God natt
Kvite vengjer kvile
yve deg i natt,
alveandlit smile
under skymingshatt:
ljose alvar sanke
nøring åt din tanke
til du vaknar att.
Himels draumar linde
i sitt blomespinn
dine sviv, og binde
rosur på di kinn.
Må din draum deg sanke
det din vakne tanke
trår men aldri finn.
Olav Nygard
God natt
Kvite vengjer kvile
yve deg i natt,
alveandlit smile
under skymingshatt:
ljose alvar sanke
nøring åt din tanke
til du vaknar att.
Himels draumar linde
i sitt blomespinn
dine sviv, og binde
rosur på di kinn.
Må din draum deg sanke
det din vakne tanke
trår men aldri finn.
Olav Nygard
«God natt» av Olav Nygard er eit gullkorn i norsk lyrikk. Diktet stod på prent i Runemaal frå 1914. Olav Nygard gav ut berre fire diktsamlingar, og Runemaal symboliserer på mange vis lagnaden til den fattige skalden frå Modalen.
Debuten Flodmaal kom i 1913 på det kjende Olaf Norlis forlag i Oslo. Deretter fekk Nygard ikkje ut fleire dikt hjå Norli, for forleggjaren refuserte han. Dei neste bøkene hans vart gjevne ut av bergensavisa Gula Tidend. I dag er både Runemaal og Kvæde frå 1915 sjeldsynte diktsamlingar. Dukkar dei opp på antikvariat, er dei gjerne prisa til mange tusen kroner. Det kjem av at brorparten av bokopplaga gjekk med i ein brann i Bergen.
Dikta i Runemaal og Kvæde er mørke i tonen. Nygard opplevde ikkje berre å bli refusert. I nett desse åra sleit han med sjukdom og dårleg økonomi. Det skulle gå åtte år før lyrikaren gav ut ei samling att, den meisterlege Ved Vebande, som kom ut på Det Norske Samlaget året før han døydde av tuberkulose. Nygard gjekk bort i 1924.
Asbjørn Aarnes har tidlegare i denne spalta omtala eit dikt som liknar på «God natt», «Svevn» frå Flodmaal. «Dagen hev til/ mergen hogge/ sine tenner/ i min barm», skriv Nygard i dette kvedet. Natta vil gje lindring for den harde dagen: «Ber meg inn i soldraumsblåne/ austan sol/ og vestan måne», manar diktaren. Asbjørn Aarnes fortalde at dette diktet gjorde han merksam på stordomen i Olav Nygards forfattarskap.
Mitt fyrste møte med Nygard – og ja, poesi i det heile – var gjennom «God natt». «God natt» liknar som sagt på «Svevn», men tonen er mildare og rolegare, ja, det er radt naivistisk, trass i at det står på prent i det mørke Runemaal.
Diktet er lett og ledig som ein barnesull – med barnlege formuleringar som «rosur på di kinn» – men samtidig har verset ein ordkunst i seg som gjer det til stor dikting, som i vekslinga av rim på «a» og «i» gjennom begge strofene. Dei nusselege alveandleta har noko useieleg godt og trygt ved seg. Ein blir umåteleg mild til sinns når ein les diktet. Betre sovemedisin finst ikkje.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.