Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix
Gå til Onkel
Ja, det er vondt å væra blakk nedi Baltimore,
men det er ti ganger verre i Rouen.
Og blir’u akterutseilt nedi Singapore,
da syns du sjømannslivet er en sørgesang.
Oi, oi, oi, oi, sjømannslivet er en sørgesang.
Da må du gå til Onkel, snille Onkel.
bare gå til Onkel med klokker og klær.
Kom til Onkel, snille Onkel,
bare kom til Onkel på krokete knær.
Oi, oi, oi, oi, der kan du stampe fela di
og skjorta di og sjela di,
men trå ikke Onkel for nær,
nei, nei, trå ikke Onkel for nær.
Jeg gikk i land som en gullfisk i Frisco by.
Jeg hadde blådress og lommebok og ring.
Men den som danser for lenge nedi Frisco by
han vil som regel våkne opp med ingen ting.
Oi, oi, oi, oi, som regel våkne opp med ingen ting!
Refreng: Da må du gå til Onkel …
Jeg gikk i stampen med min strengeløse mandolin.
Jeg gikk i stampen med min gamle busserull.
Og så gikk trøya og slipset og yankee-hatten min,
og her forleden dag gikk tenna av gull.
Oi, oi, oi, oi, forleden dag gikk tenna av gull.
Refreng: Jeg måtte gå til Onkel …
ERIK BYE

Erik Bye (1926–2004), velkjend frå fjernsyn, underhaldning og offentleg debatt, var ein moderne rettferdsmakar. Med akademisk utdanning frå USA og journalistisk praksis frå England laga han frå 1958 norske TV-program som fokuserte på mørklagde tilhøve hjå oss, ikkje minst handsaminga av utesiglarane.
Han var òg ein utøvar av visa, både som songar, tekstforfattar og komponist, og han gav ut fleire visebøker. Den første kom i 1963: Venners viser og egne vers, der han presenterer 52 tekstar, frå «Rolandskvadet» til vers av Hans Børli. Åtte av songane stod han sjølv for – «Skomværvalsen» og «Anna Lovinda» er av dei mest kjende.
«Gå til Onkel» er kan hende den første norskdikta calypsoteksten vi har, denne musikkforma frå Trinidad som vart verdskjend med «Banana Boat Song», der Harry Belafonte i 1956 lanserte det som vart nordmannen Fleksnes’ kallerop mange år seinare: «Day-o! Day-o!», med framhaldet: «Day light come and me wan’ go home» – altså båtsjauarar som lempa bananar heile natta.
Calypso tok ofte form som lokale protesttekstar – òg i «Drinking Rum and Coca-Cola» frå 1945, som handlar om kjønnshandel: «Both mother and daughter/ workin’ for the Yankee dollar.» Musikken oppstod i det karibiske samfunnet og utvikla seg sidan i sørstatane i USA, påverka av fransk kreolkultur, arbeidssongane til slavane, New Orelans-jazz og tolvtaktarblues. I Norden vart han ofte lyft ut av den mørke bakgrunnen – som i Olle Adolphsons «En glad calypso om våren».
Er Erik Byes calypsotekst ein humoreske? Så er det sosiale likevel til stades. «Onkel» er slang for pantelånar. Ein sjømann går i land i San Francisco «som ein gullfisk», og endar opp med å stampe gebisset sitt av gull.
JAN ERIK VOLD
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.