JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2351
20210820
2351
20210820

Finn Bjørnseth frå Oslo (1924–1973) gav ut ti diktsamlingar 1954–1972, dessutan fem romanar og fem novellesamlingar. Som radikal tidskritikar merkte han seg ut med dei tre samlingane Til minne om en klode (1955), 60-talls-ballade (1960) og Vuggevise for aftenlandet (1962). I dei siste samlingane sine gleid han over i ein kristen problematikk.

Patrice Lumumba (1925–1961) var den første statsministeren i Den demokratiske republikken Kongo. Han var ein statsleiar godt likt av folket og motarbeidd av vestlege kolonimakter, særleg Belgia, som ikkje ville gje slepp på gruvene i Belgisk Kongo. Vestmaktene fekk FN til å leggja vanskar i vegen for panafrikanismen, som var den store ideen til Lumumba. Hans politiske motstandar Mosche Tshombe braut Katanga ut av Kongo og danna for ei tid ein ny stat, med seg sjølv som leiar.

Lumumba regjerte berre i nokre månader, frå juni 1960 til Tshombe fekk han arrestert om hausten. Lumumba appellerte til FN om hjelp, men kom ingen veg. Saman med to av sine næraste vart Lumumba i januar 1961 torturert, myrda og partert, og liket vart oppløyst i svovelsyre. Generalsekretær Dag Hammarskjöld er i ettertid vorten sterkt kritisert for manglande forståing for den nyoppretta republikken. I 2002 tok Belgia på seg ansvar overfor Kongo for å ha vore delaktig i og ha moralsk ansvar for mordet på Patrice Lumumba.

Kor mykje som var kjent av detaljane omkring dette groteske drapet, er uvisst. Finn Bjørnseth er, etter det eg veit, den einaste norske poeten som nemner Lumumba. Det var uvanleg å nemne namn på politikarar i dikt på den tida. Ole Paus spelte i 1992 inn ei vise der han brukar «Lumumba» som tittel og muntert refreng. Då skal ein vita at «Lumumba» òg er namnet på ein sjokoladedrikk. Eit frekt og ufint namn. Alt av politikk vert gløymt.

Jan Erik Vold

Nocturne

Det er natt over Kongo,

mørkere enn din hud,

enn skorpen av jord og blod

som aldri fikk størkne

på dine sår.

Aldrende rovdyr glir

med fosforfargede øyne inn

mellom sunkne stammer.

Ennå en lydløs time

nytes den sterkeres rett

til å kvele ditt skrik,

ennå en lysløs time

glemmer du solen som ruller

en dampende plogfure opp

langs Ekvator fra øst mot vest

og vekker bødlenes blinkende barn

med trommenes trassige budskap:

De døde, de døde, de døde,

du trodde de døde forgjeves!

(Januar –61, Patrice Lumumba tilegnet.)

FINN BJØRNSETH

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis