JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ei valdeleg verd fylt av kjærleik

Den sørkoreanske forfattaren Han Kang har skrive om den store tragedien i moderne tid i landet: Gwangju-massakren 1980. Der fann ho uendeleg mykje kjærleik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sørkoreanske Han Kang.

Sørkoreanske Han Kang.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Sørkoreanske Han Kang.

Sørkoreanske Han Kang.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

7069
20170203
7069
20170203

Dette intervjuet vart først publisert 2. februar 2017.

«Ein tankevekkjande meditasjon over kva det vil seia å vera menneske», skriv Financial Times, og «ei bok skriven i ein triumferande stil og med ei triumferande kjensle», heiter det hjå Sunday Telegraph. Boka det er tale om, er ein roman av den sørkoreanske forfattaren Han Kang. Boka er nettopp omsett til norsk og har fått tittelen Levende og døde.

Det er store tema denne boka tek opp: folkeopprøret i Gwangju i Sør-Korea i 1980. Det er ei hending vi veit lite om i Noreg i dag, men tragedien har skapt eit sår i den sørkoreanske nasjonen, som enno ikkje er lækt. Det blir enno laga filmar og skrive bøker om hendinga i heimlandet, og no har det kome ein roman som minner folk utanfor Sør-Korea om tragedien.

Forfattarskapen til Kang har vekt oppsikt i heimlandet og internasjonalt. I fjor, i tevling med Elena Ferrante og vinnar av Nobelprisen i litteratur i 2006, Orhan Pamuk, vann den unge forfattaren den internasjonale Man Booker-prisen for ein roman ho skreiv etter Levende og døde. Det var ikkje alle som jubla. Presidenten i Sør-Korea, Park Geunhye, nekta å gratulere henne. Ho skal òg ha hamna på statens uoffisielle lister over kven som ikkje fortener å få kunstnar- og forfattarstipend.

Dag og Tid møter forfattaren i Oslo. Kang er ein kontrast til det tunge temaet i boka og dei negative reaksjonane boka har vekt. Vi møter ein forsiktig og audmjuk forfattar. Kang vil ikkje gå inn på den politiske debatten:

– Då eg skreiv verket, var det ikkje for å uttrykkje ein politisk bodskap. For meg var fyrst og fremst det personlege ei drivkraft under arbeidet. Det personlege og politiske er uskiljeleg her. Eg vart rørt av historier om den menneskelege kjærleiken og offerviljen midt i katastrofen. Ein gratulasjon frå presidenten er uviktig i denne samanhengen.

Massakre

Det er likevel naudsynt med litt informasjon om den politisk bakgrunnen for massakren. Han Kang er fødd i Gwangju som ligg i den sørlege delen av Sør-Korea, og der trådde ho òg sine barnesko.

I byrjinga av 80-åra var Sør-Korea i ein spent politisk situasjon: Presidenten i landet, general Park Chung-hee, vart myrda av direktøren for etterretningstenesta. Jamvel om Park hadde modernisert landet, hadde han forkasta grunnlova og innført diktatur. Neste president, general Chun Doo-hwan, fylgde opp undertrykkinga. Sør i landet hadde folk fått nok. Demonstrasjonar var arrangerte, og støtta til den sivile militsen auka. Det toppa seg ved ein studentdemonstrasjon i Gwangju: Hæren tydde til våpenmakt. Mange hundre vart drepne og såra. Kang og familien slapp unna: Dei hadde flytta frå Gwangju til hovudstaden Seoul i 1979, berre eit par månader før massakren bar til.

Offerviljen

Då var Kang ni år gamal. Men massakren skulle forfylgje henne:

– Tolv år gamal fann eg ei fotobok som foreldra mine hadde gøymt unna øvst på ei bokhylle. Ho var trykt berre eit par år etter hendinga og var full av grufulle fotografi frå massakren.

Men albumet viste òg ei anna side av massakren: Det var foto av menneske som med fare for eigne liv gav ei hjelpande hand.

– Om hendinga var brutal, var ho samtidig på underleg vis fredfull. Soldatar forsvann etter massakren, fordi dei hadde andre oppgåver; dei sette i verk ein blokade av byen. Då strøymde eit stort tal menneske til åstaden.

Dei ville hjelpe til. Eg vart overvelda av kjærleiken og offerviljen deira. Dei delte mat med andre på torget – det var jo ikkje råd å få inn forsyningar på grunn av blokaden. Dei stilte seg i lange køar for å gje blod til såra, og dei deltok i gravferdsseremoniar.

Det oppstod eit slag fellesskap som vara gjennom mange dagar. Og dei gjorde dette trass i at dei visste at soldatane ville koma attende. Det skjedde dessverre. Soldatar kom att, og fleire av dei som ofra seg, vart drepne.

Det gåtefulle

Etter å ha studert massakren sat Kang att med ei gåte, fortel ho:

– Korleis kunne så mykje kjærleik og miskunn oppstå midt i all denne valden? Det modige valet til dei som strøymde til for å hjelpe, trass i farane, var vanskeleg for meg å forstå. Det førde meg til eksistensiell grunding over det menneskelege.

Kang fortel samtidig at offerviljen deira vart ein kontrast til rørslene til hennar eigen familie:

– Då vi reiste nord til Seoul,var det ingen førevarsel om at ein katastrofe ville skje, men det oppstod likevel ei skuldkjensle i familien. Det plaga far min, som også er forfattar. Og for meg var

det umogeleg å forstå at barndomsbyen min var åstad for ein slik brutalitet. Det var dette eg arbeidde med i boka.

Romanen har nærast ein dokumentarisk stil. Guten som har ordet i boka, Dong-ho, nærmar seg lesarane i tid. Romanen byrjar i 1980. Dei fyrste kapitla går i djupna på ugjerningane. Her er grufulle skildringar av daude kroppar og lik i oppløysing. Vi les samstundes korleis den fjortenårige Dong-ho blir dregen inn i arbeidet med å pleie, identifisere og gravleggje dei avlidne. Så går boka, kapittel for kapittel, fram i tid. Fyrst 1985, så 1990, 2002, så vår eiga samtid. Vi møter levande og døde som fortel om massakren. Til slutt tek Kang sjølv ordet og fortel om kvifor ho måtte skrive denne boka.

På koreansk heiter boka «Guten nærmar seg», og det er for å vise denne oppløysinga av tid og rom, fortel Kang. På engelsk har romanen fått tittelen Human Acts. Omgrepet viser til det tvitydige ved den menneskelege eksistensen: Kva menneske er i stand til på godt og vondt.

– Gwangju vart for meg ikkje ein spesifikk stad lenger, men ein stad ubunden av tid og rom, der det grufulle eksisterte attmed det miskunnsame. Gwangju vart eit bilete på andre stader med same kontrasten, enten det er Auschwitz eller Bosnia.

Ingen straffa

Boka inneheld ikkje berre vitnemål om vald og offervilje, men Kamp filosoferer òg over kva ein nasjon er samansett av, når nasjonen går laus på sine eigne. Ho diskuterer sensur og forfylging – og tagnad og sjølvoppgjer knytte til nasjonale trauma.

Om presidenten i dag ikkje ville gratulere Kang, har nasjonen ikkje gløymt folkeopprøret i Gwangju. Men det tok tid. Fyrst mange år etter tragedien, i 1997, fekk massakren ein offentleg minnedag. Men det råder enno mykje uvisse omkring hendinga.

Tala på omkomne og såra varierer etter kjeldene. Ifylgje etterforsking av sivile styremakter er det tale om 200 drepne og 850 skadde.

Og dei skuldige har aldri vorte stilte for retten. Ein har heller ikkje funne ut eksakt kven som gav ordren om å ty til våpenmakt.

Eg spør Kang kva det koreanske folket skal gjera: gløyme eller straffe?

– Det er umogeleg å heile dei grufulle minna, ein må leva vidare og sjå framover, fortel Kang med ei varsam, nærast kviskrande røyst:

– Men ein skal heller ikkje gløyme ugjerninga. Det faktumet at regimet ikkje likar boka, provar at dei ikkje likar sanninga om massakren i Gwangju. Etter at eg skreiv denne boka, var det mange som kom og takka meg. Det gjorde sterkt inntrykk på meg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis