«Den allerede klassiske norske revyvisen ‘På Enerhaugen’, som ble skrevet til Chat Noir-revyen Folk skal trives i 1960 av Vardø-væringen Alfred Næss, favner noe av det fineste og ekteste Oslo eier (…) Da Arvid Nilssen, med sitt sorgmuntre ansikt og vesen satt på Chat Noir-scenens Enerhaug-benk og fremførte denne stillferdige, gripende, smilende og vemodige teksten – da var det vel neppe et menneske i salen som ikke følte det lille myke grepet om hjerterøttene.»
Slik skriv August Mauritzen frå Stavanger i revyteaterantologien Toner fra Tigerstaden (1979). Er det typisk at dei som ser og hyllar Oslo, kjem frå ein annan stad? Framleis finst det ikkje nokon dekkjande antologi med vers frå hovudstaden, sjølv om poetar som Henrik Wergeland, Olaf Bull, Gunvor Hofmo og Stein Mehren alle høyrer heime her.
Revyforfattaren Alfred Næss (1927–1997) kom til Oslo som tjueåring. Viser skreiv han frå han var ung. Han tek inn oslotonen – her folk frå austkanten, som seier «bakom vårs», «uløkker» og «sjæl fått i stand». (Eg har éi fundering: «trufast» – på oslomålet mitt heiter det «trofast».) Det finst eit platealbum med Alfred Næss’ tekstar, også med tittel Folk skal trives (Triola, 2000). «Maja var – grønn» kan på oslomål tyde mange ting. Her tyder det «var uskuldig».
Nokre realopplysningar: Enerhaugen ligg like ved Botsfengselet. Mange av trehusa der vart bygde privat, frå slutten av 1800-tallet – alle rivne rundt 1960. Grønland kirke står enno. Enerhaugens bad, utan symjehall, men med badstove (strofe 3), er borte. Arvid Nilssen (1913–1976) var ein guddomleg revyskodespelar. Melodien er av den danske Henrik Blichmann.
JAN ERIK VOLD
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
«Den allerede klassiske norske revyvisen ‘På Enerhaugen’, som ble skrevet til Chat Noir-revyen Folk skal trives i 1960 av Vardø-væringen Alfred Næss, favner noe av det fineste og ekteste Oslo eier (…) Da Arvid Nilssen, med sitt sorgmuntre ansikt og vesen satt på Chat Noir-scenens Enerhaug-benk og fremførte denne stillferdige, gripende, smilende og vemodige teksten – da var det vel neppe et menneske i salen som ikke følte det lille myke grepet om hjerterøttene.»
Slik skriv August Mauritzen frå Stavanger i revyteaterantologien Toner fra Tigerstaden (1979). Er det typisk at dei som ser og hyllar Oslo, kjem frå ein annan stad? Framleis finst det ikkje nokon dekkjande antologi med vers frå hovudstaden, sjølv om poetar som Henrik Wergeland, Olaf Bull, Gunvor Hofmo og Stein Mehren alle høyrer heime her.
Revyforfattaren Alfred Næss (1927–1997) kom til Oslo som tjueåring. Viser skreiv han frå han var ung. Han tek inn oslotonen – her folk frå austkanten, som seier «bakom vårs», «uløkker» og «sjæl fått i stand». (Eg har éi fundering: «trufast» – på oslomålet mitt heiter det «trofast».) Det finst eit platealbum med Alfred Næss’ tekstar, også med tittel Folk skal trives (Triola, 2000). «Maja var – grønn» kan på oslomål tyde mange ting. Her tyder det «var uskuldig».
Nokre realopplysningar: Enerhaugen ligg like ved Botsfengselet. Mange av trehusa der vart bygde privat, frå slutten av 1800-tallet – alle rivne rundt 1960. Grønland kirke står enno. Enerhaugens bad, utan symjehall, men med badstove (strofe 3), er borte. Arvid Nilssen (1913–1976) var ein guddomleg revyskodespelar. Melodien er av den danske Henrik Blichmann.
JAN ERIK VOLD
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.