Dauden i Tbilisi
Kvinnemuseet i Kongsvinger feirar forfattaren, pianisten og kulturarbeidaren Dagny Juels 150-årsjubileum med ei ny permanentutstilling og urframføring av eit tingingsverk.
Dagny Juel (1867–1901) portrettert av Edvard Munch i 1893.
Jubileum
sjur@dagogtid.no
I juni 1901 meska internasjonale aviser seg med skildringa av eit makabert mord i Tbilisi, hovudstaden i Georgia: Ein 34 år gamal forfattar var funnen død i eit hotellrom, skoten medan ho sat i ein stol. Kvinna var Dagny Juel frå Kongsvinger – ei berykta femme fatale frå Berlins bohemmiljø som i åra føreåt hadde gjort skandale med noveller og skodespel om sanselege kvinner. Kva var hendt?
Operakabaret
Det er i år 150 år sidan Juel kom til verda, noko Kvinnemuseet i Kongsvinger markerer med ny utstilling og nyskriven operakabaret, som hadde urpremiere på museet 16. september. Komponist og regissør er Henning Sommerro, og i rolla som Juel har han fått med seg sopranen Tora Augestad, akkompagnert av mellom andre Håvard Gimse på klaver.
Forfattaren er i dag meir kjend for måten ho døydde på enn for verket ho etterlét seg. Kven er det eigentleg dei feirar i Kongsvinger i år?
– Juel var pianist og forfattar som blei ein sentral skikkelse i seinbohemrørsla, særleg i Berlin, Warszawa og Kraków, der ho blei meir namngjeten enn her heime. Som kulturarbeidar introduserte ho norske kunstnarar til kontinentet; ho var den fyrste som omsette Sigbjørn Obstfelder til tysk og fekk i stand utstillingar for Edvard Munch, fortel Mona Pedersen, som mellom anna er ansvarleg for Kvinnemuseet, som held hus i Juels barnbomsheim i Kongsvinger.
Borgarleg bakgrunn
Som bohemar flest voks Juel opp i ein pen, borgarleg familie. Faren arbeidde som distriktslege, og mora var syster til den seinare Venstre-statsministeren Otto Blehr. Trass i borgarlege verdiar var heimen liberal; døtrene blei oppmoda om å ta utdaning, å søka seg ut og realisera seg sjølve gjennom kunst og kultur. Etter to år på pensjonatskule i Erfurt, hovudstaden i det som i dag er den tyske delstaten Thüringen, tok ho fatt på klaverstudiar, fyrst i Kristiania, så i 1892 i Berlin. Her blei ho del av bohemkrinsen som treftest i den legendariske stambula Zum schwarzen Ferkel – «den svarte grisungen» – der særleg polske og skandinaviske kunstnarar vanka, mellom dei Obstfelder og Munch.
Utfordrande
Men det var ikkje som pianist Juel gjorde seg namngjeten. I 1893, året etter at ho kom til Berlin, debuterte ho med novella Rediviva, der ho slo an det som blei tonen i mykje av resten av forfattarskapen: Frå fyrste stund skreiv ho utfordrande om utfordrande kvinner, fortel Pedersen.
– Det radikale var at ho i ei tid med sterk mannleg dominans gav det kvinnelege subjektet merksemd. I tekstane hennar er det mykje snakk om lagnad og død, gjerne gjennom trekantdrama. Dette minner jo om August Strindberg, men Juel såg det heile gjennom augo til kvinna. Som ei av dei fyrste skildra ho kvinnas begjær.
For bohemsk
Same året som ho debuterte, gifta ho seg med Stanislav Przybyszewski (1868–1927), ein satanistisk orientert ekspresjonistisk polsk forfattar i krinsen kring Zum schwarzen Ferkel. Men sjølv bohemane, dei som var så opptekne med å bryta alle konvensjonar, hadde vanskeleg for å akseptera tekstane hennar. Eit døme på det finn me i eit brev den svenske sosialisten Bengt Lidforss skreiv til Strindberg like etter ho hadde debutert: «Juel har nu valt sin handtering, og gripit pennan i stället for kuken. Hon skrifver noveller om kärlek, hordom, mord og annan dålighet.»
– Framhaldet til dette sitatet er endå verre, meiner Pedersen.
– Lidforss meiner nemleg at det verste med saka er at «’Polen’ seier det er bra». «Polen» var kallenamnet til ektemannen til Juel, Przybyszewski. Når det gjeld brotet med kjønnsstereotypiane i samtida, gjekk ho altså for langt jamvel for sine eigne bohemvener.
Ustabilt reisefylgje
– Korleis arta ekteskapet med Przybyszewski seg?
– Ikkje berre var han ein slask som var utru og drakk, han bidrog òg direkte til den tragiske lagnaden hennar i 1901. På dette tidspunktet hadde dei fått barn og var flytta saman i Warszawa. Planen var at heile familien skulle reisa til Tbilisi, men på jernbanestasjonen i Warszawa fekk Przybyszewski det plutseleg føre seg at ho burde dra åleine med sonen. Han ville nemleg vera åleine med ei av elskarinnene sine, fortel Pedersen.
Juel tok altså fatt på reisa, utan pass og pengar. Som om ikkje dette var gale nok, synte det seg snart at familievenen som hadde invitert dei til Georgia, Wladyslaw Emeryk, var mentalt ustabil. Der sat ho då med sonen i Tbilisi, utan pengar, men med ein riv ruskande gal mann – som skulle bli drapsmannen hennar.
Promiskuitet
– Dette gåtefulle mordet, var det eit sjalusidrap?
– Det heile er framleis uklart. Mordaren Emeryk skreiv fem brev, mellom anna til sonen og ektemannen hennar. På galenmannsvis freista han her grunngjeva drapet. Til ektemannen skreiv han at «eg gjorde det du skulle ha gjort for lenge sidan», og til sonen at «ho var for god for denne verda».
– Ektemannen Przybyszewski levde eit vilt liv, ikkje minst seksuelt. Gjorde Juel òg det?
– Mange mytar verserer kring det ustyrlege kjønnslivet hennar, at ho var elskarinna til Munch og til Strindberg. Eg trur dette har å gjera med at folk les verka hennar biografisk. Utover i ekteskapet med Przybyszewski hadde ho nok nokre affærar, men promiskuiteten hennar er nok temmeleg overdriven. For ho var svært knytt til ektemannen; sjølv om det var aldri så håplaust, såg ho på samlivet deira som lagnadsbestemt, seier Pedersen.
Skjøgeaktig dåm
Juel skreiv fleire skodespel, mellom anna Den sterkere (1895), det einaste av stykka hennar som blei publisert i Noreg medan ho levde, og Synden (1898), som blei framført i Praha og publisert på tsjekkisk. Ho fornya dramaforma gjennom å bryta med realismen og føregripa ekspresjonismen, den me finn i sein Ibsen og Strindberg. Settingane er symboltunge, ofte med marerittaktige eller beint fram surrealistiske sekvensar.
– Korleis blei ettermælet hennar?
– Drapet var jo ein stor skandale. Det var mest som ho sjølv blei gjort ansvarleg for drapet, for kva gjorde ho vel på utanlandstur utan ektemannen? Munch var den einaste som rykte offentleg ut og forsvarte henne posthumt, fortel Pedersen.
Skandalen førte til at det blei lagt lok på det kunstnarlege bidraget hennar, og det var ikkje før i 1970-åra ho fekk ein renessanse, ikkje minst gjennom arbeidet til Kvinnemuseet i Kongsvinger, seier Pedersen.
– I jubileumsåret vil me bort frå den musiske, skjøkeaktige dåmen som så lenga har innhylla Juel. Det er dei kunstnarlege prestasjonane hennar me vil fokusera på.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Når det gjeld brotet med
kjønnsstereotypiane i samtida,
gjekk ho altså for langt jamvel
for sine eigne bohemvener.
Mona Pedersen, Kvinnemuseet
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement