Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Om Zinken Hopp har eg skrive ein gong før (30. april 2010), men då om eit av dei kortaste dikta hennar «September», sluttdiktet i samling 2: Viser fra vidda (1930). Men ho skreiv gjerne lengre dikt, derfor dette opuset frå samling 5: Innen 4 vegger (1938), som vart den siste diktboka ho gav ut.
Diktet er enkelt, og konkret – som alt ho skreiv. Her er det snakk om ei haldning til skrift og liv som er underrepresentert i norsk lyrikk. Slik Zinken Hopps uspekulative vers frå 1930-åra lyser med sitt fråvær i norske diktantologiar.
Zinken Hopp frå Bergen (1905–1987) er realist, ikkje drøymar. Ho elskar naturen, også dei grå novemberkveldane. Og gode vers, som stig opp frå boka ho les i. Og fårikål og høvelspon og orda til fedrane, som ho aktar, men ikkje nødvendigvis følgjer: «Det er meget som jeg ikke tror,/ men holder av, som mine fedre trodde.»
Diktet leier mot det store spørsmålet: «Hvad er materie, og hvad er ånd?» Og finn det glade, uproblematiserande svaret, som ingen filosof kunne ha kome på: Ho gjer abstrakta om til kjøtlege søstrer, «hånd i hånd» (rimord på ånd) – «to lykkelige søstre, for de danser».
Det er Arild Nyquist som har løfta Zinken Hopp opp som ein av favorittane sine. Det er Einar Økland som har hylla henne som eit sjenerøst og aristokratisk sinn: «Ho hadde i seg ein snev av einsemd og resignasjon og trudde kanskje ikkje på anna enn stor kunst, godt samvær og humor. Ho kunne kunsten å elske sin lagnad. Ho lærte oss mykje og gledde oss endå meir.»
Ho var den som omsette Alice in Wonderland.
Jan Erik Vold
Jeg elsker hverdagen, den jevne dag
som kommer syv og syv i lange kjeder,
med sorg og ergrelse av alle slag
og små og ustabile hverdagsgleder.
Jeg elsker livet, ikke livets drøm,
men selve tingen, tingene vi trenger,
den uforanderlige brede strøm
som følger hele livet ut, ja, lenger.
Jeg elsker høstens løv som feies bort
i hvirveldans langs fortaugskantens heller,
og himmelen, når den blir barsk og sort
og blåsende, i grå novemberkvelder.
Jeg elsker gode vers. De smyger inn
fra bladet som en iling gjennom sinnet.
Og boken også, dersom den er min,
og hyllen som jeg har den i, og bindet.
Og lukt av fårikål og fårestek
og nyslått høi og høvelspon og tjære,
som ubevisst, og nesten som i lek,
gir livet selv sin atmosfære.
Jeg elsker mine fedres stille ord
som taler i de stuer hvor de bodde.
Og det er meget som jeg ikke tror,
men holder av, som mine fedre trodde.
Hvad er materie, og hvad er ånd?
Hvor er den grensen hvor den ene stanser?
For mig er de to søstre, hånd i hånd,
to lykkelige søstre, for de danser.
Zinken Hopp
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.