Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kva vil du ha for å bli glad?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Vidar Ruud/NTB scanpix/Dag og Tid

2757
20180309

Fiktivt

Eit tenkt intervju med Sumya Jirde Ali

2757
20180309

Fiktivt

Eit tenkt intervju med Sumya Jirde Ali

– Hei, Sumaya, og gratulerer med overstått kvinnedag!

– Tusen takk, seier Sumaya.

– Korleis er det med gleda om dagen?

– Eg er glad, eg, seier Sumaya.

– Ja?

– Inst inne, ja. Som Dostojevskij skriv: Men litt fred og ro hadde og vore fint.

– Det skjønar eg, seier eg og ser ut dei store vindauga like til høgre for oss. Ut på den kvite jorda. Og den nesten like kvite himmelen. Det er vinter. Liten tvil om det.

Sumaya har blitt kalla hettemåke, har eg fått med meg. Av nettrolla. Mest truleg fordi ho har ein hijab på hovudet. Eit plagg med mykje bagasje.

– Men hettemåke? Eg har alltid syntes hettemåken er så pen, seier eg. – Måkar generelt er jo ikkje noko å skryte av, men hettemåken har alltid, for meg, vore den nette blant dei. Den vene. Elegante.

Sumaya smiler så vidt.

– Kjenner du òg til den teorien som seier at måkar, historisk sett, er jordfalne englar?

– Å? seier Sumaya.

– Ja, visstnok. Og at det seier noko om sjølvforakta i alle menneske. At vi som regel berre ser det heslige i oss sjølve. Og difor og slik er desse fæle fuglane blitt Guds eigne på jorda.

– Er det her vitskap, spør Sumaya, lett mistruisk.

Eg må tenkje litt.

– Eg er ikkje sikker, seier eg så.

– Det kan òg vere frå ein roman. Men romanar er jo ålreite dyr.

– Heilt klart, seier Sumaya.

– Og poenget mitt var, eller er, at måkar er store og skumle. Eg skvett kvar gong ein landar framfor føtene mine. Og dei et kva som helst. Og dei skrik. Og dei bøllar med andre fuglar. Men likevel tenkjer eg kvar gong eg høyrer Odd Børretzen synge at han hatar måkar, at dei òg er englar. At eg ikkje veit noko utover meg sjølv. Ikkje eigentleg.

– Bøllete englar, spør Sumaya med eit smil.

– Ja, kvifor ikkje? Stridsenglar finst jo. Om det finst englar, meiner eg. Og ifølge ordboka er dei englar rusta til og klare for krig. Sånn sett er ikkje hettemåkar det verste i verda, seier eg.

– Nei, seier Sumaya.

Før eg seier noko om at ho enno er ung. Og at verda, tru meg, vil sjå annleis ut med åra.

– Det gjeld å halde ut, seier eg, det gjeld å kome seg gjennom, Eg veit ikkje om du har lese eit dikt som heiter «Song of a Man Who Has Come Through» av D.H. Lawrence?

– Skreiv ikkje han mest romanar, spør Sumaya.

– Dikt også, seier eg.

– Ikkje lese, seier Sumaya.

– Det er eit flott dikt. Mot slutten bankar det på døra hos diktaren. Tunge slag. Kven er det? Skal vi vere redde? Er det nokon som vil oss vondt? Nei, nei, skriv Lawrence, det er ikkje det: «it’s the three strange angels, admit them, admit them».

– Tre framande englar, seier Sumaya, litt drøymande.

– Slepp dei inn, seier eg, slepp dei inn!

Og så seier vi ikkje meir.

Nils-Øivind Haagensen

Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forleggar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis