Guds hus i porselen
«Porselenskatedralen» blir Porsgrunns nye kyrkje. – Ein del av oppsiktsvekkjande ny norsk kyrkjearkitektur, seier arkitektar.
– Åndfullt som seminarrom på danskebåten, meiner motstandarar.
Nordlyskatedralen i Alta har eit titankledd tårn, som fangar lyset frå himmelen. I mørketida vil det opplyste tårnet vera som ei eldsøyle, heiter det. Arkitekt er Link arkitektur, som òg har teikna andre nye kyrkjer.
Foto: Anette Karlsen og Cornelius Poppe / NTB scanpix
Arkitektur
ronny@dagogtid.no
Sundag 11. mars la biskopen i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, ned grunnstein til ny Østre Porsgrunn kyrkje. Det er alt varsla at den nye kyrkja «Reis opp» blir spektakulær, ho skal bli kledd i rein porselen. Det vil setja Porsgrunn på verdskartet. Porselenskatedralen er kallenamnet på Guds hus i Porsgrunn.
Dermed er eit kapittel over i ein av dei mest oppheta byggjedebattane i moderne tid i Noreg. Folk i Porsgrunn har kjempa for atterreising av den gamle kyrkja heilt sidan ho brann ned i 2011. Striden nådde eit høgdepunkt i byrjinga av året.
2018, som er europeisk kulturarv-år, tok til ved at entreprenøren sende ut ei gravemaskin på den gamle kyrkjegarden. Dei grov opp eidsvollsmannen Jens Fabricius og kona hans, Elisabeth Marie, saman med bibliotekstiftaren Carl Deichman og dei eldste medlemene til All-slekta, for å få plassert ei byggjekran.
Riksantikvaren åtvara mot graving i «en av Norges aller mest verneverdige kirkegårder». Riksantikvaren tilrådde òg rekonstruksjon av den førre kyrkja, eit av Noregs få døme på rokokkokyrkjer. I siste meiningsmåling, som vart gjord av lokalavisa, svara 66 prosent at dei ville ha atterreist den gamle kyrkja.
– Tala er ikkje til å ta feil av. Kyrkjegjengarane har vorte overkøyrde. Trongen til å skapa spektakulær arkitektur er tydelegvis viktigare enn behova til dei lokale kyrkjegjengarane, seier Aasmund Beier-Fangen, konservator i Porsgrunn.
Arkitekturturisme
Har arkitekturturisme vorte det nye satsingsområdet for Den norske kyrkja?
Ein kik i avisene kunne tyde på det. «Templer for moderne arkitektur», er tittelen på ein artikkel i Dagsavisen i april 2017. Sivilarkitekt Espen Surnevik har ordet: «Norge har en helt annen type innovasjon i forhold til kirkearkitektur enn de fleste andre land, noe som er med på å forklare den store interessen fra Europa. De nye kirkebyggene er også med på å sette norsk arkitektur på verdenskartet.»
Mange nye norske kyrkjebygg provar denne trenden: Knarvik kyrkje frå 2014, Ålgård kyrkje frå 2015 og Hønefoss kyrkje vigsla no i desember. Våler kyrkje frå 2015 høyrer òg heime her. Det var stor motstand lokalt då den gamle kyrkja brann og atterreising vart avvist. «Skrekkdomen» var domen frå motstandarar. «Skogens katedral», meiner tilhengjarane.
Ishavskatedralen
Våler kyrkje viser òg ein annan ting: Kyrkjebyggoppdrag er svært populære hjå arkitektar. I 2012 opplevde vesle Våler å vera i søkjelyset til arkitektkontor over heile Europa: Det kom inn 239 utkast til arkitektkonkurransen for ny kyrkje, 23 av dei kom frå utanlandske kontor, berre Operaen i Oslo har teke imot fleire framlegg.
– Kyrkjebygg er prestisjefylte oppdrag. På den eine sida er det sjeldan det dukkar opp arkitekturkonkurransar knytte til nye kyrkjer, på den andre sida får ein arkitekt utfalde seg kunstnarleg i høgare grad enn til dømes ved eit vanleg kontorbygg, fortel Ulf Grønvold, arkitekt og tidlegare direktør for Norsk Arkitekturmuseum.
Grønvold viser til den mest kjende norske kyrkja frå moderne tid i norske arkitektur: Ishavskatedralen i Tromsø, som er teikna av Jan Inge Hovig og stod ferdig i 1965. Kyrkja får besøk av 100.000 turistar i året. Nidarosdomen har i jamføring 400.000 besøkjande.
– Som danskebåten
Den mest spektakulære av dei nye kyrkjene er Altas Nordlyskatedral. Besøkstala har stige i takt med den aukande interessa for nordlys. Kvart år er om lag 10.000 turistar innom katedralen.
I eit innlegg i Porsgrunn Dagblad viser Jan B. Paulsen til Nordlyskatedralen og skriv: «Jeg føler meg derfor trygg på at Porselenskatedralen vil bli en ny turistattraksjon i Porsgrunn. De fleste som besøker byen som turister fra nær og fjern, kjenner Porselensfabrikken og dens produkter, men knapt noen kjenner historien om den nedbrente trekirken.»
«Porselenskatedral», «Skogens katedral», «Nordlyskatedral» heiter dei, men ingen av dei er i røynda domkyrkjer. Heller ikkje Ishavskatedralen. Bygningen heiter som kjent eigenleg Tromsdalen kyrkje.
I fjor vart det opna eit nytt interaktivt nordlyssenter i kjellaren i Nordlyskatedralen. Besøkjer turistane kyrkja av omsyn til Guds ord eller nordlyset? «Heilagdom høver for huset ditt, Herr», heiter det i salme 94.
Kunsthistorikar og porsgrunnsmann Tommy Sørbø, som er ein ivrig kulturgjest i søreuropeiske kyrkjer, meiner Guds ord ikkje er å finne att i bygningane:
– Dei er like åndfulle som eit seminarrom på danskebåten.
– Trist med kopi
Har turistnæringa teke over byggjesaker i Den norske kyrkja? I fjor publiserte Den norske kyrkja saka «Kirke-overraskelser» på nettstaden sin. Nye kyrkjer er ikkje berre interessante som kristne samlingsstader, men dei «tiltrekker seg kulturinteresserte gjester», heiter det.
Vi spør seniorrådgjevar for kyrkjebygg Ove Morten Berge i Den norske kyrkja. Han bur i Sandnes i eit stilreint hus som han sjølv har teikna: «Jeg synes det er trist at folk bygger kopi av 1900-tallshus, sveitserboliger», seier han i eit intervju om bustaden i Stavanger Aftenblad.
– Endå om eg likar moderne arkitektur, tyder ikkje det at eg som kyrkjebyggkonsulent ville ha gått mot ei kyrkje med ein utsjånad som spegla den gamle, så lenge krav og reglar i plan- og bygningslova er oppfylte. Eg kunne gjerne budd i eit autentisk sveitserhus, men ikkje i ein kopi.
– Når det gjeld Østre Porsgrunn kyrkje, ville eg ha vore open for ei ny kyrkje som likna på den gamle. Men no kom det ikkje inn framlegg som spegla rokokkostilen i arkitekturkonkurransen, og som oppfylte krav og reglar.
– Er arkitekturturisme ein medviten politikk frå Den norske kyrkja?
– Nei, det er ikkje ei medviten satsing. Det som er viktig for kyrkja, er gode rammer for kyrkjelyden. Eit godt rom er sjølvsagt eit rom med god funksjon, det er ein heilag stad og eit rom som er «noko meir». Vi legg difor vekt på at rommet òg med sin kunst og arkitektur skal uttrykkje det sakrale. Det trur eg er noko som gjer at kyrkjer får andre utformingar og kvalitetar enn andre typar bygg.
– Men kan det ikkje gå for vidt, som med nordlysshow i Nordlyskatedralen?
– At eit kyrkjebygg er med på å gje identitet til ein stad, er ikkje nytt. Ser vi på kyrkjehistoria og korleis kyrkjene er plasserte, ser vi at Nordlyskatedralen føyer seg inn i ein gamal kyrkjebyggjartradisjon. Når det gjeld å «putte» andre ting inn i kyrkjebygget, er det diskusjonar om det er ein god idé. Det at kyrkja blir ein så stor del av turistnæringa som ein ser i Alta, kan føre til at arbeidet og verdiane til kyrkjelyden kjem i konflikt med næringslivsinteressene. Kyrkjelyden må kanskje vera «tidleg ute» for å bruke lokala sine.
– Usanningar
Aasmund Beier-Fangen, som fylgde prosessen i Porsgrunn nøye, meiner Berge underslår viktige hendingar:
– Arkitekturkonkurransen blokkerte bidrag baserte på rekonstruksjon av den gamle kyrkja, ved å leggje inn ein premiss om at nybygget skulle liggje under eitt tak. Men så fann dei ut etter kvart at Kirkestuen, eit bygg som dei fyrst ikkje ville inkludere i nykyrkja, likevel måtte brukast. Det botna i at «Reis opp» sprengde budsjettet. Dermed vart kravet om «alt under eitt tak» annullert. Prosessen har med andre ord vore styrt av usanningar.
– Men om så er, vil de få ei ny kyrkje som fylgjer tradisjonen etter Ishavskatedralen. Det kan bli ein attraksjon for både nære og fjerne.
– Det går ikkje an å jamføre med Ishavskatedralen, som ikkje var knytt til ein kontroversiell byggjeprosess. «Reis opp» vil heller stå der som eit monument over gravskjemming, arroganse og maktmisbruk.
Eg ringjer leiaren for komiteen for gjenreising av Østre Porsgrunn kyrkje, Knut Kallhovde, som er busett i Danmark. Han kjem med utfyllande informasjon:
– Ein rekonstruksjon av den gamle kyrkja ville på ingen måte ha stått i vegen for arkitekturturisme. No er tomta til Østre Porsgrunn kyrkje sperra med store gjerde og presenningar. Riksantikvaren la vekt på at ei atterreising ville fungere som eit vindauga for norske handverkstradisjonar. Rekonstruksjonen ville såleis bli ein attraksjon alt frå fyrste dag av byggjeprosessen. Slik var det òg då hoffarkitekten til kongen av Danmark-Noreg, Laurids de Thurah, reiste kyrkja i 1760. Folket må få vera med på byggjeprosessen og ta beinveges eigarskap til kyrkja.
Kallhovde avsluttar:
– Vi skal ikkje gløyme at store delar av Noregs mest populære kyrkje, Nidarosdomen, er rein rekonstruksjon, som den mektige vestfronten. Vestfronten vart fyrst ferdigstilt i 1969.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Folket må få vera med på byggjeprosessen og ta beinveges eigarskap til kyrkja.
Knut Kallhovde, aktivist
Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.