Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Den nye Ferrante?

Arv og miljø vert omtalt som ein av dei beste europeiske romanane som er på veg ut i den engelskspråklege marknaden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vigdis Hjorth fekk bokhandlarprisen 2016 og kritikarprisen 2016 for romanen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

1432
20180525
1432
20180525

Litteratur

eva@dagogtid.no

Vigdis Hjorths roman Arv og miljø skal lanserast i USA og England neste år. Nyleg fekk romanen godord i britiske The Guardian.

Romanen, som på engelsk har tittelen Wills and Testaments, vert omtalt som kritikarrost og kontroversiell, og som ein av dei beste europeiske romanane som er på veg ut i marknaden. Saman med den franske forfattaren Gaël Faye, spanske Fernando Aramburu, tyske Juli Zeh, italienske Paolo Cognetti, kroatiske Daša Drndic og den polske Booker-prisvinnaren Olga Tokarczuk vert Vigids Hjorth nemnd som ei mogleg ny Elena Ferrante – som har selt millionar av bøker verda rundt. Arv og miljø tematiserer incest og forteiing, og romanen sette i gang ein stor debatt om grensa mellom litteratur og røyndom då romanen kom ut i Noreg i 2016. The Guardian omtalar boka som eit kritikarrost, men kontroversielt familiedrama, og skriv at Hjorth, til liks med Karl Ove Knausgård, ofte brukar eige liv som inspirasjon.

– Dette var ein roman folk kunne lese anten som høglitteratur eller som eit hemnarbeid, skriv avisa.

Arv og miljø er seld til 16 land så langt, og det er forlaget Verso Books som har kjøpt dei engelskspråklege rettane til romanen. I Noreg er romanen trykt i eit opplag på over 150.000 eksemp­lar, ifølgje Cappelen Damm.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Litteratur

eva@dagogtid.no

Vigdis Hjorths roman Arv og miljø skal lanserast i USA og England neste år. Nyleg fekk romanen godord i britiske The Guardian.

Romanen, som på engelsk har tittelen Wills and Testaments, vert omtalt som kritikarrost og kontroversiell, og som ein av dei beste europeiske romanane som er på veg ut i marknaden. Saman med den franske forfattaren Gaël Faye, spanske Fernando Aramburu, tyske Juli Zeh, italienske Paolo Cognetti, kroatiske Daša Drndic og den polske Booker-prisvinnaren Olga Tokarczuk vert Vigids Hjorth nemnd som ei mogleg ny Elena Ferrante – som har selt millionar av bøker verda rundt. Arv og miljø tematiserer incest og forteiing, og romanen sette i gang ein stor debatt om grensa mellom litteratur og røyndom då romanen kom ut i Noreg i 2016. The Guardian omtalar boka som eit kritikarrost, men kontroversielt familiedrama, og skriv at Hjorth, til liks med Karl Ove Knausgård, ofte brukar eige liv som inspirasjon.

– Dette var ein roman folk kunne lese anten som høglitteratur eller som eit hemnarbeid, skriv avisa.

Arv og miljø er seld til 16 land så langt, og det er forlaget Verso Books som har kjøpt dei engelskspråklege rettane til romanen. I Noreg er romanen trykt i eit opplag på over 150.000 eksemp­lar, ifølgje Cappelen Damm.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis