JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Solum Bokvennen

Foto: Solum Bokvennen

2597
20211015
2597
20211015

Eit dikt kan nemne og peike på det som er i ferd med å forsvinne i gløymsla; diktet er ein måte å minnast på. Det kan òg kople saman ulike tider og verder, noko som kjem tydeleg fram i dette diktet av Frank Eriksen frå boka Barkefjører frå 2020.

Minne og samband på tvers av tid har vore viktige element i forfattarskapen hans, som strekker seg frå debuten med Dein rare. Verssamling på Solørmål i 1975 via eit tital diktsamlingar, viser, essay og ein roman om oppveksten på eit bureisarbruk i Åsnes. Eriksen er altså frå Solør i Glåmdalen, men har vore busett på Hamar sidan 1974, der han ved sida av forfattarskapen har vore verksam som familieterapeut.

I 1974 opna òg dørene på Lepramuseet St. Jørgen i Bergen. Det var gått knappe tre tiår sidan dei to siste pasientane døydde og hospitalet stengde. Kan det ha vore desse to som sat ved rokken som no står framfor poesihylla til poeten på Hamar? Rokken ber tagalt på ei historie om sjukdom, stigma, einsemd og tolmod, og denne historia sveiper han borti når han strekker seg etter diktarane i hylla. Fire diktarar blir nemnde, og dei har nok alle sett sine spor i Eriksens tekstar.

Dan Andersson skreiv det vesle diktet «Till smärtan» i 1920 – like før han døydde tragisk av forgifting i eit hotellrom i Stockholm som var nedsprøyta av hydrogencyanid for å ta knekken på veggelus. Han vart berre 32 år gamal, og heime venta kona med det første barnet deira i magen. Diktet er ei svart «hyllest» til smerta: «Jag vet ej om fullare fröjd står att nå/ än när läpparna skälva av gråt,/ om vi någonsin leva så gränslöst som då,/ när pannan av ångest är våt. (…)»

Eg veit ikkje kva leprapasientane på St. Jørgen ville ha tenkt om diktet til Andersson. Eg veit heller ikkje om dei fann trøyst i teksten på altertavla i St. Jørgen hospitalkyrkje. Men eg likar tanken på at rokken deira fekk ein gjæv plass i heimen og i hugen til ein diktar – og sidan fann vegen inn i eit dikt som du las her og no, i Dag og Tid.

Cathrine Strøm

Rokken

Hvorfor har jeg ikke skrevet om rokken

de siste spedalske i Bergen spant på –

funnet på et loft i Kalfaret

fraktet hjem til oss på Bondesvea i Hamar

rokken fra St. Jørgens hospital har stått

foran poesihylla vår i over 40 år

det har hendt jeg har tråkket på pedalen

når jeg har leitet etter Tor Ulven, Tomas Tranströmer

Stein Mehren

bladd meg fram Till smärtan av Dan Andersson

hjulet gikk aldri rundt

jeg fikk aldri spunnet en tråd

ut av alterteksten:

«Mit sÿnde opffer Jesu Blod. Jeg her ved Herrens

Altarfod

Til lægedom vil samle op, for min Speedalche Sjel

og Krop»

Frank Eriksen

Frå Bjarkefjører, 2020

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis