Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Haiku i Kollentårnet

Endre Ruset og Bjørn Tomren feirar Kasai med dikt og strupesong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noriaki Kasai i Holmenkollen.

Noriaki Kasai i Holmenkollen.

Foto: Kyrre Lien/NTB scanpix

Noriaki Kasai i Holmenkollen.

Noriaki Kasai i Holmenkollen.

Foto: Kyrre Lien/NTB scanpix

2076
20171201
2076
20171201

HOPPHAIKU

post@rem.no

I fjor fekk den japanske stilhopparen Noriaki Kasai Holmenkollmedaljen. Måndag vert han feira med ei haiku-førestilling i hopptårnet. Til neste år er det 30 år sidan fyrste gong Kasai tok del i verdscupen i skihopping, i Sapporo, i lag med mellom andre Ole Gunnar Fidjestøl – rett utruleg når me veit at 45-årige Kasai framleis er aktiv. Om han kvalifiserer seg til vinter-OL i Sør-Korea neste år, vert det dei åttande vinterleikane hans. I sitt sjuande OL, i Sotsji i 2014, tok han imponerande nok sølv i stor bakke og bronse i laghopp.

– Kjem Kasai til Pyeongchang i februar?

Me spør lyrikaren og Kasai-kjennaren Endre Ruset, som i haust gav ut diktboka Noriaki, ei samling hopphaiku, og som i desse dagar turnerer med ei Noriaki-førestilling, ein dekorert teseremoni, saman med jazzmusikaren Stian Omenås og biletkunstnaren Karin Augusta Nogva. Ferda har gått til Ulvik, Bergen, Molde og Ålesund. Når ho måndag endar i hopptårnet i Holmenkollen, opptrer Ruset saman med musikaren, jodlaren og strupesongaren Bjørn Tomren. Ruset svarar:

– Spørsmålet er ikkje om Noriaki kjem til Pyeongchang, for det gjer han. Om Sapporo får vinterleikane i 2026, vil han enda karrieren der som 53-åring. Spørsmålet er om Petter Northug kjem til Pyeongchang.

Av di hopptårnet berre tek 25 personar, held Ruset og Tomren to førestillingar. Ruset resiterer haiku, ei japansk diktform på tre liner, denne gongen vigd skihopp på tre sekund, medan Tomren bidreg med strupesong frå Tuvalu, ein øynasjon i Stillehavet. Drakta til Noriaki er stilt ut ved inngangen, og haikuboka finn ein i Holmenkollen skimuseum. Båe førestillingane er utselde.

Ruset driv òg Olympiastadion Sportstidsskrift på nett og papir. No skal han førebu seg til vinterleikane i februar. Han fortel:

– Då skal sportstidsskriftet arrangera ein diktkonkurranse. I gamle dagar var jo poesi ei olympisk grein. Det er difor naturleg at me delar ut olympisk gull i poesi i samband med vinterleikane i Sør-Korea.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis