Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ein som lagar ting

Carl Frode Tiller har aldri vore ein Bjørnson.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9100
20190621
9100
20190621

Litteratur

jon@dagogtid.no

Å tala om språk er stort sett meta. Meta bør journalistar halda seg unna. Vi forstår ikkje noko av det. Men no lyt vi til pers, for Carl Frode Tiller var førre veke årets festspeldiktar på Dei nynorske festspela i Hovdebygda. Det vart han av di han skriv godt og attpåtil skriv på nynorsk. Så då må vi gjennom det vanlege: Kvifor skriv han, korleis ser han på forfattarolla og kvifor nyttar han nynorsk?

Han opnar med å gjera intervjuaren «ottefus», som Hallstein Bronskimlet sa på sin konstruerte nynorsk. Eg spør om han liker å verta utsett for slike intervju som han er vorten utsett for i Hovdebygda.

– Det kjem an på kven som intervjuar meg.

Kvifor?

Eg fylgjer opp med det mest klassiske og irriterande spørsmålet forfattarar får: Kvifor skriva?

– Eg veit ikkje heilt... Men eg har vel det same svaret som musikarar har når dei vert spurde om kvifor dei speler: Det er nok den måten eg utrykkjer meg best på. Eg oppdaga tidleg at eg kunne denne sjangeren, at eg meistra han snøgt. Eg uttrykte meg betre når eg skreiv enn når eg snakka. Det vart eit frirom. Når ein skriv, i det minste skjønnlitterært, kan du nytta fantasien. Du kan bestemma sjølv. Så held eg berre fram med å vera i frirommet.

Men å vera i det frirommet som skriving er, er ikkje heilt utan problem. For etter kvart kan ein ikkje noko anna. Å skriva er ulikt det mest anna der ute og har særleg mellom «vanlege» folk aldri vore sett på som ærleg arbeid. Og kven vil ha ein identitet som ein uærleg arbeidar?

– Eg tenkjer av og til at det einaste alternativet eg har att til skriving, er uføretrygd.

– Nett det har eg faktisk tenkt ein del på. Nei, eg greier i grunnen ikkje å sjå på meg sjølv som forfattar. Eg er i grunnen berre ein som liker å laga ting. For meg er det nett like tilfredsstillande å halda på med musikk, sjølv om eg der lagar ting som ikkje skal ut. Eg berre liker å setja saman delar og så seia til meg sjølv: Dette!

Fotball

Tiller er nordtrønder og har sjølvsagt spelt mykje fotball. Alle som har spelt mykje fotball, veit at det er eit frirom. Med éin gong vi byrjar, skjer ting av seg sjølv. Vi må ikkje lenger reflektera over det vi gjer. Fotball er på same tid både eit sett med reglar og ein frigjerande flytsone. Eg spør om det å skriva kan samanliknast med det å spela fotball, det å merka at kroppen berre gjer ting automatisk.

– I fotball berre skjer det som skjer. Ja, det kan samanliknast med skriving. Eg likte fotball utruleg godt. Men det handlar også om faste rammer, vi veit kva som er lov og ikkje lov. Men innanfor denne fotballogikken kan kva som helst skje, nett som når eg skriv. Eg set med éin gong nokre reglar for meg sjølv, og så byrjar det. Skilnaden er sjølvsagt at i skrivinga avgjer du sjølv kva som er reglane.

Nynorsk

Her hamnar vi ein diskusjon om skilnaden på reglar i fotball og i skriving. Eg taper diskusjonen og går over til eit anna sett med reglar, nemleg reglane for nynorsk. Dei er mange. Tiller, som vi har fått med oss, voks opp med bokmål. I si tid, då han fann ut at han ville verta romanforfattar, byrja han å skriva støtt, på bokmål. Frå den tida sit han att med eit manus på nesten 2000 sider.

– Det var stort sett møl. Eg har vel funne 14–15 sider som eg har nytta seinare.

– Skal du brenna det før du døyr?

– Det trur eg. Det ligg på nokre diskettar heime i huset til foreldra mine. Men når eg no hadde denne trongen til å skriva, meinte eg på eit vis at då var eg forplikta til å skriva. Eg visste at det var møl, likevel skulle eg fullføra det før eg gjekk vidare. Og då var det dette eg har snakka om mange gonger før, nynorsken, som kom og berga meg. Då vart det eg skreiv noko anna.

– Du lyt seia det ein gong til: Kva er det med deg og denne nynorsken?

– Det var dette med avstand. Då eg skreiv på bokmål, måtte eg heile tida omsetja dialekta mi. Det som kom ut, var noko anna enn eg hadde intensjon om at skulle koma ut. Eg har ikkje noko mot bokmål. Eg skriv sjølv bokmål når eg ikkje skriv romanar. Det kan vera at eg kjem til å skriva noko skjønnlitterært på bokmål òg. Men då kjem eg til å gjera det som eit kunstnarleg val, av di eg meiner det passar stoffet. Nynorsk, derimot, valde eg av di eg kunne skriva dialektnært.

Duun

Rett nok ser ikkje Tiller føre seg ein situasjon der han aktivt kjem til å velja bokmål så lenge stoffet vert henta frå Trøndelag og er forankra i trøndersk realisme.

– No er det sjølvsagt ein distanse mellom trøndersk og nynorsk òg. Men eg berre merkar at avstanden er mykje mindre enn på bokmål.

