Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Død operadiva atter på scena

Førti år etter at ho gjekk bort, skal operalegenda Maria Callas halde konsert att – som hologram.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maria Callas er i ferd med å få eit kyss frå produsent Franco Zeffirelli i 1964. Det blir nok verre å kysse hologrammet.

Foto: AP / NTB scanpix

1380
20180420
1380
20180420

Musikk

ronny@dagogtid.no

Den merkverdige seansen vil skje på Koninklijk Theater Carré i Amsterdam 26. november, melder den nederlandske avisa Volkskrant. Det er ikkje tale om eit eksperiment i ein liten operakafé. Hologrammet vil bli akkompagnert av seksti levande musikarar. I tillegg blir det spela originalopptak av Callas.

Den gresk-amerikanske operasongaren Maria Callas vart fødd i New York i 1923 og døydde i Paris i 1977. Jamvel om karrieren hennar vara berre femten år, blir ho rekna som ein av dei mest framskotne personlegdomane i operahistoria. Ho var kjend for ein bohemsk livsstil. Ho hadde kjærleikstilhøve til Aristoteles Onassis. Men når dei begge skilde seg for å sameinast, endra han meining og gifte seg med Jacqueline Kennedy i staden.

Tilnamnet diva, altså udøydeleg guddom, høver godt i denne samanhengen. Ved hjelp av ultramoderne digital teknologi vil Callas bli levande for oss att gjennom 3D-projeksjon av hologrammet hennar. Men det er ikkje fyrste gong ho kjem ned til oss dødelege. Callas har alt sunge post mortem i La Scala i Milano og i Metropolitan Opera i New York. Andre avlidne artistar har òg nytta denne kanalen attende til jordisk show business, som Roy Orbison og Black Sabbath-songaren Ronnie James.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Musikk

ronny@dagogtid.no

Den merkverdige seansen vil skje på Koninklijk Theater Carré i Amsterdam 26. november, melder den nederlandske avisa Volkskrant. Det er ikkje tale om eit eksperiment i ein liten operakafé. Hologrammet vil bli akkompagnert av seksti levande musikarar. I tillegg blir det spela originalopptak av Callas.

Den gresk-amerikanske operasongaren Maria Callas vart fødd i New York i 1923 og døydde i Paris i 1977. Jamvel om karrieren hennar vara berre femten år, blir ho rekna som ein av dei mest framskotne personlegdomane i operahistoria. Ho var kjend for ein bohemsk livsstil. Ho hadde kjærleikstilhøve til Aristoteles Onassis. Men når dei begge skilde seg for å sameinast, endra han meining og gifte seg med Jacqueline Kennedy i staden.

Tilnamnet diva, altså udøydeleg guddom, høver godt i denne samanhengen. Ved hjelp av ultramoderne digital teknologi vil Callas bli levande for oss att gjennom 3D-projeksjon av hologrammet hennar. Men det er ikkje fyrste gong ho kjem ned til oss dødelege. Callas har alt sunge post mortem i La Scala i Milano og i Metropolitan Opera i New York. Andre avlidne artistar har òg nytta denne kanalen attende til jordisk show business, som Roy Orbison og Black Sabbath-songaren Ronnie James.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis