Halv million vandra over Christos bruer
Idyllen vart skipla då 70.000 personar ville gå over dei gylne bruene i Nord-Italia førre måndag.
adfsdafasdf asdasdfasdf asdfasdfasdf
INSTALLSJONSKUNST
ottar@dagogtid.no
Det var altfor mange, og borgarmeisteren på den vesle øya Monte Isola måte be om at bruene vart stengde kvar natt, slik at ein kan få gjennomført naudsynt vedlikehald ute i øyriket. Det har dessutan vorte hevda at byggverket har vorte raskare nedslite enn det ein rekna med.
Det dreiar seg om det siste prosjektet til kunstnaren Christo, og det er kalla «The Floating Piers».
– For første gong kan folk gå på vatnet, har Christo uttalt.
tre kilometer
Det er snakk om tre kilometer med bruer som er dekt av gul?oransje stoff som skiftar farge med dagslyset og fuktigheita – frå gult til raudt. Bruene er laga av 220.000 flytande polyetylen-einingar. Dei strekkjer seg ut over Iseo-sjøen i den nordlege delen av Italia. Der knyter bruene dei to små øyane Monte Isola og San Paolo med om lag to tusen innbyggjarar saman med den vesle landsbyen Sulzano på fastlandet.
Den som vil prøva bruene, må skunda seg, for dei er berre opne i seksten dagar – fram til 3. juli. Då skal bruene takast ned og resirkulerast.
SOM Å GÅ PÅ VATN
Dette er det første storskalaprosjektet til Christo etter at han og kona, Jeanne Claude, installerte «The Gates» i Central Park i New York i 2005. Ho døydde fire år seinare. Her i landet fekk dei mykje merksemd for «Wrapped Reichtag» i Berlin i 1995, men dei har også stått bak «Wrapped Coast» i Australia, «Surrounded Island» i Miami og «Running Fence» i den nordlege delen av California.
– Dei som går over bruene, vil oppleva det som om dei går på vatn eller kanskje på ryggen av ein kval, uttalte Christo opphavleg om vonene for prosjektet.
PROTESTAR
Mange tusen var møtte fram då bruene vart opna 18. juni, men ikkje alle var like nøgde. Den italienske forbrukargrupa Cocacons gjorde det raskt klart at dei ville ha undersøkt kostnadene.
Det har vore gratis å ta seg over bruene, og interessa har vore så stor at for å unngå for mange folk, har lokale styresmakter stogga vitjande på reisa deira mot sjøen. Det førde til at tre tusen personar stranda på togstasjonen i Brescia, melder The Daily Telegraph.
Cocacons hevdar at kostnadene som er relaterte til dei stranda turistane, oppreinsking etter fleire tusen vitjande kvar dag og styrking av helse og tryggleikstenestene har gjort installasjonen for dyr å vedlikehalda.
Dei har kravd å få vita kor mykje av skattebetalarane sine pengar som har vorte brukte på prosjektet. Cocacons viser til at prosjektet har skapt enorm publisitet kring Christo Vladimirov Javacheff, utan å ha vore til særleg nytte for innbyggjarane i området.
Dei som stod bak prosjektet, venta seg totalt ein halv million vitjande i den to veker lange prosjektperioden, men berre på dei første fem dagane kom det 270.000 ivrige som ville gå på bruene.
FINANSIERINGA
Christo har sjølv fortalt at dette er eit prosjekt som han har tenkt på i mange år etter å ha pakka inn den australske kystlina nær Sydney. Han har vist til at leiken mellom ein flytande tilstand og vatnet har vore ein viktig del av arbeidet til ekteparet i mange
år.
Det er kunstnaren som har finansiert prosjektet, og det er slett ikkje billeg. Prisen er 15 millionar euro, eller kring 140 millionar kroner.
Christo har forklart at dei har måtta selja arbeid for å finansiera bruprosjektet, han har vist til at dei heldigvis hadde ei stor samling kunstverk. Han omtalar denne samlinga som ei gullgruve, og at ho tillèt dei å vera frie og uavheng?ige slik at dei har kunna selja verk og realisera prosjektet.
Mellombels
Christo har også forklart at alle prosjekta deira er designa for å vera mellombelse, men det er nokre som er permanente i museum og samlingar. Han synest det finaste med den flytande moloen er å sjå folk som går ingenstad.
– Det er ikkje som å gå i butikken eller for å sjå venene dine. Det handlar verkeleg om å gå ingen stad!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.