Diktet: Arild Nyquist
Foto: Lise Åserud / NTB
Feriegleder
Hvor er kartet til Ytre Sogn?
Hvor er boksen med torskerogn?
Hvor er flaska til korken her?
Hvor er glasset med bringebær?
Hvor er rullen med dasspapir?
Kaller’u dette for sprøstekt pir?
Hvem har surra bort kammen min?
Kaller’u dette for eplevin?
Saltet er klumpet, brødet vått
fløtt litt på liket, din helvetes skrott!
Teltet er søkkvått, gølvet en dam
lang hit en hammer, vi snekrer en pram!
Gryta er rusten, panna er lekk
gaffern’n er knukket, kniven dønn vekk
påsan er muggen, alt går på skrå
jeg glor gjennom duken: – himmer’n er blå
Arild Nyquist

Humor i norsk lyrikk, mellom Johan Herman Wessel og Arild Nyquist, er ei mangelvare, meiner mange av oss. Vi har Wergeland, Obstfelder, Uppdal, Bull, Mehren og minst 34 andre solide – mot desse blir Wildenvey, Sande, Bjerke og Sissel Solbjørg Bjugn fort i mindretal når det gjeld muntre vers.
Men så har vi den ustoppelege Arild Nyquist (1937–2004), som balanserer humor og melankoli, dødsangst og livsglede, språkleg kløkt og diktarisk trong på ein heilt særeigen måte, i frie vers – så vel som i visetekstar: elleve CD-album kom 1979–1999.
No som påsken er overstått – her eit sommarferiedikt, i telt, når det striregnar og talet på forsmedelege hendingar aukar frå line til line. Diktet tek geografisk til i Ytre Sogn – dermed er rimmønsteret sett for ein poet som heller slo opp teltet langs Lysakerelva. Det er fantasiflukta som skapar diktet – og bergar teltturen, med vêromslag i siste line.
Her ein annan tekst, frå same frodige samling Arilds hus (1998) – og med ei annleis tyngd:
Gammel sorg
– ruster ikke. Gammel
sorg blir bare større – som om du hadde
en elefants skjelett sydd fast under huden. Og
sorgen ruster (som sagt) aldri. Former seg
bare om til sorte epler
og forvitret gress. Ingen blir
uten videre forlatt
av gammel sorg. Du må bære den
med deg som et åpent
brev inne i hjertet, med en blinkende spiker
slått helt inn.
Ein spikar slått heilt inn i planken kan ikkje trekkjast ut. Da må ein skjere opp treet rundt – det veit alle som har prøvd!
Jan Erik Vold
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Humor i norsk lyrikk, mellom Johan Herman Wessel og Arild Nyquist, er ei mangelvare, meiner mange av oss. Vi har Wergeland, Obstfelder, Uppdal, Bull, Mehren og minst 34 andre solide – mot desse blir Wildenvey, Sande, Bjerke og Sissel Solbjørg Bjugn fort i mindretal når det gjeld muntre vers.
Men så har vi den ustoppelege Arild Nyquist (1937–2004), som balanserer humor og melankoli, dødsangst og livsglede, språkleg kløkt og diktarisk trong på ein heilt særeigen måte, i frie vers – så vel som i visetekstar: elleve CD-album kom 1979–1999.
No som påsken er overstått – her eit sommarferiedikt, i telt, når det striregnar og talet på forsmedelege hendingar aukar frå line til line. Diktet tek geografisk til i Ytre Sogn – dermed er rimmønsteret sett for ein poet som heller slo opp teltet langs Lysakerelva. Det er fantasiflukta som skapar diktet – og bergar teltturen, med vêromslag i siste line.
Her ein annan tekst, frå same frodige samling Arilds hus (1998) – og med ei annleis tyngd:
Gammel sorg
– ruster ikke. Gammel
sorg blir bare større – som om du hadde
en elefants skjelett sydd fast under huden. Og
sorgen ruster (som sagt) aldri. Former seg
bare om til sorte epler
og forvitret gress. Ingen blir
uten videre forlatt
av gammel sorg. Du må bære den
med deg som et åpent
brev inne i hjertet, med en blinkende spiker
slått helt inn.
Ein spikar slått heilt inn i planken kan ikkje trekkjast ut. Da må ein skjere opp treet rundt – det veit alle som har prøvd!
Jan Erik Vold
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.