Foto: Universitetet i Bergen
So vidt du veit det!
Eg saknar deg so jævlegt!
Eg saknar deg til musikk av Bach.
Eg saknar deg om vinteren.
Eg vil leggja meg ned i snøen
og frjosa til is utan deg.
Eg lengtar etter deg om sundagen.
Eg lengtar etter deg heime og på jobben,
og eg lengtar etter deg til musikk av Bach.
Eg skal lengta so brennande
at du skal kjenna det over 100 mil.
Eg elskar deg heime og på jobben.
Eg elskar deg når eg går i snøen,
eg elskar deg over 100 mil.
Eg elskar deg i mi einsemd,
og når eg er saman med andre.
Og eg vil at du skal vita det.
Gudlaug Nedrelid

Ein forfattarskap treng ikkje vera samansett av mange bøker. Éi bok kan vera nok til forme ein mogen og heilskapleg litterær profil. Slik er det med den einaste diktsamlinga Gudlaug Nedrelid har gjeve ut, I ulvekjeften frå 1992.
Her stig ein diktar fram med eit ferdig utvikla poetisk handverk: Klassiske sonettar står attmed dikt på frie vers. Så er det heller ikkje kven som helst som har skrive samlinga. Nedrelid er i dag professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder, med personnamn som spesialitet. Denne bakgrunnen kjem fram i andre delen av I ulvekjeften, i eit dikt kritiserer ho namnebruk i dag: «borni sine/ kallar dei Ronny og Renate». Eg raudna då eg las dette, men så er eg sjølv ikkje skuldig i namnet mitt.
I ulvekjeften er på ingen måte ei akademisk samling. Det er tale om kommunikative dikt, skrivne av eit menneske av kjøt og blod – ja, temperament. Fyrstedelen av boka er vigd ei kjærleikssorg. Tittelen har med dette å gjera: «eg vil ha eit trygt liv/ utan hjartebank og store sinnsrørslor», heitet det i eit dikt, men i neste vers står det: «Då ulvar gnall og ilte gjennom skogen/ og stormen kvein og rasa over sund./ Då kom eg nær og brende meg på lògen./ Men eg var levande ei liti stund». Det er kjærleikslogen diktar-eget opplevde som «glefsande», som det heiter i «Dyret».
Eit høgdepunkt i samlinga er det lange «Brev til det uskapte barnet», som fekk meg til å tenkje på eit anna dikt i norsk litteratur, «Til son min» av Olav Nygard. Om Nedrelid og Nygard har ulik handsaming av emnet, er begge dikta kjennemerkte ved intensitet og ærlegdom.
«So vidt du veit det!» er eit anna høgdepunkt. Ho kunne ha skrive «eg tenkjer på deg heile tida», men det er meir verknadsfullt – og poetisk – å skildre alle dei vidt ulike augneblinkane lengselen kjem til uttrykk i. Vi legg òg merke til alle oppattakingane, alle linene som byrjar på «eg», det gjev diktet ein manande effekt – som strekar under bodskapen i siste verslina. Tilvisinga til Bach blir som eit refreng. Bach blir eit kontrast til meir kvardagslege ting som «jobb» og «snø», og samtidig ei vektlegging av det lidenskaplege og lengselsfulle.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.