Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Folkemusikalsk blanding

Gruppa Lady Hardanger kombinerer norsk folkemusikk med musikalske stilartar frå Karibia og frå cajunfolket i Louisiana. No kjem andrealbumet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lady Hardanger består av vokalist Ingeleiv Berstad, gitarist og vokalist Anne Lise Frøkedal, Olav Christer Rossebø på fele og mandolin og Ingemund Askeland på banjo og munnspel.

Foto: Vidar Landa

3436
20180302
3436
20180302

I 2014 var gruppa frå Haugesund og Etne på besøk i Lafayette i Louisiana for å studere cajunkulturen på nært hald. Cajun er ei etnisk gruppe i Louisiana med sitt eige musikalsk uttrykk. Faktisk er musikken deira blant dei eldste typane folkemusikk i USA. Då musikaren Stanley Brinks sende gruppa nokre låtar i gåve, vart dei inspirerte til å starte sitt eige band – Lady Hardanger. No er bandet, som har både fele, mandolin, munnspel og banjo, aktuelle med andrealbumet. Her blandar dei cajunmusikken med calypsomusikk frå Karibia og norsk tradisjonsmusikk – ei salig blanding av muntre festlåtar.

– Namnet Lady Hardanger er inspirert av calypsotradisjonen og er i tillegg merkevarebygging av Hardanger. Dei gamle calypsoartistane frå 1930-talet brukte ofte titlar i namna sine – Lord Executioner, Lady Iere og så vidare. Så Lady Hard Anger vart litt skummelt og calypsoaktig. På den andre sida er Hardanger eit uomtvisteleg kvalitetsmerke i Noreg. Vi var overraska over at namnet ikkje alt var tatt. Eg har dessutan slektskap frå Hardanger og spelar hardingfele, fortel vokalist Ingeleiv Berstad.

– De kjem frå ulike band og musikkprosjekt. Kvifor starte eit nytt band?

– For det første er dette det einaste bandet der vi fire spelar samtidig, sjølv om vi overlappar ein del i både Bergen Mandolinband og Frøkedal & Familien. I Lady Hardanger er eg hovudvokalist. Det er også ulike låtskrivarar i alle desse banda.

– Det førre albumet fekk god kritikk. Korleis skil det nye albumet seg frå det første?

Lost Country skil seg frå det førre ved at nesten alle låtane er skrivne av meg, men vidare har dei funne si form i samspel med resten av bandet. Musikken er i stor grad inspirert av cajun, calypso, oldtime og norsk folkemusikk, musikk vi er glade i. Musikk som siv gjennom og breier seg på nye måtar i desse låtane. Som på debutalbumet har vi også no fått med oss den fabelaktige bassisten Jo Fougner Skaansar. Albumet er spelt inn med ein einaste mikrofon på Rådane i Värmland. Der rigga vi opp studio i ei hytte i skogen og fann ro og spelelyst.

– Stilen til Lady Hardanger er ei blanding av musikktypar frå ulike stadar i verda. Kvifor fungerer dei saman?

– To av oss har bakgrunn frå norsk folkemusikk. Cajun og calypso kan du også sjå på som folkemusikk ved at funksjonen er nokså lik. Cajun og calypso er berre litt meir eksotiske måtar å ha konsert med fele på. Vi er meir opptekne av likskapane mellom sjangrane. All folkemusikk går på eit vis ut på det same, men i tillegg blandar vi inn popmusikk. Då får tekstane ein annan dimensjon.

– Og kva handlar tekstane om?

– Dei fortel om reiser gjennom forlatne landskap, om moral i oppløysing, men også om håp for ei betre framtid. Ti av låtane er skrivne av meg, éin er skriven av Stanley Brinks, og så har vi med éin cajunlåt. Lady Hardanger ønskjer å formidle musikk der lyden blir til medan du ser på. Som band er vi opptekne av nærleik i situasjonen, både når alle deltar på festen, og når det skjøre og vare får plass.

– De har produsert teatermusikk og er aktuelle med nytt album den 16. mars. Kva skal de no?

– Vi skal sleppe ein singel no på fredag og turnere kommande helg i Bergen, Torvastad, Klepp og Egersund. Neste helg spelar vi i Oslo på festivalen Amerikalinjen på Riksscena.

Elise Løvereide

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis