JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Kåre Halse / Wikipedia

Foto: Kåre Halse / Wikipedia

1930
20211217
1930
20211217

Dette diktet blei skrive for seksti år sidan og stod på trykk i boka Marimesse, debutboka til Astrid Krog Halse (1914–2007), utgjeven på Noregs Boklag i 1961.

Ein tittel som «Vegen åt deg» ber mest bod om å vere ei varm kjærleikserklæring, men ikkje her. Det er eit mørkt drag over diktet som ikkje lèt seg så lett vifte vekk. Råka finst nok ikkje berre i naturen, det er òg andre krefter som trekker og trugar. Dei sterke motstridande kjenslene er med heile vegen.

Dikta i den første samlinga blei til medan ho vaska golv, har ho sagt i eit intervju. Dette var ein moden debutant som nok hadde bore på eitkvart før ho skreiv det ned som dikt på trøndersk meldalsdialekt.

Når ein diktar slik i hugen før ein skriv ned, er rim og gjentakingar viktige verktøy, noko som òg gir godt grunnlag for tonesetting.

Fleire av dikta til Astrid Krog Halse er blitt tonesette av ulike musikarar, og mest kjend er nok folkrockgruppa Gåte, som nådde eit stort publikum tidleg på 2000-talet. I desse dagar er Gåte faktisk ute med eit nytt album, Nord, der dei har sett melodi til endå eit av dikta til Halse, «Sjåaren» (frå Gull over gråstein, 1966), med klar økokritisk valør.

I desse tider kan ein få trong til meir oppløftande ord. I så fall vil eg tilrå det flotte, om enn fromme diktet «Advent», også frå debutsamlinga: «Adventskransen, gammelklokka minner om at dåggån går/ og at onnor tid ska kåmmå, onnor tid åt verda vår.»

Cathrine Strøm

Vegen åt deg –

I kveld går eg dit som eg ikkje skal.

Lyt verme meg no, for natta er kald.

Vegen åt deg går på islagte tjønn.

Eg rissar han opp med blinkande jønn!

Skrik det i berja? Råka er farleg!

Lét det i snara? Trø varleg – varleg –

To er mitt fylgje, dei tek meg i hand.

Ein dreg mot råkar, den ander mot land.

To hend’ held mine, den eine er kald.

Eg gje meg livet og dauden i vald –

Ljøs brinn i glasa. Du ventar meg, du.

Eg er halvveges koma og kan ikkje snu –.

Astrid Krog Halse

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis