Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Diktet: Kjell Aukrust

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Fotograf Henriette Berg-Thomassen

Fotograf Henriette Berg-Thomassen

2467
20220107

Eg lengtar

Ein vind frå Jotunheimer

kjem gufsande vild og rå,

ein tanke med den eg sender.

Ynskjer den fram vil nå!

Millom oss to er det blånar

so endelaust langt er de fram –

dei iskalde fjelli som grånar

gjer lengsla berre til skam.

Det vert nok berre å drøyme

um ungjentebarm og munn –

Og lengsla må berre fløyme

i uvissa ennå ei stund.

Lengsle er noko underleg rart du, –

ein veit’kje rett kva det er –

Kans’kje er det kjærleik til deg tru?

Eg kan’kje forklåra det her.

Kjell Aukrust

2467
20220107

Eg lengtar

Ein vind frå Jotunheimer

kjem gufsande vild og rå,

ein tanke med den eg sender.

Ynskjer den fram vil nå!

Millom oss to er det blånar

so endelaust langt er de fram –

dei iskalde fjelli som grånar

gjer lengsla berre til skam.

Det vert nok berre å drøyme

um ungjentebarm og munn –

Og lengsla må berre fløyme

i uvissa ennå ei stund.

Lengsle er noko underleg rart du, –

ein veit’kje rett kva det er –

Kans’kje er det kjærleik til deg tru?

Eg kan’kje forklåra det her.

Kjell Aukrust

Les du diktet attmed og ser namnet under, skulle du kanskje tru det var ei feilskriving: Det må då vera Olav Aukrust som har skrive dette diktet. Nei, det er faktisk Kjell Aukrust (1920–2002), skaparen av Flåklypa-historiene, som er forfattaren. Olav Aukrust (1883–1929), diktaren frå Lom, var farbror hans.

Eg har funne dette diktet i den fine biografien om Kjell Aukrust som Sigmund Løvåsen gav ut i fjor. Diktet er skrive til henne som skulle bli kona hans, Kari Holter. Dei møttest i Alvdal i 1939. I 1942 fekk Kari dette diktet i posten saman med ein illustrasjon, eit sjølvportrett av forfattaren ved ein varde i fjellheimen. Som Løvåsen skriv i biografien, ser Aukrust lengtande inn i fjellandskapet.

Diktet har eit klassisk oppsett: Det er skrive på rim og rytme, og det er delt inn i ein presentasjon av situasjonen til diktaren – eit einsamt individ i ein kald, rå fjellheim, men ein fjellheim som samstundes tilbyd store utsyner for lengselen hans – og ein konklusjon – der diktaren reflekterer over det å lengte: Det er kjærleiken hans til henne, men lengselen kan likevel ikkje forklårast.

Det er eit dikt av ein ung mann, det er nok ikkje særleg originalt, og det er òg nokre nynorskfeil i teksten – som vi ikkje har retta, men det vitnar om inderleg og kjenslemerkt poesi.

Stilen kan minne om dikta til farbroren, sjølve fjellskalden i norsk lyrikk. Det får oss til å grunde over tilhøvet mellom desse store kunstnarane. Var det ikkje slik at Kjell Aukrust laga eit portrett av diktaren i den humoristiske karakteren Hallstein Bronskimlet d.a.y.? Ville han dermed distansere seg frå onkelen?

No er det slik at alle karakterane i Flåklypa er humoristiske. Av biografien kjem det fram at Aukrust hadde stor age for onkelen. Sigmund Løvåsen skriv at Kari og Kjell Aukrust hadde eit rikhaldig bibliotek. Kjell las Karin Boye og Edith Södergran, men det var særleg éin forfattar som fylgde han gjennom heile livet, Olav Aukrust.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis