Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix

2323
20170901

Stjerne

Hennes navn er Stjerne

Og den fjerne stjerne

stiger opp i Østen

Tar et tigersprang og havner

her hos oss i jakten etter

jobber. Flink og ivrig, jager

etter overtid og penger

Tar altfor mange vakter

særlig de om natten

Hun er sliten, sender penger

hjem til Huset hjemme

Til Granny, mama, papa

søsken, slekten, kua, katten

Hun er sliten, men likevel

en strålende prinsesse. Hennes hud

er gyllen som oliven. Hennes

tenners smil er blendende

og hvitt. Hun lukter godt

som frukt og sjokolade. Hun

kommer inn på rommet

mitt og roper Stein, Stein

Du ikke klatre. Du snart

brekke bein. Jeg ikke sove

Du love, bare tisse flaske

Du sove. Jeg snart reise. Hjem

og sove. Du greie selv. Sove

STEIN MEHREN

2323
20170901

Stjerne

Hennes navn er Stjerne

Og den fjerne stjerne

stiger opp i Østen

Tar et tigersprang og havner

her hos oss i jakten etter

jobber. Flink og ivrig, jager

etter overtid og penger

Tar altfor mange vakter

særlig de om natten

Hun er sliten, sender penger

hjem til Huset hjemme

Til Granny, mama, papa

søsken, slekten, kua, katten

Hun er sliten, men likevel

en strålende prinsesse. Hennes hud

er gyllen som oliven. Hennes

tenners smil er blendende

og hvitt. Hun lukter godt

som frukt og sjokolade. Hun

kommer inn på rommet

mitt og roper Stein, Stein

Du ikke klatre. Du snart

brekke bein. Jeg ikke sove

Du love, bare tisse flaske

Du sove. Jeg snart reise. Hjem

og sove. Du greie selv. Sove

STEIN MEHREN

For Stein Mehren (1935–2017) gjekk diktskrivinga føre seg utan avbrot frå debuten i 1960 og til siste samlinga i 2008, ho som heiter Ordre, då han hadde vorte råka av sjukdom. I likskap med Wergeland skriv han òg frå sjukeleiet, stundvis sorgmuntert: «Parkinson On and off». Og i likskap med Wergeland med ein overstadig produktivitet: Frå år 2000 kom åtte årlege samlingar på rad.

Det er ikkje mange norske poetar som har skrive som pasient, og sett fokus på situasjonen til hjelpepleiaren meir enn eigne skavankar – her ei innvandrarkvinne som sender pengar til sine nære i heimlandet. Heiter ho Astra, eller er det eit namn poeten gjev henne? Det er i dei autentiske replikkane diktet lyser opp: «Stein, Stein/ Du ikke klatre. Du snart/ brekke bein.»

Vi forstår at pasienten ville på toalettet midt på natta, og var i ferd med å klatre over sengegjerdet. Slike dikt finst det ikkje mange av.

Det er i forståinga av at poeten er ein offentleg person som tek ordet ut frå dei omstenda livet bringar han inn i, dei dilemmaa han ser omkring seg, i politikken, i privatlivet, i åndslivet, at Stein Mehren er eineståande i norsk poesi i den perioden som blei hans. Han kjem oss nærare enn Olaf Bull, han nådde ein høgare alder enn Obstfelder, Olav H. Hauge og Rolf Jacobsen i all ære, men dei set ei grense for kva det skal diktast om. Hofmo er Hofmo – ho valde å leva hemmeleg. Eg trur vi må attende til Wergeland for å finna ei slik breidde.

Merkeleg at Mehren er så lite akta i nabolanda våre og ute i Europa. Det gjeld både omsetjingar og omtale. Det har han òg til felles med Wergeland.

JAN ERIK VOLD

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis