Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmKultur

Medelsvensson

Etter ein knallsterk norsk regidebut har Tuva Novotny laga ei svært ordinær svensk salsvare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Britt-Marie blir fritidsleiar og fotballtrenar for tiåringar.

Foto: Josef Persson / SF Studios

1750
20190322
1750
20190322

Drama

Regi: Tuva Novotny

Britt-Marie var her (Orig.tittel: Britt-Marie var här)

Med: Pernilla August, Stella Oyoko Bengtsson

Britt-Marie (August) likar «ordning och reda». Ho har halde seg heime med støv på hjernen i førti år medan mannen har skjøtta økonomien og sett på fotball. Då mannens elskar dukkar opp, stikk Britt-Marie. Ho blir fritidsleiar og fotballtrenar for tiåringar på ein småstad med ei pizzasjappe, ein grusbane og ein fritidsklubb som kommunen vil legge ned. Ære være henne for det.

Mindre motstand

Skodespelaren Tuva Novotny viste seg som ein kompromisslaus regissør med Blindsone. Britt-Marie var her er rake motsetninga. Brått er vi i eit kjent og traust landskap av svenske storfilmar som skal nøye mildt utan å tråkke på tær. Dette eit trygt prosjekt, der kjende andlet er å sjå i filmatiseringa av endå ein populær roman av Fredrik Backman. Formelen følgjer altså suksessen til En mann ved navn Ove, ein ganske grei film med publikumstekke.

Meir ung tru

Orsak avsløringa, men Britt-Marie var her har ingen overraskingar. Ein kan knapt spore konflikt. Ein far frå kommunen i dress er ein tam trussel. Fleire av figurane er OK, og Stella Oyoko Bengtsson gjer ei flott tolking av Vega, som brenn for fotball. Både fridomsferda til Britt-Marie og ungdom som kraft er fine tema, men her finst ikkje filmatisk opprør. Estetisk er vi milevis unna to sprelske skandinaviske filmar om ungdom i fjor, svenske Amatører og danske Team Hurricane. Sjå heller Heimebane. Og ikkje legg ned ungdomsklubbar.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis