Diktet: Inge Krokann
Foto: Ukjent / Nasjonalbiblioteket
Diktaren Inge Krokann (f. 1893 i Oppdal, d. 1962 i Gausdal) var ein stor mann: «Romsam og romstor er du», skreiv Tarjei Vesaas i ei helsing på 60-årsdagen. Krokann var mest kjend for mellomalderromanane om Lo-slekta og historieverket Det store hamskifte i bondesamfunnet.
Men det vesle hadde òg ein plass hjå Krokann: «Stort og lite lagar lova om den vise meining.» Han debuterte på prent alt i 1914 med eit dikt under pseudonymet Bodvar Bjarke, men dikta han skreiv, blei først samla og utgjevne i boka Dikt i 1947.
Ei avdeling i boka heiter «Seks akrostikon», der Krokann har skrive dikt til seks personar, med bokstavane i namnet deira som utgangspunkt for kvar linje. Akrostikon er kan hende no mest brukt i amatørdikt i festleg lag, men det er eit formgrep og ein minneteknikk med røter tilbake til antikken. Krokann skreiv akrostikon til Sigrid Undset, Einar Lunde, Johanne Bjørkli, Tore Ørjasæter, Ole J. Hogstad og altså Bokken Lasson (1871–1970), som saman med Wilhelm Dybwad grunnla Chat Noir i mars 1912.
Diktet er skrive etter jubileumskonserten til Bokken Lasson i Aulaen i mars 1946. Den då 75 år gamle songarinna trekte fullt hus med programmet Romanser og folkeviser med flygel og luth for å markere 50 (+2) år på scena. Nokre dagar etter stod ein notis i avisene om at Lasson etter påtrykk vil «gjenta sin jubileumskonsert til inntekt for Finnmark», då i Det Norske Teatret. Ikkje underleg at ein fekk hug til å dikte til hennar ære.
Det er ei like stor openberring kvar vår å sjå at den fargesterke blåsymra er den første til å stikke hovudet opp etter «vinternotti». Her er ein pionér, ei fri sjel som er fødd av sommardraumar, «skirsla» (døypt) som fivreld, og som strekkjer seg gjennom trengsler mot stjernene. Stort og lite.
Cathrine Strøm
Livsens lyrikk
Bokken Lasson
1871–1946
(Stemning etter jubileums-konsert mars 1946.)
Blåsymra søv den lange vinter
Og drøymer om sol i lier.
Kald og beisk susar nordanvinden,
Kulden i hjarto svider.
Einsleg symre i vinternotti
Nærest av betre tider.
Ljuv er draumen i jonsokleitet
Alen av djupast lengsle:
Skirsla som lette, ljose fivreld
Sjela stig or si trengsle
Over dei utlengste bleike stjernor
Nyfødd og fri all stengsle.
Inge Krokann
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.