Då Karl Marx stod opp att i Trier
Kina har gjort ære på Karl Marx ved å gje fødebyen Trier ein gigantstatue av filosofen.
Ikkje alle er like glade for gåva.
Ministerpresident Malu Dreyer talte ved avdukinga av gigantstatuen av Marx i heimbyen Trier. Han hevda at det ikkje var samanheng mellom filosofien til Karl Marx og dei tallause brotsverka som blei utførde i namnet hans.
Foto: Wolfgang Rattay/Reuters/NTB scanpix
Utanriks
halvor.tjonn@gmail.com
Sist laurdag var det 200 år sidan den tyske filosofen Karl Marx blei fødd i den tyske byen Trier i Moseldalen. Då blei det avduka ein kjempestatue av Marx midt i sentrum av byen.
Det nye monumentet står på territoriet til den demokratiske staten Tyskland, men ingen av kostnadene med statuen er betalte av Tyskland. Det var folkerepublikken Kina som fekk laga statuen, frakta han halve jorda rundt og sett han på sokkel i Trier. Kina er ein diktaturstat som fengslar politiske avvikarar og sensurerer alle meiningsytringar, og gåva har ført til hissig ordskifte i Tyskland.
Eiter og galle
Ein av dei som på førehand gjekk hardast ut mot Marx-prosjektet i Trier, var Hebertus Knabe. Han er sjef for dokumentasjonssenteret i Hohenschönhausen i Berlin, eit av dei illgjetne forhøyrs- og tortursentera til dei sovjetiske og austtyske hemmelege tenestene fram til DDR-staten braut saman i 1989/1990. Som ein av dei som er ansvarleg for å ta vare på minna frå DDR-tida, er Knabe ikkje uventa full av eiter og galle:
Ein statue av ein kontroversiell person må spegla av det motsetningsfylte i personen og invitera til kritisk debatt, sa Knabe i eit intervju med det tyske magasinet Cicero. Slik blir det ikkje i Trier. Gigantstatuen, som ragar fem og ein halv meter over bakken, er meint som ei eintydig hylling av Marx, og inviterer ikkje til refleksjon. Aller verst er det at statuen er gjeven som ei gåve frå Kina. Bystyret i Trier kunne gjerne markere at det er 200 år sidan Karl Marx vart fødd i byen. Men ein treng ikkje å leggja seg flat for diktaturet, meinte Knabe.
Kina til stades
Til avdukinga hadde styresmaktene i byen invitert eit par hundre gjester, mellom dei den kinesiske viseministeren for informasjon, Guo Weimin. Hovudtalen ved avdukinga vart halden av den sosialdemokratiske ministerpresidenten i delstaten Rheinland-Pfalz, Malu Dreyer. Ho hevda at det ikkje var samanheng mellom filosofien til Karl Marx og dei tallause brotsverka som blei utførde i hans namn i dei kommunistiske landa etter den russiske revolusjonen i 1917. 200-årsdagen er eit godt høve til å diskutera kva mannen stod for, ikkje til å feira han, sa ho.
Partiet Die Linke, det viktigaste venstrepartiet i Tyskland, skipa saman med det tyske kommunistpartiet ein demonstrasjon i Trier på dagen for avdukinga. Demonstrantane hylla Marx, samstundes som dei protesterte mot at borgarlege element prøvde å ufarleggjera verket hans og ta bort det verkelege innhaldet. Sara Wagenknecht, ein av dei fremste politikarane i Die Linke i dag, var oppteken av å forsvara Marx mot skuldingane om at det går ei direkte line frå tenkinga hans og fram til Moskva-prosessane, dødsmarkene i Kambodsja og massedrapa i Maos Kina:
«Dersom det skulle vera slik at alle er ansvarlege for dei brotsverka som blir gjorde i deira namn, då kunne det ikkje henga bilete av Jesus i noka kyrkje i denne verda. Marx gjekk aldri inn for eit autoritært politisk system eller ein sentralstyrt planøkonomi. Målet hans var demokrati», erklærte ho.
Slag i andletet
Ei av gruppene som kom til Trier for å seia meininga si om Karl Marx sist helg, var AfD, Alternative für Deutschland, som etter regjeringsdanninga i mars i år er det største opposisjonspartiet i landet. Partiet arrangerte ein marsj i sentrum av Trier for å minnast ofra for dei marxistiske diktatura, som talsmenn for partiet sa. Hovudparolen var ein vri på eit gamalt anti-fascistisk slagord. No heitte det: Nie wieder Marxismus – Aldri meir marxisme.
I ei kunngjering frå partiet blei det hevda at reisinga av ein ny statue av Karl Marx i Tyskland var eit slag i andletet på alle ofra for kommunismen. Ein burde heller reisa eit monument til minne om alle dei som vart drepne og torturerte i dei kommunistiske diktatura. Ein slik statue bør reisast i Trier – nett fordi det er fødestaden til Marx – og i Berlin, der monumentet over Marx og Engels enno står der det vart reist i DDR-tida.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.