– Men kan ikkje distansen mellom dialektnær trøndersk nynorsk og lesarane verta for stor? Eg liker Olav Duun særs godt, men det er litt frigjerande å lesa han på dansk.

– Duun er eit førebilete. Eg var særs oppteken av han tidleg i 20-åra. Mor mi vart litt lei og hevda at eg snakka som ein karakter i Duuns univers. Men han synte at det går an å nytta namdalsdialekta i litteraturen. No har rett nok dialekta vorte mykje utvatna sidan Duun. Men eg er lik han i den forstand at eg ikkje vil skriva rein dialekt. Det trur eg vert for framandgjerande for lesarane. Eg las nett ei bok på rein trøndersk, og det fungerte bra for meg. Men eg forstår lesarane som ikkje vil ha rein trøndersk.

Næringsvit

Å skriva romanar er risikosport. Svært mange meiner dei kan det, få lukkast. Om ein tenkjer næringsvit, er romanskriving noko ein bør halda seg langt unna. Intervjuet går føre seg på Sunnmøre, som vel ikkje har fostra ein einaste romanforfattar som har gått inn i ein nasjonal kanon. Hugen etter pengar har kanskje stått i vegen.

– Dette er eit sunnmørsk spørsmål, men då du byrja, var du ikkje redd for at du ikkje kunne forsørgja ein familie?

– Sjølvsagt var eg det. Men då eg byrja, hadde eg berre meg sjølv å tenkja på. Då var det nesten litt romantisk å sitja på hybelen åleine. Eg tok opp studielån, og så døydde mor mi, og eg arva litt pengar. Men nett då eg var ferdig med det fyrste manuset, fekk eg familie. Då vart skepsisen stor frå resten av familien. «Han trur han kan leva av å skriva rare romanar, attpåtil på nynorsk.»

Rare romanar

– Det høyrest ut som ei oppskrift på trygd, ja.

– Eg skjøna skepsisen særs godt. Men samstundes støtta dei no meg på eit underleg vis. Dei såg at eg ynskte dette, men dei fekk rett. Særleg dei fyrste åra, før stipenda kom, var det kummerlege kår, ja.

Så kvar kjem denne trongen til å skriva «rare romanar» frå? Eg spør om det er ei metafysisk, nærast ei religiøs åre som gjer at han vil inn i ei anna verd, skild frå det stoffelege i kvardagen.

– Ligg du som ein religiøs tenkjer vaken om natta og balar med eksistensielle spørsmål?

– Ja… Eg liker ikkje å snakka om slikt. Eg høyrest ut som ein romantikar når eg snakkar om det. Men ja, av og til tenkjer eg på universet mitt heile tida og må laga meg faste ritual for å koma meg ut av desse tankane. Når det er sagt, er vel all denne tenkinga ein konsekvens av arbeidet mitt. Eg lever eit særs usosialt liv. Det gjer at eg har veldig mykje tid til å tenkja og grubla. Når det vert for innestengt, tenkjer eg «at no må eg få meg nokre venar». Det er litt underleg for ein forfattar som skriv om det sosiale. Eg held gjerne på med ein roman i tre år og er heilt ute av sosial trening. Så, brått, når boka er ferdig, må eg ut å møta utruleg mykje folk. Eg tenkjer at eg ikkje er heilt rar, men…

På parnasset

Men det er ikkje til å koma forbi, Carl Frode Tiller er i dag forfattar, attpåtil ein mykje omtalt og godt likt forfattar. Han er framme. Eg spør han om korleis han liker denne rolla. Eg nemner ein to–tre eldre forfattar som ser ut til å dyrka rolla som stor politisk tenkjar og har meiningar om det meste. Eg seier òg at det eg kanskje liker best i mi tid, er at slik roller ser ut til å døy ut, at samtida ikkje aksepterer det pretensiøse og opphøgde.

– Eg kjenner meg godt igjen i det du seier. Eg hugsa då eg debuterte. Eg kjende meg så utrygg. Då boka var ute, fekk eg mykje merksemd, eg som aldri hadde vore intervjua før. Eg tenkte mykje på korleis eg skulle opptre. Eg vart altfor medviten, for eg prøvde å inntaka den klassiske rolla, å vita mykje meir enn eg visste. I den eine stunda var eg ein klok mann, i den andre ein romantisk rebell som drakk for mykje.

Miljøvern

Dette, seier Tiller, har heldigvis endra seg. Han har ikkje lenger problem med å seia at han ikkje veit dersom han ikkje veit.

– Ein del av det eg har skrive om, er miljøvern. Men det er ikkje av di eg er særmerkt kunnskapsrik på feltet. Det eg skreiv, var skjønnlitteratur, miljøvern passa inn der, og eg las meg litt opp. Men når folk no til dømes spør meg om klimakrisa, vedgår eg ope at eg ikkje er nokon autoritet på feltet. Eg seier at «du må ikkje spørja meg om slike ting». For tjue år sidan hadde eg nok svart med stor og falsk overtyding. Når det er sagt, var nok ei slik rolle meir vanleg før, at mange tok denne litt Bjørnson-prega posisjonen.

– Du har aldri vore særleg politisk?

– Nei.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg vart altfor medviten, for eg prøvde å ­inntaka den klassiske rolla, å vita mykje meir
enn eg visste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis