Kva vil du ha for å bli glad?
Illustrasjon: Heiko Junge / NTB scanpix/Dag og Tid
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Ane Dahl Torp
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Ane Dahl Torp
Eg har tatt Ane Dahl Torp med til den gamle heimebana og heimegarderoben på SIF-tun, der Skarbøvik held til, i Skarbøvika i Ålesund. Svarte og kvite drakter. Fleire nedrykk enn opprykk. Mange kampar i sidevind. Vi sit på den minimale tribunen og ser ned på hovudbana, kor dei vaksne fekk spele, ikkje vi ungane. Det er ikkje eit imponerande syn. Sjølv om fjella rundt er flotte. Og havet rullar ikkje langt der nede.
– Kva synest du, Ane?
Skodespelaren frå NRK-serien Heimebane ler kort:
– Bana er i alle fall nokså jamn, seier ho, med nikk til dei elendige forholda det norske kvinnelandslaget blei møtt med i Nord-Irland nyleg.
At menn på fjerde nivå i norsk seriespel har betre baneforhold enn kvinnelige spelarar på det aller øvste, er ikkje bra, men det er inga bombe.
– Men kva vil du ha for å bli glad om dagen? Er det ein kvinneleg trenar i norsk eliteserie?
Ane ler:
– Det er nok ikkje så viktig for meg personleg, men at det skal vere så umogleg, er heller ikkje bra.
– Nei, seier eg.
– Korleis er det med Skarbøvik, då? Har de hatt kvinnelege trenarar her?
Eg ristar på hovudet:
– Sjølvsagt ikkje, seier eg og held fram:
– Og dei trenarane vi hadde, dei var ikkje… Dei var ikkje gode. Dei bestemde seg tidleg for kven du var, og det blei nærmast ein sjølvoppfyllande profeti kven som var «god» og kven som var «dårleg». Ein profeti som så spreidde seg til gruppa og gjorde det legitimt for nokre av gutane å bli plukka på.
– Var du ein av dei, spør Ane.
– Frå tid til anna, seier eg. – Trur du ei kvinne hadde gjort det annleis?
– Veit ikkje, seier Ane.
– Trur du Helena Mikkelsen hadde gjort det annleis?
– Veit ikkje, seier Ane på nytt.
– Kan hende.
– Eg hugsar trenaren tok tak i draktkragen min ein gong og trykte meg opptil veggen av di drikkeflaska eg brukte, var litt øydelagt og safta rann utover golvet. Eg hugsar eg blei bytta ut etter fem minutt og eitt spark på ballen. Eg hugsar trenarar som drakk seg fulle medan vi borna sov.
Eg ser ned og gjentar:
– Det verste eg veit, er fotballtrenarar. Og supporterar som klappar og syng «alle gutta» på kamp.
– Kven gjer det?
– Gjer ikkje Klanen det, til dømes? Sikkert Stormen også.
– Stormen, spør Ane.
– Veit du ikkje kva Stormen er? Det er supporterklubben til «jævla Ålesund».
Ane ler:
– Jævla Ålesund, gjentar ho.
– Jævla Skarbøvik, rettar eg det til, og vi reiser oss opp. Kryssar hovudbana og begynner opp skaret mellom fjella. Der vinden tar ekstra tak. Eit par, tre gutar spring forbi med ein ball mellom seg. Kven veit kva det blir av dei?
Nils-Øivind
Haagensen
Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forleggar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.