Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Målarstykke i Melhus kyrkje. Uvisst om det er Petter Dass

3153
20180622

Om håkjerringa

Men ingen blant alt det der røres i Hav

Er riger’ paa Lever, hvor tran giøres af,

End vaares Haa-kiering, hin gamle;

Hvis Lever, naar hun er fuldvoxen og heel,

Mand rundelig deraf een Hollandsk Cordeel

Med klareste Fedme kand samle.

Den best pleyer fanges paa synderlig Form,

Hun render til Krogen som Rytter i Storm,

Det er med Forundring at høre:

Saa snart hun fornemmer, den Angel er fast,

Omtuller hun strax sig den snedige Gast,

Derover optaves det Snøre.

Det skeer og med saadan en hastendes Iil,

at Huden paa hende som raspende Fiil

Skær Snøret, før man det kand anse;

Men hvilken der tæncker den Sejer at faa,

En favn Jern Læncker hand lave sig maa,

Saa lær hand den Kiering at dantze.

Hun kaldes en Kiæring, og det er vel vist,

Dog haver hun ingen av Tænderne mist

Som kiæringer plejer at blive;

Kast i hendes Kiæfter en dobbelte Kal –

Kast tyckeste Kabel, hun bide den skal,

Som den var afskaaren med Knive.

Mand skiær hendes Kiød udi Reklinge-Rad,

Dog bliver det ingen velsmagende Mad,

Førend den kand Aars-gammel vorde.

Petter Dass

Eit av dei finaste litterære diktverk i norsk litteratur, ja, europeisk litteratur, er Nordlands Trompet, og då særleg partiet «Svemmende Dyr i det Nordlandske Hav», som inneheld poetiske skildringar av nordnorske fiskeslag. Forfattaren er sjølvsagt Petter Dass (1646/47–1707). Nordlands Trompet kom ut for fyrste gong i 1739, men verket var truleg fullført kring 1700.

Partiet «Svemmende Dyr» kan måle seg med andre diktverk av realistisk karakter på 1600-talet. Det er eit moderne verk. Medan humanistiske diktarar skildra naturen med utgangspunkt i kva lærde menn skreiv i antikken – skildringar som er fulle av fablar og mytar – tok Dass utgangspunkt i eigne og andres sanseopplevingar. Les du Nordlands Trompet, må du leggje merke til kor ofte diktaren viser til sanseorgana syn, smak og høyrsle. «Det er med Forundring at høre», skriv Dass i passasjen ved sida av, om håkjerringa. Presten har kan hende sjølv vore med på håkjerringfiske, eller fått det levande fortalt av ein fiskar med fyrstehands kjennskap om haien.

Håkjerringa er utan tvil ein forunderleg, mystisk skapnad – som det kjem fram av Morten A. Strøknes’ kjende bok om fisken. Hjå Dass stig ho fram som ein heroisk riddar under vasskorpa, som er vanskeleg å fange, men som òg har noko gamalvore, komisk over seg: Ho kan bli gamal som ei kjerring, men utan at ho misser tennene. Haien kan nemleg bli opp til 500 år.

Dass legg òg vekt på håkjerringa som salsvare: Leverfeittet hennar kan samlast i «een hollandsk Cordeel», med det meiner Dass ei tunne tran. Diktarpresten skriv lenger ned at kjøtet hennar òg kan turkast som rekling, men at det fyrst blir godt når det er årsgamalt.

Dermed kjem vi på sporet av kva som motiverte Dass til å skrive Nordlands Trompet. Det er ikkje berre tale om hyllest av landsdelen i nord. «Svemmende Dyr» kan sjåast på som ein salskatalog – nedteikna med fantasi, humor og forteljarglede – over nordnorske handelsprodukt, mynta på kjøpmenn på reise langs kysten, såkalla uteliggjarborgarar. Kjøpmannspresten Dass var glad i landsdelen sin, men han var òg glad i pengar.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB

Ordskifte
Thomas Mo Willig

Fotball og laksediplomati

Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn
Atle Grønn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis