Den gløymde fornyaren
Det Norske Samlaget rundar 150 år laurdag 24. mars. På dei åra har truleg over 2000 skrive eller omsett bøker for forlaget. Ei av dei fornya den nynorske barnesongen og blei gløymd.
Omslaget til boka med elleve barneviser på nynorsk.
I sine første 150 år publiserte Samlaget skjønnlitterære bøker av 251 debutantar. Kvar sjette debutant på nynorsk eller dialekt har kome ut på det forlaget. Elias Blix var den første med nokre salmar i 1869. Først i 1955 debuterte ei kvinne skjønnlitterært på Samlaget med elleve barneviser i Eventyrbyen. Sunnmøringen Marie Heggen gjorde meir enn som så.
Ho blei fødd Maria Olivia Heggen i Valldal 18. september 1903, kalla seg Marie Hoel fram til 1940-åra og døydde som Marie Heggen i Oslo 7. juni 1984. Ho voks opp som adoptivdotter hos ein onkel i Ålesund og tok etternamnet hans. Marie Hoel gjekk ut frå Volda lærarskule i 1925 og var seinare lærar i Spydeberg, Borgund (no Ålesund), Røyken og Oslo. Som lærar ved Åse skule i Borgund stifta ho Åse barnekor hausten 1927 og dirigerte dette til ho flytta austover i 1939. Ho ville nærmare Oslo, sa ho. Der kom ho også nærmare NRK.
Læraren Marie Hoel forsvann etter kvart inn i skulekvardagen på Ruseløkka. Forfattaren Marie Heggen gjekk inn i radiostudio på Marienlyst. Frå 1949 til 1968 sende NRK minst 147 barnetimar for dei minste med Marie Heggen eller stoff skrive av henne. Den første gjekk på lufta laurdag morgon 8. oktober 1949, den siste var ei reprisesending fredag 19. juli 1968. Etter 1956 skreiv ho berre for andre, særleg skodespelaren Marit Bolling. Barnetimetanta frå Sunnmøre viste dermed mindre att enn dei som skreiv og framførte eige stoff i mange år.
Marie Heggen stod fram der det var som trongast. I 1950-åra handla det meste om Alf Prøysen, Thorbjørn Egner og Anne-Cath. Vestly. Nettopp desse var Marie Heggen saman med i «Mens vi venter» på julaftan 1954. Programleiaren for dei fire store var Helge Sverre Nesheim.
Truleg skreiv Marie Heggen om lag 60 barneviser som alle blei framførte i Barnetimen for dei minste. Barnetimane gjorde henne til ei kjær radiorøyst, men Heggen kom aldri på innsida av dei publiserande nynorskmiljøa. Norsk Barneblad publiserte forteljinga «Gulsporven» våren 1953, det var alt. På Samlaget blei det med den eine barneboka.
Eventyrbyen
Eventyrbyen. Viser frå Barnetimen (1955) inneheld elleve viser med melodiar. Eventyrbyen er både by og land med bil og trikk, husdyr og kjæledyr av alle slag. Her er ingen bønder, men mange handverkarar, som apotekar Snille, dokter Klage og skorsteinsfeiar Lirendreiar. Ofte er det barnet som ser; i «Songen til svala» ønskjer barnet at svala kan finne ein pengepung som støtt er full, «for det har ikkje pappa min». Den realismen dikta ho om til fantasi i visa om skitne «Fluribus». Den som er fluren, er lurvete: «I øyra sat eit musepar,/ ein deigklatt låg attved/ av julekaka frå i fjor,/ men ingen visste det.»
Det meste kunne skje i desse visene, men ingen rev hosta, inga mus song, berre papegøyen Polly snakka. Marie Heggen tøysa og fabulerte utan nokon moralsk peikefinger, lét folk vere folk og dyr vere dyr. Reinkalven blei hennar signatur. «Voggevisa til reinkalven» blei radiosungen mange gonger i 1950- og 60-åra, og i 2006 tok gruppa Sielu dálkkas med songen i nordsamisk gjendikting på plata Soul medicine. På bokmål skreiv Heggen forteljinga Steinhytta for Damm & Co. i 1960, og for NRK skreiv ho minst fem lengre forteljingar som aldri blei trykte.
Moderniserte
Heggen dikta seg inn i ein nynorsk songtradisjon prega av gamle songar frå mannlege, døde forfattarar. Ho kom frå ein ny generasjon og skapte heilt nye allsongar. Slik moderniserte ho den nynorske barnesongen, før Marie Takvam og Marie Lovise Widnes.
Ho dikta, og ho komponerte. Halvparten av visene skreiv ho til norske og svenske folketonar, halvparten til eigne melodiar. Og ho song sjølv. Der skilde Marie Heggen seg ut frå nesten alle andre som skreiv nynorske barnesongar. Før henne var der knapt ein nynorsk trubadur for barn. Etter henne kom slike som Ingebrigt Davik, Geirr Lystrup, Olav Stedje.
Ho var songlyrikaren med nye og eigne songar, forfattaren med eigne forteljingar og songaren med tradisjonsstoff. Eit radioprogram gav henne den scena ho trong, nett då radioen gjaldt som mest. I 1950-åra blei dessutan barnediktsamlinga ein viktig og populær boktype. Her var Heggen ein etterfølgjar til dei store bokmålsforfattarane, men ein forlaupar for seinare store nynorskforfattarar.
Barnetimetanta
Heggen var den første nynorske barnetimetanta og ei av få som dikta, komponerte og song eigne barnesongar. Det gjorde henne til den første kvinna som debuterte skjønnlitterært på Samlaget, og til ein original visediktar i nynorsk litteraturhistorie. Mellom dei som dikta nye viser på nynorsk i 1950-åra, nådde ingen ut til eit større publikum enn Jakob Sande og Marie Heggen.
Denne gløymde fornyaren dikta leikande, fabulerande songar om rare og vanlege folk og dyr slik barn kunne sjå dei. Det som den ugifte og barnlause Rasmus Løland hadde gjort i prosa frå 1890-åra, gjorde den barnlause og ugifte Marie Heggen i songar i 1950-åra.
Ottar Grepstad
Ottar Grepstad er direktør for Nynorsk kultursentrum.
Redigert utdrag frå «Barnetimetanta i eventyrbyen» på Aasentunet.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»