Filmfjes
Kim Ki-Duk er eit flittig filmfjes. Han har laga meir enn ein film i året sidan mange i Noreg fekk augo opp for koreanaren i 2003 med Vår, sommer, høst, vinter … og vår. I førre veke kom Fanget i nettet på kino.
Om du er lei av alle som masar om å byggje murar, tilrår eg denne engasjerande og spennande filmen om ein nordkoreansk fiskar som mot sin vilje driv på land i Sør-Korea. Fiendebilete og fordomar på båe sider av grensa får hard medfart. Det er sunt og godt.
H.T.
Sjå på nett no
(Netflix) Dei nyanserte mannsrollene i Moonlight sende tankane til dokumentarfilmen The Mask You Live In av Jennifer Siebel.
I solid amerikansk tradisjon vert kva ein forventar av menn, problematisert. Samfunnets sosiale tvangstrøyer tyder trøbbel same kva kjønn du høyrer til. Spesielt tenåringar burde sjå denne kjenslekraftkuren.
H.T.
Tre på topp:
Eg er på ingen måte nokon stor animasjonsfilmentusiast, men eg har framleis eit nært og kjært forhold til følgjande seriar:
1. Ren & Stimpy (1991–1993) Rå, absurd humor om den sleipe bikkja Ren og den teite katten Stimpy. Chihuahua så langt frå veska til Paris Hilton som du kan koma.
2. The Muppet Show (1976–1981) Musikken, rollegalleriet, dokkene, Swedish Chef – kva er det ikkje å elska?
3. Skrotnisse och hans vänner (1985) Rein nostalgi. Hugsar fint lite, anna enn at det var spennande og at eg gledde meg enormt til kvar episode.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Kim Ki-Duk er eit flittig filmfjes. Han har laga meir enn ein film i året sidan mange i Noreg fekk augo opp for koreanaren i 2003 med Vår, sommer, høst, vinter … og vår. I førre veke kom Fanget i nettet på kino.
Om du er lei av alle som masar om å byggje murar, tilrår eg denne engasjerande og spennande filmen om ein nordkoreansk fiskar som mot sin vilje driv på land i Sør-Korea. Fiendebilete og fordomar på båe sider av grensa får hard medfart. Det er sunt og godt.
H.T.
Sjå på nett no
(Netflix) Dei nyanserte mannsrollene i Moonlight sende tankane til dokumentarfilmen The Mask You Live In av Jennifer Siebel.
I solid amerikansk tradisjon vert kva ein forventar av menn, problematisert. Samfunnets sosiale tvangstrøyer tyder trøbbel same kva kjønn du høyrer til. Spesielt tenåringar burde sjå denne kjenslekraftkuren.
H.T.
Tre på topp:
Eg er på ingen måte nokon stor animasjonsfilmentusiast, men eg har framleis eit nært og kjært forhold til følgjande seriar:
1. Ren & Stimpy (1991–1993) Rå, absurd humor om den sleipe bikkja Ren og den teite katten Stimpy. Chihuahua så langt frå veska til Paris Hilton som du kan koma.
2. The Muppet Show (1976–1981) Musikken, rollegalleriet, dokkene, Swedish Chef – kva er det ikkje å elska?
3. Skrotnisse och hans vänner (1985) Rein nostalgi. Hugsar fint lite, anna enn at det var spennande og at eg gledde meg enormt til kvar episode.
B.A.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.