Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: NTB scanpix

Foto: NTB scanpix

2651
20180921

Eventyr til Ellen
(eit utdrag)

Du kjære, lille pike, som ligger og skal dø,

la meg dikte deg et eventyr, – det siste.

Du skal snart få seile, seile på en stor og ukjent sjø.

Og din båt skal bli din blomsterhvite kiste.

Og så lander du langt henne under himlens palmekyst,

hvor den minste vekst er skjønn som hele verden.

Og en vogn av diamanter kommer rullende så tyst

og henter deg til gullgateferden.

Og himlens himmel bølger som et silkehav omkring,

og nye stjerner leker snedriv gjennom kvelden.

Og blomsterskoger suser. Og små englers palmesving

vifter duft til dine sanser, kjære Ellen!

Tenk deroppe, lille pike, skal du også møte Gud

og leke gjemsel i hans store kjoles folder.

Og en yndig liten palmegren, som nu i dag sprang ut,

du så glad i dine englehender holder …

Og himlen, hist i himlen skal din barndom aldri dø,

og eventyret der, det blir ingen gang det siste.

Men det ene, du kan huske fra ditt jordlivs lille sjø,

er vel angsten for den blomsterkledde kiste …

Herman Wildenvey

Det mest grufulle diktet vi har på norsk, kva er det?

Herman Wildenveys dikt «Eventyr til Ellen» står i den roste debutsamlinga Nyinger frå 1907. Diktet vart skrive i 1904 og er av dei mest kjende han skreiv. Sjølv har han lese det inn på plate fleire gonger: på 78-plate i 1929, på LP i 1959. Vi prentar strofene 1, 2, 4, 6 og 7.

Dikta i Nyinger, heiter det i opningsdiktet, «er skrevet av en hedning som vil leve av sin penn» – altså er alle dei forlokkande himmelfantasiane rein dikting, som forfattaren sjølv ikkje trur på, men «et eventyr» til ein døyande jentunge. Kva glede har vesle Ellen av å høyre alt dette, når det uttrykkjeleg vert sagt at ho skal ferdast i ei blomsterkvit kiste? Og sidan verta henta i ei vogn av diamantar?

«Og små englers palmesving/ vifter duft til dine sanser, kjære Ellen!»

Kva luktesans ein har som død, er ikkje noko tema.

Ellen lèt seg ikkje lure av alt dette snakket frå ein vaksen mann, som avslører seg i siste tekstline, der han for første gong ser saka frå synspunktet til ho som skal døy: «angsten for den blomsterhvite kiste». Ellen er redd, ho ligg og skal døy – og så kjem alt dette våset!

Noko meir usmakeleg har Wildenvey aldri skrive.

Skal vi forstå diktet som eit trøystedikt for Ellens foreldre og næraste?

Når Wergeland fabulerer om at han skal møte att hesten sin, Brunen, i eit anna liv, så meiner han det – det blir vakker poesi. I diktet til heidningen opnar avgrunnen seg.

Det mest opprørande er at dette diktet i over hundre år har stått som eit av våre umisselege. Det var kynisk av Wildenvey å vende seg direkte til den døyande, som – ære være Ellen! – ikkje lét seg bløffe.

Jan Erik Vold

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis