Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Den alternative vegen

Ulf Nygaard, Ole Kristian Wetten og resten av Flunk er aktuelle med plata Chemestry and Math.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flunk er Erik Ruud på trommer, Jo Bakke på gitar, Anja Øyen Vister på vokal, Ole Kristian Wetten på bass, diverse strenginstrument og keyboard, og Ulf Nygaard på vokal, programmering og keyboard.

Foto: Pressefoto

3729
20171006
3729
20171006

– Det finst nok av folk som kan skrike, informerer Ulf Nygaard, og snakkar så vidt over kaffimaskina i baren.

Ingenting peikte mot ein musikarkarriere då han voks opp i Aurskog i Akershus, men han vart musikkjournalist, og så fekk han braksuksess med Folk og Røvere og singelen Utadæsjælåpplevelse med Ravi.

Ole Kristian Wetten starta med musikk tidleg, i eit lokalt ungdomsrockeband på Gjøvik. Han studerte musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, og er framleis på Blindern mellom slaga. Målet er å verte professor.

– Å bure seg inne på eit rom på Blindern for å lese musikk når ein er vaksen og har arbeid og born, er ein egotripp.

Bandet Flunk vart etablert for 16 år sidan, og har eit stort publikum. Berre ikkje i Noreg.

– Vi var på USA-turné etter at vi starta opp, og møtte ein manager med store artistar der. Han inviterte oss heim til seg på middag. «OK, når flyttar de hit?» spurde han, etter hamburgaren og nokre øl. Då takka vi nei. Eg har aldri lika stjernekonseptet, og vi har teke alternative avgjerder heile vegen. Vi speler der vi vert bedne om å kome, seier Nygaard.

– Er ikkje det ein luksus, då? De kan leve av musikken utan køyret som følgjer med det å vere stjerner?

– Jau. Det er rett nivå å våge å lage musikk på. Vi har ikkje hatt noko stort selskap som avgjorde kva vi skulle spele, og kan reise slik det passar oss. Det er mogleg vi skal spele i Noreg i desember. Det gruar eg meg til, seier Nygaard.

– Kva er det som er så fælt med Noreg?

– Vi spelar her med andre band, altså. Men vi hadde sleppkonsert i Istanbul, og der er det ingen som står og melder konserten. Somme berre diggar det, og det vert meir hjarteleg. I Noreg lurer ein på kor mange som kjem fordi dei føler dei må. For å bli stor her må du ha ein ambisjon om å verte størst i verda, og vi har ikkje behov for å lage så mykje styr.

Flunk tyder «stryk». De har låtar som «Assassins. With waterguns» og «Hello. Planet awesome». Kva er det de lagar?

– Ulf set det heile i gang, og alle bidreg med det dei kan. Vi sender inn kvar for oss, bit for bit, seier Wetten.

– Det er eit demokratihelvete av ei anna verd. Ofte lagar eg ein låt rundt det Anja syng. Ho er svært god på å improvisere, og ho har nokre ord som er hennar. Eg fekk med Mont Blanc i ein tekst. Det er eg nøgd med. Vi er alternativ pop, om vi er noko, og vi er diffuse. Fansen elskar tekstene våre fordi dei finn det dei vil ha; låten som heilskap er viktigare. Kven var det til dømes som eigentleg forstod «Losing my Religion» av R.E.M.? Og eg likar å vere uviss på kva dei andre gjer, sjølv om det er godt at nokon veit kva som er rett, seier Nygaard.

– De skal spele i Ankara, har hatt fleire Kina-turnear og spelt i Berlin og London. Men det er altså i Istanbul de er mest populære?

– Dei greidde ikkje å sleppe inn alle på konserten i Istanbul. Det var heilt fullt. Teorien min er at det treffer dei sterkt, mykje på grunn av Anja. Ho er typisk nordisk, blond, syng lyst, og låtane kan vere nokså melankolske. Det er påfallande austover, vi får dei same reaksjonane i Polen og Tyrkia, Russland og Kina òg. Sjølv om vi kanskje er størst i USA.

– Kva er den mest avsidesliggjande staden de har spelt?

– Ukraina. Det var som Woodstock-festivalen, berre i 2015: 17.000 menneske gjekk ikring i badebukser, vifta med ukrainske flagg og skaut på blink med bilete av Putin. Det var etter at Krim vart ein del av Ukraina, og vi torde ikkje fly dit. Tidleg på morgonen vart vi henta i Krakow, gjennom strenge passkontrollar med maskingevær, og vi spelte klokka halv eitt om natta, midt inne i skogen. Det var fantastisk seier Wetten.

Mone Celin Skrede

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

Meldingar
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis