Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Frigjering frå fanatismen

Forfattar og kunstnar Odd Marakatt Sivertsen skildrar ein oppvekst med læstadiansk fanatisme i den sjølvbiografiske romanen Galskapens farge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Biletkunstnaren Odd Marakatt Sivertsen skildrar ein oppvekst med religiøs fanatisme i ein ny sjølvbiografisk roman.

Foto: Ottar Fyllingsnes

8213
20180803

Bakgrunn

ODD MARAKATT
SIVERTSEN

Biletkunstnar og forfattar

Fødd i Kåfjord i Troms i 1947

Busett på Nannestad

Har gått på kunstskule i Oslo og kunstakademiet i Århus

Målar motiv frå Nordkalotten

Har delteke på fleire nordiske utstillingar og stiller no ut i Kungsbacka konsthall i Sverige

Debuterte med romanen Med havet i hånden i 2008

Kjem med romanen Galskapens farge utpå hausten

Intervju

ottar@dagogtid.no

Marakatt Sivertsen vaks sjølv opp i eit læstadiansk miljø i Kåfjord i Troms.

­­– Der fanst det ikkje alternativ til ein fordømmande og straffande gud. Borna fekk høyra talar som var mynta på dei vaksne, og det gjorde dei rett og slett sjuke, seier Sivertsen.

I dag bur han på Nannestad. Der dyrkar han både målar- og skrivekunsten, og utpå hausten kjem han med ny roman om ein oppvekst prega av religiøs fanatisme.

– Sjølv måtte eg studera teologi på Menighetsfakultetet midt på 1970-talet for å få ting klarare og finna større forståing i livet, fortel Sivertsen.

Han har òg studert kristendom og kunne ha vorte ordinert til prest om han hadde ønskt det.

­­– For meg var det viktigaste å kunna få klarleik i den religiøsiteten eg vaks opp i, seier biletkunstnaren, som har arbeidd som lektor på Eidsvoll og Ullensaker.

Læstadianismen

I Kåfjord har det lenge budd både nordmenn, samar og kvenar, og Sivertsen har både samisk og kvensk bakgrunn.

– Det var ikkje hat mellom folk i kommunen, men det var ei underliggjande spenning. Ein skulle helst ikkje seia at ein var same, for den som sa det, vart stigmatisert. Difor snakka me ikkje om det samiske opphavet vårt. Det var skam knytt til det, men haldningane varierte frå den eine bygda til den andre.

Mot alle odds vart Sivertsen først kunstnar og sidan forfattar. Han debuterte med romanen Med havet i hånden for ti år sidan, og snart kjem Galskapens farge. I den første romanen får me læra læstadianismen å kjenna innanfrå gjennom ein ung gut som vert gripen av skrekk når han høyrer læstadianarpredikanten preika om synd og dom. I den nye romanen handlar det òg om å veksa opp i eit fanatisk læstadiansk miljø og om å verta driven inn eit hjørne. Det er ein sjølvbiografisk roman som mellom anna fortel om korleis romanfiguren finn frigjering gjennom biletkunsten.

På akademiet i Danmark

I ungdomen arbeidde Sivertsen ei tid på bensinstasjonen i Kåfjord, men valde sidan å reisa til Tromsø for å gå på handelsskule. Det same gjer romanpersonen hans.

– Der møter han Sara, og ho viser han den nakne kvinnekroppen som det vakraste landskap. Ho sit modell for ein kunstnar om natta og går på handelsskulen om dagen. Ho inviterer romanpersonen heim, og det vert eit møte der seksualiteten støyter mot pietismen og læstadianismen. Men Sara hjelper han med å kvitta seg med den seksuelle blygskapen og vrangførestillingene om kvinnekroppen. Det vert ein kamp for å koma ut av mørkeret, og seinare følgjer problemet han inn i kunsten. Han løyser det på sitt vis, ved å byrja på Gravum tegne- og maleskole i Oslo.

Seinare hamnar romanpersonen i Løgum kloster sør i Danmark. Der får han seg eit atelier, og han forkastar den delen av den læstadianske arven som ikkje kan brukast.

– Han grev ned det fanatiske, det fordømmande, det syndige og alle vrangførestillingane i ei barnegrav. Han må setja punktum og kvitta seg med det som han har kjempa med heile livet. I boka trekkjer eg fram mykje av det negative ved læstadianismen, særleg sett gjennom barnet, men eg er ikkje som Mari Boine som berre fordømmer læstadianarane. Eg ser det positive òg. Læstadianismen har vore til trøyst og von for mange, ikkje minst for fattigfolk. Og det var no læstadianismen som gjorde romanpersonen min til kunstnar!

I store blågrøne måleri har Sivertsen henta ut den læstadianske kyrkjelyden frå små og låste rom og plassert dei i fridom som små svarte og kvite prikkar både ute i havet og på markene – ofte under ein lysegrøn himmel. Fleire av desse bileta har han vist fram på utstillingar kringom i Norden.

Målinga var medisin

Medan romanfiguren er busett i Danmark, døyr den psykisk sjuke broren heime i Nord-Noreg, og han reiser nordover for å delta i gravferda. Tilbake i barndomsheimen gjenopplever han dramatikken frå oppveksten, men samstundes kjenner han seg tiltrekt av småbruket han vaks opp på.

– Han opplever skam over å vera samisk, og dette kjem i tillegg til skamma over den psykiske sjuke broren. Han byrjar å drøyma om bror sin i store draumar. Broren var svært flink i matematikk, og somme meinte at han var genial. Men som 16-åring vart han med onkelen på fiske ved Berlevåg. Der fall han og slo hovudet stygt, og då han kom heim att, var han såkalla «toilling». Han kom heim og snakka med menneske som ikkje var der. Mora gret, og folk vart redde han. Det enda med at dei batt han fast og stengde han inne på eit rom. Samstundes heldt familien fram med å gå på møte i den læstadianske forsamlinga for å høyra om verdas ende, straffa og den evige pina. Romanfiguren var berre sju–åtte år på den tida. Han vart redd og frykta både døden, straffa og dommedag. Far hans drakk, og i periodar slost han med den sjuke sonen, og då måtte dei andre rømma huset. Romanfiguren vert driven stadig lenger ned i kjellaren og mørkeret, men han byrjar å måla, og det hjelper. Målinga er den einaste medisinen som verkar på han.

Mange vart sjuke

Den blågrøne fargen går att i mange av Odd Sivertsen store, læstadianske måleri.

– Når biletkunstnaren i romanen vitjar den gamle heimen sin, går han inn i rommet til broren. Der ser han eit skimmer av raudt, men skjønar ikkje kva det er. Når han går inn i rommet der hans eigne grøne, læstadianske bilete heng på veggene, følgjer raudfargen med. Av læraren på kunstskulen i Oslo har han lært at om ein blandar grønt og raudt, vert det ingen farge når ein har blanda dei, men akkurat i overgangen anar me ein farge. Læraren min kalla det for «den umoglege fargen», men også for «galskapens farge». I møtet mellom det grøne og det raude såg eg at det danna seg ein ny farge som ikkje kom tydeleg fram, men eg såg galskapen inne i det. Som galskapen til bror min. Eg skjøna at eg måtte ha ein raud klatt i alle dei grøne måleria med motiv nordfrå for å få galskapen inn i biletet, som ei åtvaring mot fanatisme og mot skremsla i religionen som kan driva folk til vanvit og gje dei store sår på sinnet. Dette fører til at romanfiguren ser ei ny meining og kjem i gang att med målinga.

Grobotn for fanatisme

Framleis er det mange læstadianarar i den nordlege delen av Noreg og Sverige og særleg Finland.

– Det er mange gode og nøysame læstadianarar. Dei er hjelpsame, pålitelige og arbeidsame folk, men dei held strengt fast ved gamle biblar og salmebøker. Mykje av det nye vert stengt ute, og dette kan lett gje grobotn for fanatisme. Det har vorte litt betre etter kvart, men den verste læstadianarpresten i Kåfjord kom frå Sørlandet i byrjinga av 70-åra. Eg har høyrt han tala og fordøma unge jenter som var gravide. Han hudfletta dei så brutalt at folk reiste seg frå benkane og forlét kyrkja. Folk var redde han, og til slutt stod han nesten åleine att i kyrkja og preikte.

Det er mange som ber på djupe sår etter den strenge forkynninga i det læstadianske miljøet, meiner Marakatt Sivertsen.

­­– Eg kjenner mange nordpå som har slite med nervane, og som aldri har kome seg ut av det. Dei fekk aldri vita at det finst ein annan gud enn den fordømande og straffande. Difor vil eg hevda at predikantane med den harde forkynninga si, særleg mot barn, var med og preika sjukdom, død og forderving i hovudet på folk. Men det gjeld sanneleg ikkje berre læstadianarane. Sjølv har eg måtta kjempa meg til større fridom og klarleik. Eg hatar visse sider av læstadianismen og elskar andre. Eg ber han med meg i ryggrada, og eg bruker han til å skapa kunst. Læstadianismen er ei evig drivkraft som eg brukar til å seia noko ålment om det å leva som menneske. Men kunnskap og kunst var min medisin, seier Odd Marakatt Sivertsen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Mange slit med djupe sår etter den strenge forkynninga i det læstadianske miljøet.

Odd Marakatt Sivertsen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis