Foto: Gitte Johannessen / NTB
I dag er det Gud som ler
Et grått og søndagstomt Norge
Enslige herrer med hatter
Sorgtunge, drønnende skyer
Men torden kan være latter
Sorgtung lå jeg og lo
foran fjernsynet da jeg var fjorten
I dag er det Gud som ler
der du nærmer deg perleporten
Impro med hele kroppen
Norgesmester i jazz
Verdensmester i timing
bak senkede brilleglass
Du letter på hatten: Day – o
Og Gud smiler: Dett var dett
Inn i himmelen skrider
en gestikulerende jazzklarinett
HÅVARD REM
I dag er det Gud som ler
Et grått og søndagstomt Norge
Enslige herrer med hatter
Sorgtunge, drønnende skyer
Men torden kan være latter
Sorgtung lå jeg og lo
foran fjernsynet da jeg var fjorten
I dag er det Gud som ler
der du nærmer deg perleporten
Impro med hele kroppen
Norgesmester i jazz
Verdensmester i timing
bak senkede brilleglass
Du letter på hatten: Day – o
Og Gud smiler: Dett var dett
Inn i himmelen skrider
en gestikulerende jazzklarinett
HÅVARD REM
Håvard Rem, fødd i 1959 i Oslo, oppvaksen på Notodden og i Eydehavn, er ein særs aktiv skribent, med poesi som hovudsjanger. Han debuterte som attenåring og har i alt skrive tolv samlingar, pluss Utvalgte dikt (1996). Dei to nyaste er svært omfattande: 30–40–50 frå 2012 med 278 dikt, og fjorårets Almanakk, med undertittelen 365 dikt.
Det er tida som går, som formar samlingane – poetens alder frå tiår til tiår i den første boka, systematisk fordelt over seks tema: alder, damer, par, barn, opphav, singel.
Årets dagar styrer den nye boka, frodig og overraskande, med dikt i bunden form, i fri form, på bokmål, på nynorsk – korte dikt: «Tenk på det i mars/ når snøen går/ Isen lå/ i hundre tusen år»; frekke dikt: «Alltid digg/ med en sigg/ etter ligg»; lange dikt, om skøyteløparen Maier som har fått eige stadion i Tønsberg; hyllester til sjeldne typar som Bendik Riis og Ari Behn; dikt med sære referansar: «Døden er ikke/ det verste man har/ og om litt/ er Håvard klar»; originale observasjonar: «Barndomen kjem om/ natta som eit langsamt/ godstog utan ljos men/ ljoden liknar voggeviser». Og mange sonettar, lat det vera sagt – ei form Håvard Rem har dyrka i mange tiår.
Og då er vi komne til Rolv Wesenlund, den store komikaren, som spelte klarinett i ungdomen. «Day-O!» var Marve Fleksnes’ stammehyl, frå Harry Belafontes «Banana Boat Song»; «Dett var dett!» var hans faste konklusjon. Noregs første dikt om ein av våre mest elska personar?
Håvard Rem er original og sjølvstendig i det meste han gjev seg ut på. Som norsk poet liknar han ikkje på nokon.
JAN ERIK VOLD
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Håvard Rem, fødd i 1959 i Oslo, oppvaksen på Notodden og i Eydehavn, er ein særs aktiv skribent, med poesi som hovudsjanger. Han debuterte som attenåring og har i alt skrive tolv samlingar, pluss Utvalgte dikt (1996). Dei to nyaste er svært omfattande: 30–40–50 frå 2012 med 278 dikt, og fjorårets Almanakk, med undertittelen 365 dikt.
Det er tida som går, som formar samlingane – poetens alder frå tiår til tiår i den første boka, systematisk fordelt over seks tema: alder, damer, par, barn, opphav, singel.
Årets dagar styrer den nye boka, frodig og overraskande, med dikt i bunden form, i fri form, på bokmål, på nynorsk – korte dikt: «Tenk på det i mars/ når snøen går/ Isen lå/ i hundre tusen år»; frekke dikt: «Alltid digg/ med en sigg/ etter ligg»; lange dikt, om skøyteløparen Maier som har fått eige stadion i Tønsberg; hyllester til sjeldne typar som Bendik Riis og Ari Behn; dikt med sære referansar: «Døden er ikke/ det verste man har/ og om litt/ er Håvard klar»; originale observasjonar: «Barndomen kjem om/ natta som eit langsamt/ godstog utan ljos men/ ljoden liknar voggeviser». Og mange sonettar, lat det vera sagt – ei form Håvard Rem har dyrka i mange tiår.
Og då er vi komne til Rolv Wesenlund, den store komikaren, som spelte klarinett i ungdomen. «Day-O!» var Marve Fleksnes’ stammehyl, frå Harry Belafontes «Banana Boat Song»; «Dett var dett!» var hans faste konklusjon. Noregs første dikt om ein av våre mest elska personar?
Håvard Rem er original og sjølvstendig i det meste han gjev seg ut på. Som norsk poet liknar han ikkje på nokon.
JAN ERIK VOLD
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.