JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmKultur

Ei klasseskiljereise

For nokre år sidan vart eg kjend med ein gjeng sjuåringar frå Storbritannia. No er dei blitt 63 år gamle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er kosteleg fjernsyn når kostskuleborna John, Andrew og Charles snakkar om aviser, aksjar og kvifor fattige ikkje bør få sleppa inn på skulen deira.

Skjermdump frå filmen

7360
20190628
7360
20190628

Lytt til teksten

«Vis meg eit barn fram til det er sju år, og eg vil visa deg den vaksne personen.» Slik lyder premissen for Up-serien, ein dokumentarserie som til no har strekt seg over 56 år.

I 1964 vart 14 britiske sjuåringar frå ulike samfunnsklassar TV-kjendisar, då dei vart intervjua i filmen Seven Up!. Tanken bak prosjektet var å setja klassesamfunnet til veggs.

Blant borna finn me overklasse, middelklasse, arbeidarklasse og éin bondeson. Kvart sjuande år sidan har regissør Michael Apted gjort nye intervju med den same gjengen. Denne månaden kom den niande filmen i rekkja, 63 Up.

Gjennom 56 år har publikum fått sjå korleis dei 14 liva har utspela seg. På eineståande vis har Apted laga ein serie som fortel noko om kva det vil seia å vera eit menneske.

Michael Apted

Regissøren er sjølv vorten 78 år.

– Eg ser fram til å laga 84 Up når eg er 99 år, har han sagt.

Apted var i byrjinga av 20-åra då han vart med på det som skulle verta eit livsprosjektet. Programmet frå 1964 skulle eigentleg vera ein sjølvstendig film, men i åra som fylgde, var det mange som lurte på korleis det gjekk med borna frå Seven Up!. Apted gjekk til produksjonsselskapet og lufta ideen om ein serie.

– Om de vil satsa på dette, lovar eg å koma attende til England frå der eg måtte vera kvart sjuande år.

Soleis har dette vore noko Apted har gjort mellom andre filmar og seriar. Som ung var det øvste målet hans å få regissera ein James Bond-film. Det fekk han med The World is Not Enough i 1999.

Men sjølv agent 007 må vika for Up-serien.

– Dette er det viktigaste eg har gjort i livet mitt.

Klassane

Klasseskiljet, som var bakgrunnen for prosjektet, er svært tydeleg i dei fyrste filmane. Dei tre overklassegutane John, Andrew og Charles diskuterer kva avis som er best av The Financial Times og The Observer, og kva skular dei skal gå på vidare i livet. Alt som sjuåringar har dei klåre tankar om heile studiegangen og yrkesvegen sin. Det skremmande er at gutane har temmeleg rett.

Det vert klipt til andre endre av byen. East Ender-en Tony, som er kjapp både til beins og i replikken, har òg tankar om framtida: «Eg vil verta jockey når eg veks opp! Eg vil verta jockey!»

Med dagens augo ser klasseskiljet karikert ut når me møter rikmannsdottera Suzi. Ho har besøkstid hos foreldra med i dagsplanen. Elles er det barnejenta som tek seg av sjuåringen.

Tony

East Ender-Tony enda ikkje som jockey, men som plan B: Han vart taxisjåfør med eigen bil.

Tony er langt på veg favorittpersonen min. Han er oppriktig når han fortel om kjensler, utruskap og økonomiske utfordringar. Alltid med glimt i augo. Å sjå modninga frå den viltre sjuåringen til ein eldre mann som tørker tårer når han snakkar om borna, er rørande.

Apted hadde sett føre seg ein annan skjebne for austkantguten. Han trudde Tony på eit tidspunkt ville hamna bak murane.

– Det såra meg. Der tok du verkeleg feil, Michael.

– Ja, takk Gud for det, men det verka mogleg fordi situasjonen din var ganske røff, svarar Apted.

– Eg var 21 år. Alle har lov å vera 21 år.

Kostskule eller ei?

Kostskule er typisk for britisk overklasse, og overklasseborna var tidleg innlosjerte. Eit spørsmål som går igjen, er om dei vil føra tradisjonen vidare. Om dei så leikar med tanken, er det ingen som sender borna sine på kostskule. Som foreldre vil ein ikkje repetera det ein ser som feilstega til eigne foreldre.

For Suzi var dette spesielt viktig. Som vaksen fortel ho at ho kjende seg sett til sides som barn.

– Då eg vart mor, var det viktig for meg å ha borna heime og vera ei mor.

Suzi slutta i arbeidet sitt og var heime på fulltid fram til dei tre borna var i tenåra.

Bruce var eit alvorleg barn, men me ser tidleg engasjementet hans i å hjelpa andre. Han har vonde minne frå kostskulen.

– Minna eg har, er at eg gret mykje. Eg vart ofte straffa utan å vita kvifor.

Eit hjarteskjerande sitat frå fyrste filmen er når Bruce fortel om saknet etter faren.

– Av heile hjarte mitt ynskjer eg å sjå att far min, som bur 6000 miles unna.

Tony påpeikar at dei privilegerte klassane har akademisk føremon.

– Men på kostskule får du ikkje kjærleiken og nærleiken som eit East Ender-barn får.

Klasseskiljet i 2019

Apted spør 63-åringane: – Røtene til denne filmen er klassesystemet i England. Er det framleis gjeldande?

Som 21-åring sa overklasseguten Andrew fylgjande:

– Me har fleire moglegheiter, og det er ikkje ynskjeleg, men det er vanskeleg å gjera noko med.

Som 63-åring ser han ei utvikling.

– Klasseskiljet går no meir ut på kva du har klart å få til i livet, ikkje kvar du kjem frå.

Arbeidarklassejenta Sue meiner at klasse kjem med fødsel.

– Du kan aldri verta overklasse om du ikkje er fødd inn i det. Eg kan menga meg med folk frå overklassen, men eg vil alltid tilhøyra arbeidarklassen.

Frå eit norsk perspektiv ville Sue, som har både fin heim og ein god jobb, vore i middelklassen. For henne verkar klassen å vera ein viktig del av identiteten.

Tony tenkjer i same banar.

– Når alt kjem til alt, er det dei og oss.

Bondesonen Nick, som sju år gamal sa at «eg vil finna ut om månen og slikt», har vorte fysikar og professor ved eit amerikansk universitet. Han svarar på spørsmålet til Apted med å visa til kva skular dei leiane politikarane i England har gått på.

– Theresa May gjekk på Oxford same tid som meg. Me ser framleis at personar som har gått på dei rette skulane, styrer landet. Dei er ikkje nødvendigvis dei som passar best til å styra. Dei har ein overflatisk veremåte og kan presentera seg sjølve bra frå eit podium, men det er alarmerande at dei er dei einaste som endar opp med å faktisk styra.

Arv og miljø

Stemmer premissen for serien? Kan ein seia korleis eit vakse menneske vert ut frå dei fyrste sju leveåra?

Alle 63-åringane kjenner seg att i sjuåringen, og dei gjev hypotesen mykje rett.

– Eg trur det er sant til ei viss grad. Du kan vera sjenert eller utåtvend. Alt det er inni deg. Men så skjer livet, og alle erfaringar vil prega deg, seier Sue.

– Eg kjenner meg att i den nyfikne guten som ville finna svaret på alt, seier bondesonen Nick.

Heile serien gjev eit godt bilete på korleis arv og miljø er dei styrande faktorane i livet.

Barneheimsgutane Paul og Symon er kan henda mest prega av miljøet. Ustabile barneår vekke frå familien har vore hemmande, og begge har vore usikre på seg sjølv gjennom livet.

Godta livet

Deltakarane i Up-serien har aldri ynskt å visa seg fram. Tvert om ser dei fleste med gru på kvart sjuande år.

– Eg har denne idiotiske lojalitetskjensla til serien, sjølv om eg hatar å delta i han, seier Suzi i 56 Up.

Up-serien er rik. Han fortel om skjebnar, korleis tid forandrar menneske og samfunnet. Folka vert eldre, og perspektiva dei har på livet, endrar seg. Klasseaspektet vert mindre, og fokuset på det menneskelege aukar. Utfordringar får du uansett om du er fødd med sølvskei i munnen eller ikkje.

Som Nick seier:

– Denne serien er viktig. Han viser ikkje eigentleg eit bilete av personen Nick, han viser eit bilete av kvarmansen.

Kva lærdom får eg frå serien? Det er ingen vits i å gå og bera nag i 56 år. Godta lagnaden din. Godta foreldra dine og godta borna dine. Livet er ikkje lett for nokon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Andrew

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis