Foto: NTB scanpix
Midt i byen
Lenge, altfor lenge var mitt hjerte uten sang.
Men nu bor jeg midt i byen som jeg gjorde før engang,
og mitt hjerte svinger frydefullt ved posthusklokkens klang!
Midt i byen, under taket på en gård av jernbetong.
Fjerne åser, trær og trehus kan jeg vinke til: So long!
Landlig fred er bra for mange. Salig hver på sin fasong.
Her på loftet kan jeg høre byens stemme dag og natt:
bilers brøl og trikkers hvin og unge kvinners lyse skratt.
Godt for mennesket å kjenne at han ikke er forlatt.
–––
Byen, alltid byen, til jeg engang slukner brått
som en svart elektrisk lampe når dens glødetråd er gått.
Får jeg lyse litt i byen, så dens sinn blir mindre grått!
RUDOLF NILSEN

Han tilhøyrer dei unge døde, som Wergeland, Obstfelder, Tor Jonson, Nils Yttri, Tor Ulven. Eg snakkar om Rudolf Nilsen (1901–1929), som døydde av tuberkulose i Paris, Oslo-diktar frå arbeidarklassen, journalist i Norges Kommunistblad, internasjonalist som reiste frå Moskva til Granada, begeistra for Lenin, skeptisk til «bibelen, trælenes bok».
Nilsen gav ut to diktsamlingar, den tredje kom posthumt: På stengrunn (1925), På gjensyn (1926), Hverdagen (1929). Samlede dikt finst i mange utgåver frå 1935 av. Hilsen og håndslag (1974) samlar dikt frå aviser og tidsskrift. Hundreårsutgaven (2001) supplerer med 40 sider «upubliserte dikt». Platealbumet På stengrunn vekte stor oppsikt i 1973, der Lillebjørn Nilsen og andre syng poetens dikt til nyskrivne melodiar.
Rudolf Nilsens politiske syn er klart: «Gi mig de rene og ranke, de faste og sterke menn,/ de som har tolmod og vilje og aldri i livet går hen/ og selger min store tanke, men kjemper til døden for den» lyder opningsstrofa i «Revolusjonens røst». Blant Oslo-dikt er det store «Nr. 13» kanskje hans mest kjende, om fattigfolk som bur kummerleg i ein kjempekaserne: «ja De finner Nr. 13 helst i byers øst og nord». (Heimdalsgata 26, der Rudolf Nilsen budde ei tid.) Huset står enno. Plassen framfor har fått namn etter poeten.
«Jeg hører, som bekjent, til gatens ætt,/ og den er stor», skriv diktaren, som observerer at gatene på vestkanten er mykje breiare enn dei på austkanten. Her kjem eit mindre kjent dikt frå Hverdagen, der han ikkje beklagar seg. Han bur no øvst i hovudpostkontoret i Dronningens gate 21.
Rudolf Nilsen frå Vålerenga, Sofienberg, Rodeløkka var ein fellesskapsmann som også var ein hovudstadssongar, frå Oslo Ø.
JAN ERIK VOLD
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.