Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Endeleg kan grønlandske born lesa Den lille prinsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein rikmann frå Sveits sørgjer for at Den lille prinsen kjem ut på grønlandsk. Her er Saint-Exuperys teikning av prinsen gjeven att på ein varmluftballong.

Foto: Wikimedia

1103
20170804
1103
20170804

ottar@dagogtid.no

Den sveitsiske rikmannen Jean-Marc Probst har sørgd for at den filosofiske, franske barnebokklassikaren Den lille prinsen, som er skriven av Antoine de Saint-Exupéry, vert sett om til grønlandsk. Probst samlar på boka og har 4390 utgåver, melder Politiken.

Utgåvene er fordelte på 331 ulike språk og dialektar.

Boka kjem ut på grønlandsk den 10. august, då med tittelen Ataqqinartuaraq. Det er Mira Kleist som har sett om boka. Kleist har ikkje omsetjarrøynsle; det var kjærasten hennar som fekk henne til å setja i gang med prosjektet. Han er samlar og har 27 ulike utgåver av boka, og det var han som tok kontakt med Jean-Marc Probst.

Forlaget Milik sa først nei til å gje ut boka på grønlandsk, men så lova den sveitsiske rikmannen å medverka til finansieringa av omsetjinga. Probst brukar ein del av formuen sin til eit fond som har som einaste mål å auka kjennskapen til Den lille prinsen i så store deler av verda som mogleg.

No er det sjanse for at boka kan koma som klassesett til alle skulane på Grønland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

ottar@dagogtid.no

Den sveitsiske rikmannen Jean-Marc Probst har sørgd for at den filosofiske, franske barnebokklassikaren Den lille prinsen, som er skriven av Antoine de Saint-Exupéry, vert sett om til grønlandsk. Probst samlar på boka og har 4390 utgåver, melder Politiken.

Utgåvene er fordelte på 331 ulike språk og dialektar.

Boka kjem ut på grønlandsk den 10. august, då med tittelen Ataqqinartuaraq. Det er Mira Kleist som har sett om boka. Kleist har ikkje omsetjarrøynsle; det var kjærasten hennar som fekk henne til å setja i gang med prosjektet. Han er samlar og har 27 ulike utgåver av boka, og det var han som tok kontakt med Jean-Marc Probst.

Forlaget Milik sa først nei til å gje ut boka på grønlandsk, men så lova den sveitsiske rikmannen å medverka til finansieringa av omsetjinga. Probst brukar ein del av formuen sin til eit fond som har som einaste mål å auka kjennskapen til Den lille prinsen i så store deler av verda som mogleg.

No er det sjanse for at boka kan koma som klassesett til alle skulane på Grønland.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis