JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Ukjend / NTB

Foto: Ukjend / NTB

2632
20211105
2632
20211105

Erling Kittelsen (f. 1946) har vore forfattar, omsettar og bidragsytar på så mange verk sidan debuten i 1970 at det vel snart nærmar seg tresifra. Alt i 1992 skreiv Einar Økland om dei (den gong) 18 bøkene: «[d]ei har grodd ihop til eitt litterært verk. Endå det er eit kunstprodukt, eit intellektuelt arbeid, har det preg av å vere eit naturfenomen. Slik gjer det også sterkast inntrykk. Slik får det ein verknad.»

Det er òg eit organisk preg over dikta til Kittelsen, i korleis dei veks fram og spring over sidene, der tematikken ofte får vikle seg ut som ei slyngplante. Men ikkje minst er språket levande og fullt av forgreiningar: Takk vere «mitt vesle språk», som «gir slyngen». Eit språk som får ein til å ville strekke eller kaste seg utover? I omsettinga til den svenske poeten Ulf Eriksson heiter det «velsignat vare mitt lilla språk/ som bringar fram slungan». Omsettingar har ein tendens til å gjere språket klårare. Men er det dit Kittelsen vil?

Utover i diktet ramler den språklege bygningen meir eller mindre saman, trass i at det er vegger overalt, og trass i at ein påle blir slått ned for kvar mil i «åndens ørken». Men heller enn at språkoppsmuldringa vitnar om eit språkleg og kulturelt nederlag, er det vel eit teikn på at det vesle språket – poesien – faktisk kan bere fridomen og toleransen for det som ikkje er beint fram enkelt.

Dei 48 dikta i samlinga med den vesle, omfattande tittelen i, har alle ei kopling til Bachs 48 preludium og fugar, får vi vite i etterordet.

Men det sentrale spørsmålet i diktet, er korleis vinne den umoglege kampen for «det freden skjuler», for den audmjuke og tolerante sameksistensen på tvers av motsetnader..

I eit intervju på Nypoesi.net i 2003 sa Erling Kittelsen noko eg aldri har gløymt. Om kva rolle poesien, eller kulturen, kan spele i konfliktar, i politikken. At dei som støyter saman, må dukke ned i noko anna i seg sjølv for å kunne sjå den andre. Om båe partar blei tvinga til å snakke om ei konkret personleg eller kunstnarleg røynsle, «[s]å kanskje de plutselig begynner å famle med de samme tingene og de samme stedene og de samme fargene og alt.»

Kan hende tør dei å trå over på ein annan banehalvdel.

Cathrine Strøm

til

Glemselen i verdensspråket

som venter å finne alle på sin banehalvdel

velsignet mitt vesle språk

som gir slyngen

Etter krigen, hvor går vegen

hvordan får vi ut det freden skjuler

uten å gå til en ny krig

En påle slås ned for hver mil

i åndens ørken, en tone under stakkato bærer

presses, vet ikke dørkarmen, før den ramler

ut i en salme ord for ord

svær plass, vegger overalt

aldri fullt, renner over

Erling Kittelsen

Frå i (1995)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis