JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmKultur

Frå draum til sorg

Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.

Foto: Maria Gros Vatne

9174
20241206

Bakgrunn

Silje Evensmo Jacobsen er regissør og manusforfattar, og Mari Bakke Rise er produsent for dokumentarfilmen «Ukjent landskap», som først blei vist på Sundance Film Festival 19. januar. Kinopremieren i Noreg var 5. april 2024.

Filmen har vore med på 50 internasjonale filmfestivalar og vunne 14 prisar. I slutten av november blei det kjent at «Ukjent landskap» er blant 169 kvalifiserte filmar til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».

I dag er filmen tilgjengeleg på NRK TV.

Film

redaksjonen@dagogtid.no

Først braka det laus i januar 2024 med storjuryens prestisjetunge pris for «Beste internasjonale dokumentar» på filmfestivalen Sundance i USA. Aldri før hadde ein norsk film vunne denne prisen. Til sommaren kom Amanda-prisen for beste dokumentarfilm, og i heile haust har både Silje og hovudpersonane reist rundt i verda for å ta imot filmprisar, no sist i Japan og Egypt.

21. november 2024 kom meldinga om at Ukjent landskap og Benjamin Rees Ibelin er å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm». Dette er første steg mot ein Oscar-nominasjon, der fem filmar til slutt konkurrerer om statuetten.

Silje Evensmo Jacobsen bur i Oslo, men er kjapt heimom hos foreldra i Stavanger. Ved Godalen strand, ein rusletur frå sentrum, tek me ein prat før ho skal vidare på filmfestivalar på Island og i Canada.

– Kva betyr det å vinne filmprisar?

– Berre det å vere representert på ein festival som Sundance, er segnomsust. Dette er den største uavhengige filmfestivalen i USA og kan for mange produsentar vere inngangen til den nordamerikanske marknaden. Sjølv var eg usikker då me avslutta Ukjent landskap. Etter å ha sett filmen tallause gonger i arbeidet med klippinga, veit ein ikkje lenger kva ein har.

Heilt i starten blei filmen avvist av ein liten norsk filmfestival.

– Dei prioriterte meir etablerte regissørar, men gav oss tilbod om å vere med på eit kunstprogram litt på sidelinja. Me var jo først glade for det, men ein dansk distributør meinte at filmen kunne passe på Sundance. Sjølv torde eg ikkje å tru på det. Då filmen blei akseptert som eit av 17.000 innsende bidrag, og seinare vann pris, visste eg at no opnar dørene seg.

Oscar-sjansane vurderer Silje som små, men ho gler seg over at Ukjent landskap er med i racet. Ho trekkjer fram at filmen så langt har blitt vist på over 50 festivalar i heile verda, og tenkjer at det er stort for ein film som i starten ikkje eingong var planlagd for kino.

Silje Evensmo Jacobsen er regissør og manusforfattar.

Foto: Mona Louise Mørk

«Nik og Maria realiserte det som for mange berre er ein desperat og forbigåande tanke midt i rushtida.»

Dramatisk vending

Ukjent landskap skildrar ein samansveisa familie der kvardagen vekslar mellom heimeskule, turar i skogen, jobbing i fjøset og økologisk jordbruk, før alt tek ei dramatisk vending. Nik Payne og kona Maria Gros Vatne realiserte det som for mange berre er ein desperat og forbigåande tanke midt i rushtida. I fleire år kunne ein aukande følgjarskare lese om eit alternativt liv, og sjå dei vakre bileta på bloggen til Maria, Wildandfree.no.

Familien var for mange sjølve eksempelet på at det verkeleg går an å skalere ned, produsere sin eigen mat og ha meir tid saman. Bloggen vekte også merksemda til Silje, som for ti år sidan fekk ideen til ein TV-serie om kvardagen til familien. Ho laga først ein pilotepisode, men NRK takka nei. I fleire år låg planane på is. Familien Payne Vatne fekk sitt fjerde barn, og inspirerte stadig fleire.

Sommaren 2018 vart det uvanleg stille på bloggen, før følgjarane kunne lese at Maria hadde fått diagnosen livmorhalskreft i fjerde stadium. Etter ein haust og vinter med cellegift og immunterapi gjekk ho bort i mai 2019.

Gje draumen plass

– Enkelte idear gløymer ein berre ikkje. Universet til Maria hadde gjort stort inntrykk på meg. Eitt år etter at ho døydde, hadde eg tid til nye prosjekt og tok kontakt med Nik. Det var noko med denne familien, og eg kunne berre håpe at eg var den rette til å forvalte historia. I starten hadde eg ikkje prosjektstøtte, og filma sjølv. Eg såg for meg eit lite kunstprosjekt. Det var ingen stor ambisjon bak, men ein gneiste og ein vilje til å fortelje.

Filmen har eit bakteppe av sjukdom og sakn, men Jacobsen meiner at dette først og fremst er ein film om livet, og om å finne tilbake igjen. Bileta og tankane til Maria sette i gang planane om ein dokumentarfilm. Ho ville ta kontroll over sitt eige liv, og leve tettare på barna og naturen. Eit mål for Silje var å gje denne draumen plass i dokumentaren, sjølv om Maria var borte.

– I kva grad klarer ein som dokumentarfilmskapar å vere «fluge på veggen»?

– Familien er filma over to år. I starten ville eg få fram korleis dei opplevde sorga, men såg fort at ungane handterte dette på ein eigen og intuitiv måte. Dei kunne seie at dei sakna mora, for i neste sekund å lure på kva som var til middag. Det var berre å vere med på reisa deira, og ikkje tvinge noko fram. Eg ville prøve å forvalte ei autentisk sorg.

Som regissør har ein sjølvsagt ein plan i form av eit manus, men ingenting er iscenesett her, fortel ho.

– Ein fordel var at alle barna alt var vane med å ha kameraet til mora med overalt. Denne typen tilvenning tek vanlegvis mykje tid. Min strategi var å vere til stades så mykje som mogleg, og å filme så mykje som mogleg. Eg vil tippe at rundt 50 prosent av scenene er filma av meg aleine. Med ein gong det kjem eit heilt team, endrar stemninga seg. Når det er sagt, så skal ein også byggje opp ei historie og få ein samanheng som fungerer dramaturgisk og emosjonelt. Då kan det bli behov for at nokon fortel om planane for dagen. Det er som eit puslespel, og ein kjenner godt når scenene sit.

Silje fortel at det var viktig at dei involverte som hadde vore såpass personlege, kjende eigarskap til filmen. Då filmen kom ut, hadde det alt gått nokre år sidan Maria døydde, sorgprosessen hadde fått noko tid, og familien var stolte over filmen. I dag deler Silje, Nik og borna på å stille opp på dei ulike internasjonale filmfestivalane. No i desember skal dei to eldste systrene, Freja og Ronja, delta på ein filmfestival i Italia.

Team Ingebrigtsen

Det er ikkje første gong Silje erfarer at dokumentarprosjekt ho er involvert i, tek uventa vendingar. Både i Tro kan flytte fjell og ikkje minst Team Ingebrigtsen starta filmteamet med ei historie i tankane, men fekk etter kvart noko heilt anna.

– I Team Ingebrigtsen får me ei suksesshistorie, men i dag står familien midt i ei rettssak knytt til vald i nære relasjonar. Korleis er dette for dokumentarfilmteamet?

– Først og fremst vil eg seie at situasjonen for Ingebrigtsen-familien er utruleg trist. Dette er ein familietragedie. Tilbake i 2018, då eg sist var med i produksjonen, var det ingenting som skulle tilseie at me kunne føresjå det som skjer no. Det kan alltid dukke opp etiske problemstillingar undervegs, og i desse situasjonane bør ein gjerne rådføre seg med andre. Særleg om barn er involverte. Omsynet til personane me filmar, kjem alltid først.

Norske dokumentarfilmar held høgt nivå og trekkjer folk til kinoane, men framleis opererer dei med ein brøkdel av budsjetta til spelefilmane. Stadig fleire lurer på om ikkje marknaden er metta for andre verdskrig-filmar med ambisjonar om kommersiell suksess. Silje meiner at mykje av styrken til Ibelin av Benjamin Ree og Ola – en helt vanlig uvanlig fyr av Ragnhild Nøst Bergem er at dei handlar om enkeltpersonar, samstundes som dei formidlar noko større.

Ny innspeling

Det neste prosjektet til Silje er Mysteriepakken, ein barne- og familiefilm med utgangspunkt i eit mysterium tett på eigen familie. For 22 år sidan opplevde mannen til Silje at broren tok livet sitt. Kvar jul etter dette har familien fått ein stor pakke med seks julegåver til brørne, med påskrifta «frå alle oss i Arendal». Familien har søkt etter avsendaren gjennom aviser og TV, utan å lykkast.

– Dottera mi sa ein dag at ho ville bli etterforskar når ho blir stor. Like etter kontakta eg Jørn Lier Horst, og dermed var me i gang. Me har ein plan, men anar ikkje kva resultatet vil bli. Alt skal bli filma i desember 2024, og målet er ein julefilm til neste år. Det er eit risikoprosjekt, men eg kan ikkje la vere. Kanskje finn me aldri svaret?

Ho ønskjer at handlinga skal bli gøy og spennande, men også opne opp for spørsmål rundt vanskelege tema som sjølvmord og døden.

– Det er ikkje det at me treng å gå direkte inn på det, men kanskje får me vite kva barn sjølv lurer på rundt dette? Dokumentaren får eit meir autentisk preg når eg ikkje veit for mykje sjølv. Då leitar eg jo etter svar på ekte, i sanntid. Det er så pass krevjande å få eit prosjekt opp og stå at ein må ha ei indre drivkraft. Viktigast er det å følgje hjartet, og ikkje prøve å lage det ein trur folk vil ha. Filmprisane har opna mange dører, og eg har lært mykje, men eg må tenkje vidare. Eg må gjere mitt beste, så får me berre sjå. Ein er jo aldri betre enn sitt neste prosjekt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis