Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Førde satsar stort

– Til opningskonserten 6. juli byr me på den største nyproduksjonen me har prøvd oss på, fortel Hilde Bjørkum, direktør for Førdefestivalen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå USA kjem det kan hende beste klezmerbandet i verda, The Klezmatics.

1569
20170324
1569
20170324

Folkemusikk

ottar@dagogtid.no

Klangen av Norden står sentralt på festivalen som går av stabelen frå 5. til 9. juli.

Det store prosjektet har fått namnet Nordic Sound Folk Orchestra, og det vert leia av den svenske orkestergeneralen Karl Johan Ankarblom. Det er lagt opp til eit storsleg folkemusikkorkester med 40 nordiske folkemusikarar, solistar og komponistar frå fire nordiske land. På konserten skal orkesteret spela nykomponert musikk av norske Jorun Marie Kvernberg, svenske Mia Marin, finske Antti Järvela og danske Harald Haugaard.

Men Førdefestivalen byr på mykje meir.

Det vert forboden musikk frå Kapp Verde på toppen av Hafstadfjellet. Ved elvebreidda av Jølstra vert det ørkenblues med Tinariwen frå Mali, medan det vert samba frå Brasil i ein låve oppunder fjellet.

Frå USA kjem det som vert omtalt som det beste klezmerbandet i verda, The Klezmatics, som feirar 30-årsjubileum. Frå Bulgaria kjem Bulargian Voices Angelite, og frå Portugal kjem Ricardo Ribeiro, som vert omtalt som det heitaste fadonamnet no om dagen.

Men det vert mykje norsk også. Ti år etter at Sigrid Moldestad hadde suksess med Taus og historia om Samuline Seljeseth og spelekvinnene som spelte fele mot menn og viljen til øvrigheita, får oppfølgjaren premiere på festivalen med Samuline – frå fela flyg din song. Moldestad stiller med eit sterkt lag musikarar, og det vert urpremiere i Førde 8. juli.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Folkemusikk

ottar@dagogtid.no

Klangen av Norden står sentralt på festivalen som går av stabelen frå 5. til 9. juli.

Det store prosjektet har fått namnet Nordic Sound Folk Orchestra, og det vert leia av den svenske orkestergeneralen Karl Johan Ankarblom. Det er lagt opp til eit storsleg folkemusikkorkester med 40 nordiske folkemusikarar, solistar og komponistar frå fire nordiske land. På konserten skal orkesteret spela nykomponert musikk av norske Jorun Marie Kvernberg, svenske Mia Marin, finske Antti Järvela og danske Harald Haugaard.

Men Førdefestivalen byr på mykje meir.

Det vert forboden musikk frå Kapp Verde på toppen av Hafstadfjellet. Ved elvebreidda av Jølstra vert det ørkenblues med Tinariwen frå Mali, medan det vert samba frå Brasil i ein låve oppunder fjellet.

Frå USA kjem det som vert omtalt som det beste klezmerbandet i verda, The Klezmatics, som feirar 30-årsjubileum. Frå Bulgaria kjem Bulargian Voices Angelite, og frå Portugal kjem Ricardo Ribeiro, som vert omtalt som det heitaste fadonamnet no om dagen.

Men det vert mykje norsk også. Ti år etter at Sigrid Moldestad hadde suksess med Taus og historia om Samuline Seljeseth og spelekvinnene som spelte fele mot menn og viljen til øvrigheita, får oppfølgjaren premiere på festivalen med Samuline – frå fela flyg din song. Moldestad stiller med eit sterkt lag musikarar, og det vert urpremiere i Førde 8. juli.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis