Forfattar Olga Tokarczuk får Bookerprisen for omsett litteratur.
FYRSTE POLSKE BOOKERPRISVINNAR
Den polske forfattaren Olga Tokarczuk er tildelt den internasjonale Bookerprisen for omsett litteratur. Tokarczuk, som er ein bestseljande forfattar i heimlandet, debuterte som poet og har seinare skrive noveller, romanar og essay. Ho får prisen for Flights, ein roman juryen meiner guidar lesaren under overflata av moderniteten og inn i kjernen av menneskenaturen. Tokarczuk er den fyrste polske forfattaren som får prisen.
NYNORSKLITTERATUR FRÅ AASEN TIL NO
For fyrste gong kjem det ut ein samla presentasjon av den nynorske skjønlitteraturen. I verket Nynorsk litteraturhistorie, som Jan Inge Sørbø står bak, er 150 forfattarskap frå Ivar Aasens tid til i dag representerte. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og skal lanserast på Nasjonalbiblioteket 28. mai.
SLÅR HARRY POTTER-REKORD
Forlaget Bloomsbury, som har hatt stor suksess med Harry Potter-bøkene, har for fyrste gong overgått rekordomsetninga frå då den siste Harry Potter-boka kom ut i 2007. Forlaget auka i fjor omsetninga med 13 prosent til 161,5 millionar pund, skriv danske Politiken.
Salet av Harry Potter-bøkene auka med 31 prosent i fjor og står framleis for ein stor del av omsetninga til forlaget. Samla er det på verdsplan selt over 500 millionar bøker i bokserien, som er omsett til meir enn 80 språk.
eva@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
FYRSTE POLSKE BOOKERPRISVINNAR
Den polske forfattaren Olga Tokarczuk er tildelt den internasjonale Bookerprisen for omsett litteratur. Tokarczuk, som er ein bestseljande forfattar i heimlandet, debuterte som poet og har seinare skrive noveller, romanar og essay. Ho får prisen for Flights, ein roman juryen meiner guidar lesaren under overflata av moderniteten og inn i kjernen av menneskenaturen. Tokarczuk er den fyrste polske forfattaren som får prisen.
NYNORSKLITTERATUR FRÅ AASEN TIL NO
For fyrste gong kjem det ut ein samla presentasjon av den nynorske skjønlitteraturen. I verket Nynorsk litteraturhistorie, som Jan Inge Sørbø står bak, er 150 forfattarskap frå Ivar Aasens tid til i dag representerte. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og skal lanserast på Nasjonalbiblioteket 28. mai.
SLÅR HARRY POTTER-REKORD
Forlaget Bloomsbury, som har hatt stor suksess med Harry Potter-bøkene, har for fyrste gong overgått rekordomsetninga frå då den siste Harry Potter-boka kom ut i 2007. Forlaget auka i fjor omsetninga med 13 prosent til 161,5 millionar pund, skriv danske Politiken.
Salet av Harry Potter-bøkene auka med 31 prosent i fjor og står framleis for ein stor del av omsetninga til forlaget. Samla er det på verdsplan selt over 500 millionar bøker i bokserien, som er omsett til meir enn 80 språk.
eva@dagogtid.no
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.