitetet i Tromsø, avdeling Harstad, Baard H. Borge, seier at arbeidet dei to har utført saman, representerer det første forsøket på å analysere tilhøvet mellom Grunnlova og praksisen i rettsoppgjeret frå ein fleirfagleg ståstad.
Tre prinsipp
Dei viktigaste spørsmåla rettsoppgjeret reiste i samband med Grunnlova, fortel Borge, gjeld tre sentrale prinsipp:
Maktfordelingsprinsippet, slik det er nedfelt i paragrafane 3, 49 og 88. Under rettsoppgjeret var dei konstitusjonelle grensene mellom lovgivande, dømmande og utøvande makt til tider meir flytande enn faste.
Prinsippet om ingen dom utan lov, inga straff utan dom (paragraf 96). Behandlinga av tyskarjentene og tusenvis av NS-medlemmer og avgjerda om å ta frå landssvikmistenkte røysteretten utan at dei var sikta, er døme på brot med dette prinsippet.
Prinsippet om at inga lov må få tilbakeverkande kraft (paragraf 97) blei brote ved at mange blei dømde etter lover som var vedtekne etter brotsverka dei blei dømde for. Særleg kontroversielt blei dette i prosessane mot dei utanlandske krigsforbrytarane, som hadde eit svakare rettsvern enn dei norske medhjelparane sine når det gjaldt dødsstraff.
Passive
Av boka går det klart fram kor passive både lovgivarane, Stortinget, og dei fremste lovtolkarane våre, Høgsterett, var i rettsoppgjeret. Dette er spesielt i lys av at London-regjeringa hadde gitt ei rad provisoriske lover (lover som enno ikkje var godkjende av Stortinget), som tok sikte på å førebu det kommande rettsoppgjeret. Med desse særlovene utvida regjeringa ramma for straff og endra forma for rettargang, slår Borge fast.
– De skriv om «Gerhardsen-regjeringens håndtering av rettsoppgjøret». Ei slik formulering seier vel det meste om politisk styring av prosessen og føresetnadene for han?
– Heilt klart. Det politiske ligg ikkje minst i at ein, ved å gi lovene tilbakeverkande kraft, på førehand hadde bestemt kven som skulle straffast, og kva straff dei skulle få. Og lovmakarane viste stor kreativitet i å finne på straffeformer som tidlegare hadde vore ukjende i norsk rett, som å kombinere bøter med fengselsstraff eller gjere alle NS-medlemmer kollektivt erstatningsansvarlege for lovbrota partiet stod bak.
– Korleis kunne Stortinget og Høgsterett abdisere på denne måten?
– Det er særleg uforståeleg for Høgsterett, som naut stor respekt ved krigens slutt. Men intern usemje mellom dommarane med bakgrunn frå heimefronten og dei som ikkje hadde det, bidrog truleg til at den høgste domstolen ikkje involverte seg så sterkt. Det er lettare å skjøne for Stortinget, som stod igjen utan laurbær etter aprildagane i 1940. Så svekt var det at regjeringa langt på veg dikterte kva nasjonalforsamlinga skulle gjere.
– Det kan verke som om aktiv trenering frå regjeringa hindra Stortinget i å behandle dei provisoriske lovene medan det framleis var mogleg, altså før dei blei nytta i rettssaker?
– Ja, det minner i alle høve sterkt om trenering. Men det plaga nok ikkje så mange, for fleirtalet på Stortinget var lojale mot regjeringa. Så Stortinget vedtok heile pakka av provisoriske lover med berre mindre endringar. Heller ikkje Høgsterett gjorde nemnande endringar.
Beredskapslovene frå 1950, som skulle sikre demokratiet og rettsstaten i ein ny krigssituasjon, vidareførte autoritære trekk frå rettsoppgjeret ved å gi regjeringa nesten uinnskrenka makt, innskrenke pressefridommen og svekkje rettstryggleiksgarantiane. Dermed var viljen til å gjenta prinsipielle feilgrep frå fortida større enn evna til å hindre dei i framtida.
I strid med kutymen
– Korleis kunne Stortinget godta at regjeringa heldt fram med å produsere provisoriske lover etter at krigen var slutt og Stortinget samla igjen?
– Dette var i strid med all kutyme. På same vis som rettsoppgjeret var eit prestisjeprosjekt for Arbeidarpartiet, sytte fleirtalet i Stortinget for at partiet fekk viljen sin i dette òg.
– Kor «elastisk» toler Grunnlova å bli før det er fare på ferde?
– Ein skal ikkje tøye henne særleg langt i noka retning. I rettsoppgjeret snakka dei ansvarlege om å ta vare på «Grunnlovas ånd». Den «ånda» definerte dei sjølv, og det fekk mange uskyldige erfare.
– Kor mykje av den «frie» omgangen med Grunnlova skal tilskrivast «tidsånda» i dei første etterkrigsåra, og kor mykje kom av administrativ pragmatisme?
– Eg vil leggje mest vekt på tidsånda og heile den sterkt kjenslestyrte, hatske atmosfæren. Det blei snakka om «folkeviljen», men kven avgjorde kva dette var? Det var jo ofte dei som rapporterte til London-regjeringa, altså leiinga i heimefronten.
– Dei hadde ei heilt sentral rolle i planlegginga og gjennomføringa av rettsoppgjeret, mellom anna ved å formulere fleire av dei viktigaste provisoriske lovene oppgjeret blei styrt etter?
– Heimefrontsleiinga hadde ein eigen lovkomité som utarbeidde framlegg til provisoriske lover for rettsoppgjeret, stundom utan å skjele for mykje til Grunnlova. Deira innverknad kom særleg til uttrykk ved den spesielle kriminaliseringa av medlemskap i NS, den ideologiske hovudfienden deira.
Ved fleire høve skjerpa dei også lover regjeringa hadde utarbeidd – og fekk aksept for det. Dette var utan sidestykke i Europa. At personar utan offentleg mynde utforma retningslinjer for korleis rettsoppgjeret skulle gjennomførast, og kva lover det skulle skje etter, var uhøyrt og heilt ukonstitusjonelt.
Prinsipielt grums
Høgsterett har prøvingsrett, retten til å prøve om nye lover bryt med Grunnlova. I boka syner dei to forfattarane at dette var den høgste domstolen lite oppteken av. Fleire av dommarane viste seg dessutan heilt prinsipplause om eigen og kollegaers habilitet, og dømde etter lover dei under krigen hadde vore med på å lage.
Denne rolleblandinga fann ein på alle nivå i landssviksakene. Ein og same person kunne vere lovgivar, påtaleansvarleg, aktor og dommar, det var berre å skifte kappe for kvar ny sak, fortel Borge
– Framståande juristar peika på ei rad alvorlege brot på Grunnlova utan at dette fekk konsekvensar. Var vi på grensa til rettsløyse?
– Jon Skeie, vår einaste professor i strafferett, meinte at somme sider ved dei provisoriske lovene kvalifiserte til rettsløyse. Stortingspresident Carl J. Hambro skreiv i ei spissformulering at ein i landssviksakene følgde «veier som er stukket ut av tyskerne og ikke av demokratiene».
– Er det ikkje eit stort paradoks at dei rettane mange i fem år hadde kjempa for å vinne tilbake, var store delar av maktapparatet, og kanskje folk flest, no villige til å ta frå motstandarane, og slik senke seg ned på deira nivå?
– Absolutt. Då kongen kom heim, heitte det at no skulle rettsstaten gjenreisast og Grunnlova få tilbake sin status. Men det skjedde ikkje, for rettsoppgjeret var fullt av prinsipielt grums og hadde eit uryddig forhold til Grunnlova. At det gjekk så mange år utan at nokon har sett ord på dette, vitnar om at den glansa versjonen av historia har stått svært sterkt.
– Ingen har vel skrive meir om dette enn professor Johs. Andenæs?
– Han skapte eit for roseraudt bilde av det rettsoppgjeret han sjølv hadde vore ein del av som konsulent for påtalemakta og dommar i Høgsterett. I det han skreiv, hoppa han lett over det kritiske og unnlét å stille grunnleggjande spørsmål ved bruken av Grunnlova.
– Kva trur du resultatet ville blitt om rettsoppgjeret hadde vore basert på førkrigslovgivinga aleine, utan dei provisoriske lovene, slik fleire juristar tok til orde for?
– Det ville fått eit langt mindre omfang, utan dei kreative straffene, truleg ville berre helvta av NS-medlemmene blitt straffa. Ingen kunne fått dødsstraff, ingen ville blitt fråteken røysterett utan å vere sikta, det ville ikkje vore høve til å gi alle NS-medlemmer kollektivt ansvar – ein umogleg tanke før krigen. Ingen ville blitt dømd til å tape gard og grunn og alt dei åtte.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ein og same person kunne vere lovgivar, påtaleansvarleg, aktor og dommar, det var berre å skifte kappe for kvar ny sak.
Baard H. Borge
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.